Orkanen «Milton» er venta å treffe kysten av Florida torsdag morgen norsk tid.
Tysdag oppfordra USAs president Joe Biden folk til å følge evakueringsordren frå styresmaktene.
– Dette kan bli det verste uvêret som rammar Florida på over 100 år. Om Gud vil, blir det ikkje det, men det ser sånn ut akkurat nå, sa han.
Mange av innbyggarane i delstaten søraust i landet fekk panikk. I millionbyen Tampa stod bilar i kø for å hente sandsekkar på ein idrettsarena, som dei skulle bruke til å beskytte heimane sine.
– Veldig kaotisk og stressande
Blant dei som no evakuerer heimen sin er moværingen Marit Hansen Mouchou. Ho bur og jobbar på den flate og utsette øya Sanibel på sørvestkysten av Florida. Tysdag ettermiddag lokal tid evakuerte ho feriebyen med nokre tusen innbyggarar utanfor turistsesongen innover i landet til Fort Myers
Når NRK ringer Mouchou tysdag ettermiddag lokal tid er ho i ferd med å evakuere.
– Det er veldig kaotisk og stressande, seier ho.
Medan orkanen herjar skal ho bu i huset til broren til ein ven med ni andre menneske, fire hundar og ein fugl, fortel ho når ho er framme i huset.
– No har eg parkert bilen, pakka ut av kofferten, fått ei seng og opna den beste flaska med vin eg har, seier Mouchou.
Vurderer å flytte på grunn av orkanar
Øya ho bur på skulle vere evakuert innan klokka 22 tysdag lokal tid. Det er ei såkalla påboden evakuering, som medfører at dei som vel å bli på øya må klare seg sjølve. Utan hjelp frå politi, brannvesen eller helsepersonell.
– Vi er vane med dette. Har gjort det vi kunne. No er det berre å ri av stormen. Det verkar som om orkanen treffer Tampa-området nord for oss. Og då får vi ikkje orkanvindane. Men vi kan framleis få «storm surge». Det var det også under «Ian» i 2022. Då steig havet så mykje at folk drukna i heimane sine.
Mouchou har vore gjennom fleire store orkanar medan ho har budd i USA sidan 1999. Då ein orkan råka heimen hennar i september 2022 mista Mouchou mykje av det ho eigde.
– Vi er litt nervevrak heile gjengen etter den opplevinga.
Ho vurderer å flytte frå øya på grunn av dei mange orkanane.
– Eg kan ikkje halde fram å evakuere slik år etter år. Øya eg bur på er framleis under oppbygging etter «Ian», seier Marit Hansen Mouchou.
Stille før stormen
Henrik Solvorn Fjeldsbø frå Høyanger evakuerer også vestkysten av Florida no.
Med bil frå byen Clearwater der kona hans Lindsay leiger eit hus saman med mora og sonen hennar.
– Akkurat no er det som ordtaket seier, stille før stormen, sa høyangringen til NRK før familien la i veg tysdag ettermiddag norsk tid.
Då han planla å ta med dottera frå Høyanger til Florida, var det med solsteik og strandliv i sikte. Men vêrmeldinga endra seg raskt.
– Ved avreise på laurdag var det antydningar til at ein storm kunne utvikle seg. Då vi kom hit søndag morgon var det klart at det ville bli orkan og at den ville treffe Florida.
Men folk førebur seg. Dei pakkar bilane sine og prøver å kome seg unna så godt dei kan, fortel han.
– Som vestlending er ein vane med hardt vêr, særleg haust og vinter. Men det dei melder her no, det er litt utanfor fatteevna, seier Fjeldsbø.
Det er berre ei veke sidan orkanen «Helene» råka Florida. Den har sett tydelege spor etter seg, seier Fjeldsbø.
– På Clearwater Beach og strendene nedover er butikkar knuste, hus er knuste. Det ligg vrakrestar overalt, seier han.
Det kan føre til ekstra store øydeleggingar frå «Milton», trur Fjeldsbø.
