Vil byte fylke: Skulesaka «fekk begeret til å renne over»

2 hours ago 3



– Vi er heilt sør i eit enormt fylke. Vi føler oss ofte oversett, seier Jeppe Arnesen, gruppeleiar for Sør-Odal Venstre.

Lenge har dei meint at Sør-Odal er best tent med å vere del av Akershus.

Etter at fylkestinget i Innlandet nyleg vedtok å leggje ned den vidaregåande skulen i kommunen, seier han at dette vart enno meir aktuelt.

– Det fekk begeret til å renne over.

– Begeret rant over

Totalt vart to vidaregåande skuler og fire skulestadar vedtatt nedlagt.

Blant desse var Skarnes vidaregåande skule, som ligg i Sør-Odal kommune.

Fleire i kommunestyret meiner dei no har enno større grunn til å sjå mot Akershus.

– Vi er ein kommune i vekst, vi har auka tilflytting, og blant unge. Når dei no legg ned den vidaregåande skulen på Skarnes, tenkjer vi at vi ikkje er ein aktuell del av Innlandet, seier Anne-Mette Øvrum, gruppeleiar og tidlegare ordførar for Høgre.

– Eg opplev at det er ein stor einigheit om at dette var dropen som fekk begeret til å renne over hos oss i Sør-Odal.

Østgaard og Øvrum

Anne-Mette Øvrum, gruppeleiar for Sør-Odal Høgre, meiner at nedlegging av Skarnes vgs. gjorde det enno mer aktuelt å diskutere fylkesbyte.

Foto: Ann-Kristin Mo / NRK

Har søkt tidlegare

Samstundes er Øvrum klar på at dette har vore oppe til diskusjon tidlegare òg. Seinast i 2018 søkte Sør-Odal om å bli del av dåverande Viken fylke, men fekk nei av Stortinget.

– Vi i Sør-Odal Høgre har i fleire år vore tydelege på at vi ynskjer tilhøyrsle i Akershus. Dei siste ti åra har vi rekna oss som ein del av Oslo-regionen, seier Øvrum.

Både ho og Arnesen (V) peiker på at mange arbeidstakarar pendlar sørover til Akershus.

– Med tanke på pendling og arbeid er det heilt tydeleg at vi er tilknytt Akershus og Oslo-området i mykje større grad enn vi er til Innlandet, seier Jeppe Arnesen.

Jesper Arnesen fra Sør-Odal er innstilt som toppkandidat til stortingslista for Venstre i Hedmark av partiets nominasjonskomite.

Jeppe Arnesen, gruppeleiar for Sør-Odal Venste, meiner at det er mange grunnar til at Sør-Odal burde høyre til Akershus. Han meiner mellom anna at fylkesvegane i deira område ikkje blir prioritert.

Foto: Andreas Asphaug

– Blir ikkje sett eller høyrd

Ordførar i Sør-Odal kommune, Knut Hvithammer (Ap), seier at det vil bli ei runde på dette i kommunestyret.

– Eg hellar den vegen eg òg, men det skal ikkje gjerast i affekt no. Det er mange positive argument for det, men det skal gjerast ein grundig prosess, sier han, og peiker på at saka òg har vore oppe før.

Thomas Monsen, leiar i Sør-Odal Arbeiderparti, nemnar òg at saka har vore på tungespissen til fleire politikarar lenge.

– Men Innlandet fylkeskommune og Innlandet Arbeiderparti har sett denne saka på dagsorden for oss no, seier Thomas Monsen.

Leder i Sør-Odal Arbeiderparti, Thomas Monsen

Thomas Monsen, leiar i Sør-Odal Ap, er skuffa over måten skulesaka har vorte handtert.

Foto: Birgitte M. Linden

– Vi er skuffa over prosessen og over at Arbeidarpartiet ikkje lyttar til grasrota i partiet.

– Vi har forventningar til eige parti, og måten skulesaka har vorte handtert på i Innlandet er ikkje å tråd med dei.

I all hovudsak er resten av leiarane for lokallaga einige i saka om fylkesbyte. Sjå her kva dei meiner:

  • Marit Thoner, leiar i Sør-Odal Pensjonistparti

    – Vi er høgt opne for å gå over til Akershus, og det er sjølsagt skulesaka som er årsaka til det.

    Ho meiner at regionen deira er nedprioritert i Innlandet i dag.

