KOMMENTAR: Trump, Putin, Ukraina, Europa. Vi tok ikkje uroa rundt oss inn i valkampen. Vi glapp på det.
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Kommentar
Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.
Dei siste fire åra her. Den siste stortingsperioden. Eg har aldri opplevd så dramatiske endringar. Både rundt oss, og rett inn i kvardagen. Vi kan ikkje lenger stola på USA, vi veit ikkje lenger om landet faktisk klarer redda sitt eige demokrati, vi kan ikkje stola på kor presidenten deira vil hoppa, kva som opprører han nok til å reagera, eller kva som imponerer han nok til å la vera.
Europa må stå på eigne bein. Vi må klara å forsvara verdiane våre, også militært. Russlands brutale angrepskrig i Ukraina skjer i vårt nabolag. Og den grufulle krigen på Gaza verkar ustoppeleg.
Heime
Det har blitt dyrtid av dette. Vi har høge huslån i Norge, rentene på det lånet har halde seg smerteleg høge for mange. Matprisane har gått i taket, straumprisane likeså.
Alt det der, å kunna halda huset sitt varmt utan at det kostar deg skjorta, å kunna kjøpa skikkeleg mat til familien, å klara å eiga sitt eige hus, eller i det minste ein liten flik av eit hus, det har vore grunnleggjande viktig i det mange av oss, gjennom generasjonar, har tenkt er eit trygt liv.
Eg høyrde ikkje alle seierstalane måndag kveld, då det var heilt, heilt sikkert at det ville bli eit rødgrønt fleirtal, og at Jonas Gahr Støre treng alle tuttifrutti-partia rundt og til venstre for seg. Rødt, SV, MDG og Senterpartiet. Eg kan ha gått glipp av ting. Men eg trur verken Rødt, SV eller MDG nemnde verken Ukraina, Europa eller USA. Høyrer det ikkje med?
Naivt?
Før valet skreiv tidlegare Ap-politikar Jette Christensen dette i Altinget.no:
Å være mer ærlig på hva norsk politikk kan løse og hvilke virkemidler man har for å gjøre det, er tvingende nødvendig. Da kunne man kanskje sluppet debatter som gir inntrykk av at noen partier velger å ikke løse krigen på Gazastripen eller Ukraina, mens andre gjerne vil fått slutt på den groteske nedslaktingen.
Eg har sakna det i denne valkampen. Og det er sikkert naivt av meg. Eg har sakna det heilt store alvoret, og dei djupt ærlege debattane om kva vi som land kan gjera, kva vår politikk kan løysa, kva vegar vi faktisk kan gå. Utover dei inderlege ønska om å kunna bidra, kunna gjera det som er rett, kunna påverka, endra, stoppa, få slutt på.
Vi er eit ganske lite land, sjølv om vi er rike.
Heime hos Høgre
Eg var på Høgres landsmøte i mars. Det låg eit stort alvor der, når dei snakka om Europa. Om å tenna levande lys over Europa, som «vern mot Moskva, mot USA, mot hver vandal».
Utanfor landsmøtesalen skulle dei snakka om EU på inn- og utpust, men ikkje be om folkeavstemming. Det var Erna-linja. Ta det seint og forsiktig. Mens Heidi Nordby Lunde, som nå er ute av Stortinget, meinte Høgre måtte vera klare i talen, at dei ikkje kunne vera meir redde Senterpartiet enn Putin.
Det har vore dei mest dramatiske og urolege åra eg har opplevd. Desse fire siste. Der alvoret har slått langt inn i eigen kvardag. Likevel valde Høgre at dei skulle gå til valkamp med same, gamle politikken – og same statsministerkandidat – som før. Som om alt som skulle til, var å gripa tilbake til Høgres regjeringstid. Gjera som før. Dei gjorde til og med eit poeng av at dei ikkje treng slagord.
Det der. Det er eg så utruleg skuffa over Høgre for. Og aller mest av Erna Solberg, og av dei som står henne nærmast, og heller ikkje har klart å sjå det djupt umusikalske i dette: Å ikkje stilla med eit klart, politisk prosjekt. I den mest urolege tida vi som er vaksne nå har opplevd.
Det nye Stortinget
Alvoret rundt oss har nok likevel bidratt i dette valet, det har heilt sikkert løfta Jonas Gahr Støre og Jens Stoltenberg, og dermed Ap. Det framstår som trygt å senda dei to ut i verda for oss. Og i partia til venstre for dei, har heilt sikkert det klare kravet om meir hjelp til Palestina også samla stemmer.
Venstre forsvann under sperregrensa, Erna Solberg og manglande fornying har dratt Høgre ned. Begge partia var dei sterkaste stemmene for hjelp til Ukraina, for at Europa må stå saman, Og for at det også er vår eigen sikkerheit det gjeld.
Den neste stortingsperioden? I den kan Ap både måtta og villa finna saman med ulike parti, og ikkje berre på venstresida.
Budsjettet
Men aller først må dei få eit statsbudsjett gjennom i Stortinget. Der må dei få støtte frå Rødt, SV, MDG og Senterpartiet.
Det blir dyrt, og det blir vanskeleg. Det ligg krav om gratis SFO og gratis barnehage, billeg kollektivtransport til alle, og eit tydeleg løft for dei som har minst, for dei som er sjuke, for å prøva å minska forskjellane mellom oss. Senterpartiet vil ha stopp i krafteksporten, når prisen her heime når eit visst punkt. Senterpartiet er gode til å skapa seg rom for makt.
Samtidig må det, og skal det, på plass ein kraftig auke i eige forsvar og til eigen sikkerheit. I forhandlingar med parti der fleire av dei meiner det beste eigentleg ville vera å kvitta seg med EØS-avtala, og for Rødt sin del, også med medlemskapet i Nato.
Jo. Eg saknar den store og ærlege samtalen om kva norsk politikk kan løysa, og kva verkemiddel vi har til å gjera det.
Det er ikkje berre Høgre som lot vera å ta den.
Eg trur ikkje vi som jobbar i media heller klarte det. Ikkje nok, ikkje med stort nok alvor. Eg trur vi glapp på det. Vi også.
Publisert:
Publisert: 9. september 2025 18:10