Zelenskyj: – Vi er klare for diplomati

1 month ago 22



To og eit halvt år inn i krigen mistar Ukraina stadig terreng i Aust-Ukraina. Presset aukar for ein exit-strategi.

– Planen vår er å styrke Ukraina, til å bli sterke og klare for diplomati. Vi må få ein slutt på krigen på ein rettferdig måte, sa Ukrainas president Volodymyr Zelenskyj i forkant av møtet med EU- og Nato-leiarar i Brussel.

Zelenskyjs såkalla «sigersplan» skal bidra til å tvinge Russland til fred.

«Sigersplan»

Planen, som er leken til fleire medium, går kort sagt ut på at Ukraina omgåande skal få ein invitasjon til å bli med i Nato. I tillegg skal Ukraina få grønt lys til å bruke vestlege langtrekkande rakettar mot mål inne i Russland.

Det tredje punktet i planen handlar om å sikra at Russland ikkje skal angripe Ukraina i framtida. Vestleg land skal bidra til å skremme Russland, ved også kanskje å ha Nato-soldatar ståande på ukrainsk jord.

Det fjerde punktet i planen består i at EU og USA skal sikre Ukrainas naturressursar og kritiske råvarer mot tilgang til det «økonomiske potensialet» til desse ressursane.

Eit siste punkt i planen fokuserer på at Ukraina skal ha ein stor og erfaren hær, som også skal kunne hjelpe andre land.

Utanriksminister Espen Barth Eide seier han er positiv til ein fredsplan.

USA og Tyskland imot

Ukraina sende inn ein Nato-søknad i 2022, men så langt har det rådande synet vore at Nato ikkje kan invitere inn land som er i krig.

Både Tyskland og USA er imot at Ukraina skal bli medlemmer nå fordi dei meiner det trekker Nato inn i ein krig med atommakta Russland.

Natos ferske generalsekretær seier fredsplanen er eit sterkt signal, men Mark Rutte seier tida ikkje er inne for ein Nato-medlemskap nå.

– Eg kan ikkje i dag meisle nøyaktig ut ein veg til medlemskap for Ukraina, men eg er heilt sikker på at Ukraina vil bli med oss i framtida, seier Rutte.

Heller ikkje ønsket om ein «avskrekking-pakke» har så langt noko støtte hos Nato, som skal diskutere Zelenskyjs plane torsdag.

Publisert 17.10.2024, kl. 13.03

Read Entire Article