Yacht­forliset i Italia: Opnar draps­etter­forsking

1 month ago 22



22 personar var ombord luksusyachten «Bayesian» då eit uvêr trefte utanfor Sicilia mandag denne veka.

15 personar blei redda i land, medan sju omkom. Blant dei sju er teknologigründaren Mike Lynch (59) og den 18 år gamle dottera hans Hannah.

Hannah Lynch blei funne av dykkarar på fredag, og var den siste sakna personen etter forliset.

Redningsmannskap lastar den siste sakna personen, som blei funnen omkommen fredag, i land.

Redningsmannskap lastar den siste omkomne, som blei funnen fredag, i land ved hamna i Palermo.

Foto: ALESSANDRO FUCARINI / AFP

Laurdag seier italienske påtalestyresmakter at dei opnar for drapsetterforsking av forliset. Pressekonferansen der dei informerer om hendinga, pågår no.

Etterforskinga er på eit tidleg stadium og er ikkje retta mot ein enkeltperson, seier representant for påtalestyresmaktene i byen Termini Imerese, Ambrogio Cortasio.

Men han stadfestar at ein eller fleire individ kan bli sikta.

– Kapteinen og båtmannskapet er ikkje pålagde å bli på Sicilia under etterforskinga, sa han, men la til at han håper at dei kan vere «tilgjengelege for vidare spørsmål».

Passasjerane kom seg ikkje til livbåt

Yachten skal ha sunke akterut først, for så å rulle over på høgresida, forklarar Bentivoglio Fiandra, brannsjef i Palermo. Han er med i dykkarane sitt redningsteam.

Passasjerane ombord i båten skal då ha samla seg på venstre side av båten, der dei siste luftlommene var medan båten sank.

Redningsmannskapen fann fem omkomne i same kabin på venstre side, og ein i ein annan kabin på venstresida.

Palermos brannsjef Girolamo Bentivoglio Fiandra snakkar pressekonferanse.

Brannsjef i Palermo, Girolamo Bentivoglio Fiandra, på pressekonferansen no.

Foto: Louiza Vradi / Reuters

Etter at brannmannskap, kystvakta, politiet og riksadvokaten hadde informert, fekk journalistar stille spørsmål om saka.

Første spørsmål gjekk på korleis mannskapen på yachten greidde å kome seg ombord i ein livbåt, og ikkje passasjerane.

– Ulukka skjedde «svært brått» og etterforskinga skal sjå nærmare på dette. Det er alt eg kan seie for augneblinken, var svaret.

Båten ligg framleis på botnen

Når yachten kan bli henta opp frå havets botn, kan ikkje Raffaele Macauda, nestleiar for kystvakta i Palermo, svare sikkert på.

Ved spørsmål frå journalistar seier han at det kjem an på fleire faktorar, sjølv om eigaren av båten har uttrykt interesse for å få båten tilbake igjen.

– Vi er mellom anna nøydde til å tømme tankane til båten, slik at vi unngår frislepp av miljøgiftar, seier han.

Publisert 24.08.2024, kl. 11.05 Oppdatert 24.08.2024, kl. 11.29

Read Entire Article