Eit av Trumps hovudmantra under valkampen var å få bukt med ulovleg migrasjon frå Sør-Amerika.
Han lova mellom anna å massedeportere ulovlege migrantar.
I tida etter at Trump blei valt som president, har han snakka med kollegaar verda over. Onsdag var det den mexicanske presidenten Claudia Sheinbaum sin tur.
No har innhaldet i samtalen ført til usemje mellom dei to leiarane.
Ueinige om innhaldet
For i etterkant av samtalen la Trump ut eit innlegg på sin eigen sosiale medium-plattform Truth Social om samtalen dei hadde.
– Mexico vil umiddelbart stoppe folk frå å reise til vår sørgrense, skreiv han, og hevda at Sheinbaum var einig i å stoppe migrasjonen gjennom Mexico og inn til USA.
Dette fekk Sheinbaum til å reagere. Ho meiner nemleg at dette at ho ikkje har sagt dette.
Ifølgje Sheinbaum, forklarte ho Trump strategien til Mexico for å handtere migrantar i tråd med menneskerettane.
– Mexicos posisjon er ikkje å stenge grenser, men å bygge bruer mellom styresmakter og samfunn, skreiv ho på X.
Sheinbaum sa at dei hadde diskutert innvandring og at desse «karavanane» av menneske ikkje lenger når den nordlege grensa, og at dei blir handtert i Mexico.
Fenomenet med desse mennesketoga starta i 2018, då dei fattigaste migrantane samla seg for å gå over grensa til USA saman.
Sidan dei ikkje hadde råd til smuglarar, var det tryggare å gå saman med andre enn å gå åleine.
Dei fleste migrantar går gjennom fleire land i lang tid, og forholda er utfordrande.
I løpet av sine første 100 dagar planlegg Trump å starte deportasjonen av hundretusenvis av ulovlege migrantar.
Toll-trugsel
Den eigentlege bakgrunnen for samtalen var i utgangspunktet om handelen mellom dei to landa.
Tidlegare denne veka sa Donald Trump at han ville innføre toll på handel mot fleire land, inkludert 25 prosent toll på varer frå Mexico og Canada.
Avgifta landa må betale, meiner Trump vil «halde landa i sjakk» heilt til dei stansar ulovleg migrasjon og narkotikahandel til USA.
Sheinbaum har sagt at Mexico vil innføre tilsvarande satsar.
Ein slik avtale meiner ho vil bryte USMCA-handelsavtalen som Trump sjølv inngjekk under sin første presidentperiode mellom USA, Mexico og Canada.
– Det er som å skyte seg sjølv i foten, sa den mexicanske finansministeren Marcelo Ebrard.
Òg Canada har reagert på forslaget om å innføre handelstoll: Den kanadiske statsministeren Justin Trudeau heldt ei hastemøte på onsdag for å diskutere korleis landet skulle svare på toll-trugselen frå Trump.
Publisert 28.11.2024, kl. 14.00