Kjelder til NRK: Israel har skote mot FN-styrkar i Libanon

1 month ago 25



Ei kjelde i FNs fredsbevarande styrke i Libanon (UNIFIL) stadfester overfor NRK at basen deira sør i Libanon har blitt skoten mot av israelske styrkar.

Israelske styrkar skal ha opna eld mot UNIFILs hovudkvarter i Libanon tre gonger i løpet av eitt døgn, ifølge ei ikkje namngitt kjelde til Reuters.

Reuters skriv vidare at Israel med viten og vilje skal ha skote mot, og øydelagd, overvakingskamera på basen.

Ifølge kjelda NRK har snakka med, blei det mellom anna skote mot eit vakttårn på basen. Det same seier kjelder til Al Jazeera og Reuters.

Det israelske forsvaret (IDF) har ikkje svart på NRKs spørsmål om påstandane.

base i ein ås

UNIFILs base i den vesle byen Naqoura sør i Libanon. Biletet er frå oktober i fjor.

Foto: AFP

Det skal ha skjedd rett nord for grensa til Israel, ved UNIFILs hovudkvarter sør i Libanon, i Naqoura.

To skal vere lettare skadde, ifølge ei kjelde i UNIFIL til Al Jazeera. Reuters skriv at to personar er frakta til sjukehus.

Førre veke uttrykte UNIFIL stor bekymring rundt Israels militære operasjonar sør i Libanon.

FNs fredsbevarande styrkar i Libanon har hovudkvarter i Naqoura, heilt sør i Libanon.

Vore i Libanon sidan 1978

Førre veke sa UNIFIL i ei fråsegn at Israel hadde bedt dei om å flytte på styrkane sine. UNIFIL responderte med at dei ikkje ville etterfølge kravet.

Den fredsbevarande styrka blei oppretta av Sikkerheitsrådet i 1978, som følge av Israels invasjon av Sør-Libanon same år.

Formålet var å sikre at Israel trekte seg ut av området, og å hjelpe Libanon med å få gjenopprette kontrollen av området.

Israel trekte seg ikkje ut av området før 22 år seinare, i år 2000.

På grunn av uro ved grensa bestemte UNIFIL seg for å bli verande for å patruljere grensa mellom dei to landa, og for tilby støtte til dei sivile innbyggarane i grensebyane.

Publisert 10.10.2024, kl. 13.25 Oppdatert 10.10.2024, kl. 13.59

Read Entire Article