Vil ta nye grep om matkjedene ikkje droppar prisjegerar

1 month ago 23



Dei tre store aktørane i daglegvarebransjen – Kiwi-eigar Norgesgruppen, Rema og Coop – fekk tidlegare denne veka milliardgebyr, etter å ha drive med ulovleg prissamarbeid.

Det er korleis, kor raskt og kor ofte dei tre har samarbeida om å dele kvarandre sine prisar på gjennom såkalla prisjegerar, tilsynet reagerer på.

Må slutte med det same

Sjølv om alle tre fekk pålegg om å slutte med dette med det same dei fekk vedtaket onsdag, var Kiwi-eigar Norgesgruppen tidleg ute og sa at dei nekta det.

– Dei kan ikkje ha eit samarbeid om å tillate kvarandre sine prisjegerar på den måten vi har beskrive i vedtaket. Det gjeld frå den dagen vedtaket er fatta, seier konkurransedirektør Tina Søreide til NRK, og viser til paragraf 12 i konkurranselova.

– Vi har brei myndigheit til å formulere kva som skal til for å få eit konkurranseproblem til å opphøyre.

Konkurransetilsynet orienterer om etterforsningssak

Frå venstre Kommunikasjonsdirektør Margrethe Gudbrandsen, konkurransedirektør Tina Søreide og Magnus Reitan i Konkurransetilsynet la onsdag fram sine funn og si avgjerd i etterforskinga mot daglegvarebransjen.

Foto: Thomas Fure / NTB

Kan bety nye gebyr

– Men dei tre aktørane har sagt seg usamde i vedtaket og seier dei vil anke. Må dei likevel slutte med dette med det same?

– Det er bedriftene sitt ansvar å finne ut av korleis dei skal etterleve denne avgjerda. Vår erfaring er at næringslivet høyrer på kva vi seier, og kjem oss i møte når det er snakk om pålegg om opphøyr, så vil vi normalt sjå at det har effekt.

– Norgesgruppen seier dei ikkje vil slutte. Kva tenker du om det?

– Eg har ikkje behov for å spekulere så veldig mykje rundt det no. Når dei ser på vedtaket, finn dei kanskje ut at dette er eit problem dei vil ta på alvor. Så får vi eventuelt ta problemet når det kjem, seier Søreide.

Dersom dei ikkje sluttar med bruken av prisjeger-praksisen, slik det er beskrive i vedtaket, kan det bety nytt brot på lova. Det kan i ytste konsekvens føre til at Konkurransetilsynet vil opprette ei ny sak som kan ende i ytterlegare gebyr, etter det NRK forstår.

Har ikkje meir å tilføye

Kommunikasjonsdirektør i Norgesgruppen, Stein Rømmerud, står fast på at dei vil fortsette å bruke prisjegerar.

Skal vi konkurrere om å ha dei lågaste prisane må vi vite kva prisane i marknaden er, seier Rømmerud.

Norgesgruppen har vore klare på at dei ikkje har brote lova, og har klaga inn vedtaket frå tilsynet til Konkurranseklagenemnda.

Publisert 23.08.2024, kl. 16.49

Read Entire Article