  • Arild Borglin-Graven, gruppeleiar for Sør-Odal Frp

    – Personleg meiner eg det er vegen å gå, seier han, som ikkje vil uttale seg på vegne av heile lokallaget.

    Han er einig i at saka vart meir aktuell etter at Skarnes vgs. vart vedteke nedlagt. Men han peiker på at det ligg mykje meir i saka.

    – Det er etterslep på fylkesvegar. Mange elevar ynskjer seg andre tilbod enn Kongsvinger har. Og dersom vi går mot Akershus så blir tog billegare, og kanskje betre kollektivtransport.

  • Bjørn Siegwarth, leiar for Sør-Odal Bygdeliste

    Å byte fylke er noko dei har ønska ei stund, og det står i deira valprogram for 2023.

    – Vi er takknemlege for at det dukkar opp nå, men det er litt feil tidspunkt. Mange oppfattar dette som syting, men det er ikkje det det er snakk om. Det er siste dropen i begeret som gjer at vi ikkje forstår kvifor vi skal vere i Innlandet.

  • Gulbrand Thoner, lokallagsleiar i Sør-Odal INP (Industri- og Næringspartiet)

    Thoner er heilt einig i at det er rett å ta debatten om fylkesbyte.

    Han meiner derimot at det er feil tidspunkt, sidan dei meiner det verkar som at dette berre kjem opp grunna nedlegging av Skarnes vgs. Han meiner saka hadde kome opp uansett.

  • Sigrun Kristoffersen, leiar i Sør-Odal SV

    Kristoffersen meiner det er vanskeleg å vite om løysinga er å byte til Akershus, og dermed bli ein liten distriktskommune i eit anna fylke. Men dei kan vere med på kartlegging av fordelane og ulempane.

  • Egil Wang, leiar Sør-Odal Rødt

    Wang vil uttale seg berre på vegne av seg sjølv, siden dei ikkje har hatt dette oppe som sak i laget.

    – Vi som sit i kommunestyret for Raudt ynskjer denne diskusjonen, og eg personleg ynskjer å søkje til Akershus.

    Han meiner vedtaket om skulenedlegging ikkje gjorde det noko mindre aktuelt .

    – Skulesaka har gjort det tydelegare at vi bør søke mot Akershus.

  • Heidi Hitland, lokallagsleiar for Sør-Odal Sp

    – Eg er forferdeleg skuffa over at Skarnes vidaregåande leggast ned.

    Ho seier at det er naturleg at diskusjonen kjem opp att no etter at skulen vart vedtatt nedlagt.

    Dei har ikkje diskutert saka om fylkesbyte i Sp denne gongen, men sjølv meiner ho at ei slik sak må utredast nøye for fordelar og ulempar for kommunen.

    – Eg vil støtte at det blir utreda, men vil ikkje seie at eg automatisk vil stemme for at vi går over til Akershus.

Thomas Breen, fylkesordførar i Innlandet for Arbeidarpartiet, viser til at dei har hatt ein prosess med mange vedtak i fylkespartiet i denne saka i både årsmøter og representantskap.

Det er heilt sikkert læringspunkt i denne saka, den gått over to år. Ansvaret for dei partipolitiske prosessane ligg i styret i Innlandet Arbeidarparti, skriv han i ein epost til NRK.

Håpar Sør-Odal blir

Breen har forståing for at skulesaka har vore krevjande.

Han håpar samstundes at Sør-Odal kommune blir i Innlandet.

Det er openbert at skulesaka er krevjande, og ingan likar å mista si vgs. Det er både forståeleg og naturleg. Sør-Odal har jo sjølv vore gjennom ein eigen skulesak som var krevjande, skriv han i ein e-post.

Thomas Breen

Thomas Breen, fylkesordførar i Innlandet for Arbeidarpartiet.

Foto: Knut Røsrud / NRK

Lokallagsleiarar i fleire parti synst Sør-Odal blir nedprioritert og oversett som kommune i Innlandet, når det bl.a. gjeld vedlikehald av fylkesvegnett og kollektivtilbud. Er du einig i det?

Nei, men vi har no måtte hente pengar frå mellom anna samferdsel for å subsidiere drift av skuler. Og sjølv om vi har det største fylkesvegnettet i landet så ser vi at regjeringa si satsing ikkje monner for det etterslepet vi har.

Vi kjem til å auke investeringane på samferdsel i åra som kjem som konsekvens av skulesaka.

Publisert 31.10.2024, kl. 09.32

Read Entire Article