– Det vil vere masse prosjektil som kan penetrere hus og bilar. Derfor trur eg folk stressar ekstra med å komme seg vekk, seier han.
Hamstrar
Fjeldsbø trur det viktigaste er å prøve å bevare roa, ikkje få panikk, vere gode i førebuingane og ha fokus på å komme seg vekk.
– Utover søndagen og måndagen har folk hamstra. Dei har sikra verdiar, eigedom, bilar. Ein ser òg at folk har evakuert i stor stil. Seinast i går hadde vi vener her borte som skulle fylle bensin på bilen sin for å gjere seg klare til evakuering. Dei var innom sju bensinstasjonar før dei endeleg fekk tak i drivstoff, seier sogningen.
Når uvêret er over, forhåpentleg torsdag eller fredag, tenkjer høyangringen og følgjet hans å reise tilbake for å sjå til at alt er i orden og gjere klart til ein normal kvardag igjen.
– Spørsmålet blir jo, har eg straum når eg kjem tilbake, har eg vatn? Vil det vere kloakksystem som er velfungerande, og ikkje minst, vil huset stå?
Kraftige orkaner
Global oppvarming vil høyst sannsynlig føre til at de tropiske orkanene blir kraftigere, ifølge FNs klimapanel.
Årsaken er at havet er varmere enn før.
Nye områder kan bli utsatt for rester av tropiske orkaner.
Om det totale antallet orkaner endrer seg, er usikkert. Sannsynligvis blir det like mange eller færre.
Sveip for å se hvordan en orkan oppstår.
AFP
En orkan blir til
Se for deg en havtemperatur på over 26-27 grader.
Vannet fordamper og den varme luften stiger. Luften inneholder mye fuktighet.
Høyt oppe blir luften kaldere, fuktigheten blir vanskelig å holde på og det frigjøres mye energi.
Er vindstyrken på mer enn 32,6 m/s kaller vi det en orkan.
AFP
Store ødeleggelser
I en tropisk orkan fører den kraftige vinden og de enorme nedbørsmengdene til store ødeleggelser.
Også stormflo og stormbølger er en fryktet konsekvens av orkanen.
Allerede nå fører økt havnivå til at både bølger og flo når lengre innover land.
Kraftigere og mer intense orkaner vil føre til mer omfattende skader.
AP
Framtiden
Det amerikanske meteorologi-instituttet (NOAA) mener det kan oppstå ekstra mange kraftige orkaner i Atlanterhavet i år.
Innbyggere i orkanutsatte områder må trolig venne seg til både tidligere og kraftigere orkaner, ifølge klimaforskere.
Orkaner er også kjent som sykloner og tyfoner i andre farvann.
AP
En skala
Orkaner kategoriseres etter vindstyrken, der tallene 1-5 benyttes.
Skalaen heter Saffir-Simpson.
Det er kategori 4 og 5 vi vil se mer av i fremtiden.
Enkelte forskere har foreslått at skalaen bør gå til 6, for å gi mer rom for orkaner som vokser i størrelse og styrke.
– Reis eller døy
«Milton» råkar Florida mindre enn to veker etter at orkanen Helene tok over 200 liv der og i andre delstatar.
President Joe Biden har godkjent ei rekkje krisetiltak, og han ber også flyselskapa om å bidra til at menneske kan bli evakuerte utan å auke prisane.
Floridas guvernør Ron Santis heldt tysdag ein pressekonferanse der han ramsa opp alle stadane som står i fare for å bli råka.
Ordføraren i Tampa, Jane Castor, gav også klar beskjed om at uvêret kan bli katastrofalt. Byen, som har 3 millionar innbyggjarar, vart hardt råka av orkanen i slutten av september.
– Helene var ei vekkar. Dette er bokstaveleg tala katastrofalt. Eg kan seie utan noko som helst overdriving: Dersom de vel å bli verande i eit av dei evakuerte områda, kjem de til å døy, sa ho i eit intervju med CNN tysdag.
Publisert 08.10.2024, kl. 22.57 Oppdatert 09.10.2024, kl. 00.41