Viktor flykta frå Ukraina – no seier Stord nei til å ta imot fleire som han

3 hours ago 1



– Då det var krig i Noreg, fekk me hjelp av andre land som hadde pengar. No er me på andre sida. Har me gløymd det, spør Randi Elin Glesnes.

Ho eig og driv fiskebutikken Trollkrabben på Stord.

Bak disken står Viktor Revt og steiker fiskekaker.

Han er åleinefar til ein gut på 15 år. Saman flykta dei frå krig i Ukraina, og kom til Stord i november i fjor. Gjennom introduksjonsprogrammet, har Revt fått jobb på Trollkrabben.

To dagar i veka er han på skule, tre dagar i veka jobbar han i butikken.

– Eg liker meg veldig godt her på Stord, seier Revt.

Viktor Revt står med eit brett fiskekaker framføre seg, og snur ei av dei med den høgre handa.

Viktor snur fiskekakene.

Foto: Olav Røli / NRK

Det norske språket er framleis nytt, men det går betre og betre.

– Det er viktig å få integrert flyktningane i det norske samfunn, og gjennom jobb lærer dei seg språket og korleis samfunnet er, seier Glesnes.

Seier nei

Inkluderings- og mangfaldsdirektoratet, Imdi, har bedt om at kommunane skal busette 18.900 flyktningar i 2025.

Historisk er dette eit høgt tal. Likevel er det ein klar nedgang frå dei siste åra. Sidan 2022 har Noreg teke imot fleire enn 30.000 flyktningar kvart år.

– Me er avhengige av at kommunane fortset å stilla opp også neste år, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap).

Stord kommune er bedt om å ta imot 50 flyktningar i 2025.

Men, fleirtalspartia Frp, Høgre, KrF og Venstre i kommunen er einige: Det blir flyktningpause i 2025.

At kommunen Randi Eling Glesnes bur i, seier nei til fleire som Viktor, kommenterer ho slik:

– Ja, kommunen har dårleg råd. Men det er viktig å prioritera fornuftige tiltak, som det å hjelpa folk i naud, seier ho.

Viktor Revt og Randi Elin Glesnes på Trollkrabben.

Viktor Revt er blitt ein viktig ressurs for fiskebutikken Trollkrabben og Randi Elin Glesnes, som eig og driv butikken.

Foto: Olav Røli / NRK

– Veldig skremmande

Stord kommune har tatt imot 265 flyktningar sidan 2022.

Ordførar Sigbjørn Framnes (Frp) og resten av koalisjonen vil spara 4,5 millionar kroner på å ta ein pause neste år. I tillegg vil dei letta presset på bustadmarknaden om helsetenestene.

– Me ønskjer å stilla opp, men me kan ikkje la ting gå heilt over styr økonomisk. Og då må me ta konsekvensane av det, seier Framnes.

– Me får ikkje dekka alle utgiftene som er knytte til busetting. Det må på plass, viss ein vil at kommunane skal seia ja.

Sigbjørn Framnes

Ordførar Sigbjørn Framnes (Frp) vil spara millionar på å seie nei til flyktningar i 2025.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Pausen er tenkt å vera mellombels, for kommunen skal, etter planen, ta imot flyktningar igjen i 2026.

Inger Christin Hystad Barane i Arbeidarpartiet på Stord meiner det er heilt uakseptabelt å seia nei til flyktningar. Ho trur heller ikkje det er så lett å ta opp att desse tenestene året etter. Blant anna skal 4,5 årsverk i flyktningtenesta i Nav kuttast.

– Me er i ei uroleg tid. Det er mange som treng hjelp, og no snur me ryggen til dei. Det synest eg er utruleg skremmande.

Inger Christin Hystad Barane

Inger Christin Hystad Barane i Arbeidarpartiet meiner Stord spring frå ansvaret sitt ved å seia nei til flyktningar.

Foto: Eli Bjelland / NRK

Blir verande på mottak viss kommunane ikkje tek imot

Arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna (Ap) presiserer til NRK at regjeringa har varsla innstrammingar, for å få talet på flyktningar ned.

Den rekordhøge busettinga har medført ulik grad av press på kommunale tenester som bustad, helse, skule og barnehage, ifølgje Imdi-direktør Libe Rieber-Mohn.

Det er uklart om det er fleire kommunar enn Stord som kjem til å innføra full stopp for neste år.

Og dei flyktningane som eventuelt ikkje blir busette i ein kommune, blir verande på asylmottak.

– Og det er jo ikkje heldig å bu lenge i eit asylmottak. Me ønskjer jo at menneske som skal vera i Noreg, raskt kjem ut i lokalsamfunn. Og raskt byrjar på introduksjonsprogram for så å koma ut i arbeid, seier Rieber-Mohn.

Direktør Libe Rieber-Mohn har blå skjorte og svart skjerf. Hun har mørkt hår og mørke øyne og står fremfor en steinvegg.

Imdi-direktør Libe Rieber-Mohn.

Foto: IMDI

Publisert 28.11.2024, kl. 11.43

Read Entire Article