Vil ha tryggare system mot overgriparar

1 month ago 16



– Eg synest det er merkeleg at ein kan ha ein politiattest nærast på livstid, seier Rachel Johansen, rektor ved Hegra ungdomsskule i Stjørdal.

Politiattestar, også kalla vandelsattestar, skal verne elevar i norske skular mot overgriparar.

Rektor Rachel Johansen ved Hegra ungdomsskole i Stjørdal.

Rachel Johansen, rektor ved Hegra ungdomsskule i Stjørdal.

Foto: Ane-Idun Voll

I dag kan ingen tilsettast i skulen utan å ha levert ein slik attest. Når ein person først er tilsett kan ikkje rektor be om fornying av attesten, så lenge personen jobbar i same stilling.

NRK har spurt rektorane ved grunnskulane i landet om korleis dei synest systemet fungerer. Halvparten av dei som svarte ønsker seg eit system der politiattestar blir jamleg fornya.

– Som rektor kjenner eg meg ikkje trygg på at eg får vite om det dersom ein tilsett her på skolen gjer seg skuldig i lovbrot som ville hamna på ein politiattest, seier Rachel Johansen, og held fram:

– Eg synest eg som arbeidsgivar burde få vite det allereie i det ein tilsett er mistenkt for noko. Spesielt i sedskapssaker, men også når det handlar om for eksempel narkotika og vald. I slike saker synest eg tryggleiken for barna bør gå føre personvernet til dei tilsette.

For lenge å vente

Det finst eit unntak frå regelen: Om det oppstår mistanke om at ein tilsett har gjort seg skuldig i lovbrot, kan rektor be om ny attest.

Det er ikkje bra nok, synest rektor Lars Ottar Svensen ved Føynland skole i Færder

Rektor Lars Ottar Svensen ved Føynland skole i Færder.

Rektor Lars Ottar Svensen ved Føynland skole

Foto: Kristi Katrine Abusdal

– Eg har jobba her sidan 2011 og har aldri blitt bede om å levere nokon ny attest. Som rektor ville eg kjent det tryggare om eg fekk fornya attest på mine tilsette med jamne mellomrom utan at eg nødvendigvis måtte ha mistanke om noko gale.

I kvardagen er det likevel først og fremst rundt tilkallingsvikarar Svensen synest systemet ikkje fungerer bra nok.

– Dei treng vi gjerne på dagen, men ofte må vi vente opp til eit par veker på at politiattesten skal komme. Det burde vere mogleg å automatisere dette meir. For eksempel ha ein i kommunen som er klarert for å kunne gå inn i eit system og sjekke på dagen.

Ein halv million attestar

Kvart år blir behandla rundt 500.000 søknader om politiattest. Det skjer ved Politiets eining for vandelskontroll og politiattestar i Vardø.

– Slik lovverket er i dag er det ikkje mogleg med eit system der arbeidsgivar kan logge seg inn og sjekke opplysningar om ein tilsett, seier avsnittsleiar Alexander Gulliksen Johansen.

Slik kan en politiattest se ut.

Foto: Patrick da Silva Sæther / NRK

Han forklarer at politiattestar i røynda er eit unntak frå teieplikta. Difor må den attesten gjeld, sjølv be om han og ta imot han, slik at vedkommande sjølv kan avgjere om han eller ho vil vise henne til andre.

Ifølge Gulliksen Johansen er jamleg fornying av politiattestar mogleg å få til. Det er opp til lovgivarane å bestemme.

– Vi utfører dei oppdraga vi blir tildelte, men i dag er vi 28 tilsette og 25 av oss jobbar med å behandle politiattestar. Kvar tilsett behandlar i snitt 20.000 attestar i året. Skal vi behandle fleire må kapasiteten vår aukast deretter.

Av dei 500 000 attestane som blir ferda ut kvart år er rundt 60.000 knytt til skular, fortel Alexander Gulliksen Johansen. Han forstår at ei saksbehandlingstid på inntil 14 dagar kan vere lenge for ein skule som treng ein vikar raskt.

– Vi jobbar alltid med å effektivisere prosessane våre, men med det lovverket vi har må delar av jobben gjerast manuelt. For å vareta personvern og rettstryggleik for søkarane er politiet nøydd til å gjere individuelle vurderingar i kvar sak.

Ser på ordninga

Justis- og beredskapsdepartementet opplyser at dei har sett i gang eit arbeid med å vurdere kva endringar som bør gjerast i systemet rundt politiattestar.

– Ein av tinga vi ser på er nettopp om det bør vere ei ordning for fornyingar av attestar, seier statssekretær Sigve Bolstad.

Sigve Bolstad

Sigve Bolstad er statssekretær i Justis- og beredskapsdepartementet.

Foto: Hallgeir Braastad / NRK

Han oppfordrar rektorar til å ha låg terskel for å bruke moglegheita som allereie finst i dagens ordning, nemleg å be om fornya vandelsattest dersom dei mistenker at noko er gale.

– Den moglegheita finst og det er viktig at skolane bruker den. Ein politiattest vil alltid vere eit augeblinksbilde av registrerte opplysningar og kan aldri gi nokon garanti mot uønskte hendingar i framtida, seier Sigve Bolstad.

Statssekretær Synnøve Mjeldheim Skaar i Kunnskapsdepartementet er opptatt av at politiattestane ikkje må bli ei kvilepute.

Synnøve Mjeldheim Skaar (Ap) er statssekretær i kunnskapsdepartementet.

Statssekretær Synnøve Mjeldheim Skaar i Kunnskapsdepartementet ber skulane være årvåkne sjølv om tilsette har levert politiattest.

Foto: Kristine Urke Johansen / NRK

– Skulane må vere årvakne og sørge for gode rutinar for å følge opp faresignal eller hendingar som involverer tilsette.

Ho forstår at det kan vere vanskeleg å ta opp bekymringar om at ein kollega har gjort seg skuldig i overgrep.

– Derfor er det laga ein rettleiar som skal støtte leiarar i skulen i korleis dei følger opp ei bekymring, seier Synnøve Mjeldheim Skaar.

Fra undersøkelsen:

«Det er trolig mørketall i Norge, knyttet til ansatte som ville fått merknader i politiattesten ved eventuell ny-attestering. Derfor er det kanskje en god ide å måtte få ny attest f.eks. hvert femte år, selv om dette medfører mye byråkrati.»

Fra undersøkelsen:

«Innhenting av politiattest er tungvint. Burde vært et digitalt system/database»

Fra undersøkelsen:

«Det er ingen krav om å fremvise politiattest fra opphold i utlandet. Når vi ansetter utenlandske lærere som nettopp er ankommet Norge fra utlandet, har norsk politiattest ingen verdi fordi den kun inneholder opplysninger om lovbrudd i Norge.»

Fra undersøkelsen:

«Jeg ønsker meg generelt kortere behandlingstid på politiattester. Det reduserer risikoen for at noen blir satt i arbeid før politiattesten er på plass.»

Fra undersøkelsen:

«Skulle ønske at det på ein enklare måte ble klar over kva politiet sjekker ut når dei gir ein attest og seier at denne personen er ok. Det er opplista mange paragrafar, men litt trøstesløst å gå igjennom alle dei for å sjekke ut om det eller det forholdet er sjekka ut i høve attest.»

Publisert 30.08.2024, kl. 17.47

Read Entire Article