San Francisco 49ers-spelar Nick Bosa har hamna i søkelyset av utanomsportslege grunnar etter å ha gjennomført eit TV-stunt som presidentkandidat Donald Trump truleg set pris på.
Søndag kuppa NFL-stjerna eit TV-intervju iført Maga-kapsen. Bosa peika på hovudplagget sitt der det stod «Make America great again», noko som kan omsettast til «Gjer Amerika storarta igjen».
Dette er slagordet Trump populariserte under den første presidentvalkampen sin i 2016, og som sidan har markert ei rørsle for veljarane hans.
– Ei viktig tid
Bosa sitt stunt har vekt ei rekke reaksjonar i amerikansk presse og på X, tidlegare Twitter.
27-åringen, som blei kåra til årets forsvarsspelar i NFL i 2022, blei også konfrontert om hendinga på ein pressekonferanse i bakkant. Da hadde han tatt av seg skyggelua og var relativt taus om episoden.
– Eg kjem ikkje til å snakke for mykje om det, men eg meiner vi er i ei viktig tid, sa Bosa.
Neste veke, tysdag 5. november, er det presidentval i USA, der det står mellom Trump (Republikanarane) og Kamala Harris (Demokratane).
I etterkant av pressekonferansen har Bosa lagt ut skjermbilde av TV-stuntet på Instagram.
Strengt regelverk
Om ein skal tru regelverket til NFL, kan Bosa vente seg ei straff for den politiske markeringa si.
– Det er ganske straumlinjeforma i NFL og det er strenge reglar for kva ein kan ha på seg. Dei som finansierer laga vil at det skal dreie seg om idrett og at det ikkje skal skli ut, seier Viaplays NFL-ekspert Arnstein Friling til NRK.
I regelverket står det blant anna at det er forbode for spelarar å ha på seg, vise eller på nokon måte formidle personlege meiningar så lenge dei er iførte uniform og er synlege for tilskodarar eller TV-sjåarar.
NFL trekker blant anna fram intervju på banen etter kamp som stader der dette er forbode.
Det einaste unntaket NFL opnar for, er dersom dette er godkjent frå ligaen på førehand. Dei skriv at ei slik godkjenning ikkje vil bli gitt om det er relatert til politikk.
Friling påpeikar at det er ganske uvanleg å sjå spelarar som har med slike ting som det Bosa hadde med.
– Dårleg butikk
USA-ekspert og professor i statsvitskap ved Høgskulen på Vestlandet, Hilmar Mjelde, trur ikkje sjølve støtta til Bosa får særleg påverking på det kommande valet.
– A-kjendisane frå underhaldningsverda og idretten støttar som regel Demokratane, men Donald Trump og Elon Musk er jo sjølv megakjendisar som nok nullar ut støtta frå Taylor Swift og LeBron James til Demokratane, skriv han i ein e-post til NRK.
Mjelde meiner idrettsutøvarar som regel ikkje ønske å uttale seg om politikk, i frykt for å støyte bort fansen.
– Det har bokstaveleg talt blitt sett som dårleg butikk. Som Michael Jordan sa: «republikanarar kjøper basketballsko dei også», skriv han.
Han held fram:
– Det er også litt uvanleg med idrettsutøvarar som gir uttrykk for konservative meiningar. Men eit definerande kjenneteikn ved Trump-tilhengarar er jo at dei ser seg sjølve som uredde og fritalande og gjer eit poeng ut av å vere provoserande, meiner han.
– Får nok ei klekkeleg bot
Bosa speler som nemnt for San Francisco 49ers i California. Staten har som sterk tradisjon å velje demokratiske presidentkandidatar under val, og Bosas bodskap er neppe populær hjå alle rundt klubben.
– Han visste nok at det ville ha ein sjokkeffekt og at han ville få kjeft. Han får nok ei klekkeleg bot, men desse spelarane har jo nok av pengar, seier Friling.
– Det blir kontroversar, spesielt om noko som er så djupt splittande. Frontane er steile, og det er klart det blir reaksjonar, fortset han.
NFL har i skrivande stund ikkje kommentert Bosas opptreden. NBC – som sende kampen på TV i USA – skriv at dei har spurt ligaen om spelaren braut regelen, men at dei ikkje har fått svar. NRK har også prøvd å komme i kontakt med NFL, men har ikkje lykkast.
Har støtta Trump i ei årrekke
Bosa si støtte for Trump er ikkje ukjent.
Den amerikanske fotballspelaren har blant anna blitt observert på UFC-stemne saman med den republikanske presidentkandidaten i Miami i vår.
I eit intervju med ESPN i 2019 fortalde han også at han såg seg nøydd til å rydde i X-profilen sin, før han blei vald som nummer to i draften av San Francisco 49ers.
På X hadde han tidlegare blant anna hylla Trump og han skal ha kalla tidlegare 49ers-spelar Colin Kaepernick ein klovn.
Sistnemnde valde å knele under nasjonalsongen i 2016, noko som fekk Trump til å fyre på alle pluggar.
– Ville ikkje de elska å sjå ein av desse NFL-eigarane, når flagget vårt ikkje blir respektert, si: «Få den dritsekken av banen nå. Ut! Han har sparken. Han har sparken!», sa den daverande amerikanske presidenten da det storma som mest i 2017.
Sendte Bergen til himmels med dette langskuddet 00:31
Publisert 30.10.2024, kl. 06.09