– Det kan irritere meg at barna ikkje fekk mitt etternamn til slutt

2 hours ago 3



Som mor til tre døtrer var det viktig for Live Nelvik å ikkje utslette sitt eiget etternamn.

– Ungane våre har etternamna frå oss begge, men mitt er i midten, fortel ho.

I rause augneblinkar, unner ho mannen det, sidan ungane har vore inne i ho i 9 månader.

Han har ikkje livmor, så derfor fekk han det siste etternamnet, slår Live fast.

Men viss ungane skal skunde seg, brukar dei berre Sagen, namnet etter faren.

– Da kan det irritere meg at barna ikkje fekk mitt etternamn til slutt, kjem det kjap frå Live.

Før ho smiler att, og fortel om ein revansj.

– Eg tek ein stille hemn når eg bestiller merkelappar til kleda deira. Der heiter dei berre Nelvik!

Ei fersk undersøking frå Norstat for NRK viser at 23 % av oss vel far sitt etternamn for barna. Berre 2 % føretrekker mor sitt.

Trenden med bindestrek veks, men far sitt namn står framleis sterkt, òg blant unge.

Fellesskap versus identitet?

Ei som valde å byte namn da ho gifta seg, er Guro Helene. Ho og mannen Simen heiter no berre Bondevik.

– Eg har vakse opp med eitt etternamn, og eg har alltid likt at heile familien min heiter det same, seier Guro Helene. Ho ville vidareføre tradisjonen.

En mann og en kvinne danser. De er kledt i bryllupsklær.

– Eg elskar at vi har det same etternamnet. Det understrekar kjensla av at vi har vald kvarandre, fortel Guro Helene.

Foto: privat

Men i byrjinga var kjenslene blanda.

– Det var litt trist å gje slepp på den delen av meg sjølv som fortel kor eg kjem frå, fortel ho. Men angre gjer ho ikkje.

Da Live Nelvik gifta seg, var ikkje byte av etternamn ein gong oppe til vurdering.

Eg synest ikkje det er så romantisk å slette halve identiteten sin, slår ho fast.

Live Nelvik sitter på en stein utenfor NRK Marienlyst.

– Eg valde å halde fram med å heite namnet mitt, sidan det er det eg heiter, seier Live Nelvik som jobbar som programleiar i NRK.

Foto: Robert Rønning / NRK

Så kjem ho på noko, og ler litt, før ho held fram.

– Men så er eg heller ikkje så god på romantikk. Eg gløymer til dømes alltid bryllaupsdagen vår!

Er det eit problem at vi ikkje tenkjer likestilling når vi vel etternamn?

Alt har ei byrjing. Og skikken med mannen sitt etternamn starta med ei lov.

Lova som vart ein tradisjon

I gamle dagar var det vanleg å ta etternamn etter garden du budde på. Etternamna fungerte som adresser.

Men staten sleit med å vite kven som var kven.

Problema hopa seg opp for dei som styrte landet.

Løysinga kom med ei lov i 1923. Lova sa at kvinner måtte ta ektemannen sitt etternamn når dei gifta seg. Og at menn måtte halde på sitt.

Først i 1979 likestilte lova val av etternamn.

Så kvifor har det ikkje skjedd meir?

Menn vil ikkje byte etternamn

Kulturvitar Line Førre Grønstad har forska på etternamn. Ho peiker på tre årsaker.

– Ein viktig grunn er at likestillingskampen har handla om meir praktiske ting. Som lik rett til å jobbe, og organisere heim og ungar.

Line Førre Grønstad

– Da fødselsnummera vart innført i 1964, fekk etternamn eigentleg berre symbolsk tyding, fortel kulturvitar Line Førre Grønstad som har forska på etternamn.

Foto: Privat

Ein annan årsak er at mange menn ikkje finn det naturleg å endre namnet sitt. Dei er ikkje vande med at andre menn gjer det, ifølge forskaren.

Den tredje grunnen handlar om kvifor kvinner i større grad enn menn endrar etternamn.

– Kvinner ser ut til å ta eit større ansvar for å signalisere eit fellesskap i kjernefamilien, fortel Line Førre Grønstad.

Likevel – mangfaldet i val av etternamn aukar.

Estetikk og romantikk

At nordmenn òg er gutar som er glad i gutar, vart det ikkje tatt omsyn til, da lova om etternamn vart laga i 1923.

Espen Bråten Kristoffersen og kjærasten gjennom åtte år, Sindre Fløistad, leiker med tanken om eit felles etternamn.

Dei er ikkje gift, ikkje enno. Men begge synest det er romantisk. Å heite det same.

– Vi skaper jo ein identitet i lag da, seier Espen.

Espen og Sindre

– Det jo ein hyllest til kjærleiken, å ville heite det same! Det er dei samde om, sambuarparet Espen Bråten Kristoffersen og Sindre Fløistad.

Foto: Robert Rønning / NRK

Sikre er dei likevel ikkje. Begge er skodespelarar. Det kan vere sårbart å endre eit namn som ein lever av.

Men om dei vel å skifte, blir plasseringa av etternamna ei nøtt for dei og. Eller?

– Eg trur det hadde blitt Bråten Fløistad eg, seier Espen før han fortel årsaka:

Den estetisk finaste rekkefølgja.

Men nokon vel å tenkje heilt nytt, samstundes som dei følgjer ein eldgamal tradisjon.

Eit nytt etternamn for begge

Da Nina og Jon Kristian og gifta seg i 2022 ville også dei berre ha eitt etternamn.

Løysinga vart å droppe etternamna etter fedrane sine. I staden tok dei namnet på garden dei bur på.

Nina og Jon Kristian Jonsonhaugen

Da Nina gifta seg med Jon Kristian, brukte ho brudekjolen etter Gunveig Jonsonhaugen, Jon Kristian si mormor som han var så glad i.

Foto: Joakim Mangen

Solbakken og Halden måtte vike for Jonsonhaugen.

Det vart ein felles prosess, at vi begge endra etternamn, fortel Nina Jonsonhaugen.

Publisert 10.10.2024, kl. 11.19 Oppdatert 10.10.2024, kl. 11.20

Read Entire Article