Det er snedig og effektivt, grepet Kim Torrejas har gjort i debutromanen sin.
Tittelen «Jævla hetero» seier mykje i seg sjølv, men universet han har skapt, er imponerande og tankevekkande på same tid.
I bygda Vrangvik er norma å vera homo. Ikkje hetero. Er du til dømes gut og har varme kjensler for ei jente – då er du fortapt.
Så det gjeld å skjula det.
Leik med klisjear
Denne opp/ned-tematikken er forfriskande – og sjølvsagt bygd på klisjear. Torrejas har leika seg med alt av normer, og han har leika bra.
Ganske kjapt har han stabla på beina eit stringent samfunn der heteronormativitet er blitt til homonormativitet, og slik er det med den saka.
Her lever samkjønna par i skjønn eining, barna får ein på ein regnbogeklinikk, guteleiker er sarte og rosa, jenteleiker tøffe og blå.
Når hovudpersonen, 15-årige Ask, skjønar at han er i ferd med å forelska seg i ei jente, er forvirringa og fortvilinga komplett.
Og han har ingen å snakka med.
Payback time
Torrejas skriv fram eit samfunn som på mange vis er heilt motsett av slik majoriteten av norsk ungdom lever i dag.
Han skriv underhaldande, rikt på bilete og fargar, romanen er god og underhaldande å lesa.
Når det som er minoritet og majoritet i lesaren si verd har bytta plass, trer detaljar som majoritetsblikket lett overser, skarpare fram.
Denne leiken med verdsbilete som Torrejas gjer, vil få ein skeiv til å kjenna seg att. Ein hetero vil få litt av kvart i fleisen. Det grundige i desse detaljane gjer boka kompleks.
Eit eksempel er kva heterofile vert kalla i Vrangvik: gnagarar. Ubehageleg lesnad for ein heterofil? Det trur eg.
Det er payback time på vennlegaste feelgood-vis.
DEBUTANT: Kim Torrejas (f. 1993) kjem frå Fredrikstad, men bur i Oslo, kor han arbeider som lærar. «Jævla hetero» er debutromanen hans.
Foto: Fredrik NielsenMenneske og makt
Det er mykje som skal ha plass i «Jævla hetero». Hovudpersonen Ask skal gjennom ei danningsreise. I tillegg må det heterofiendtlege samfunnet verta framstilt truverdig.
Dels gjer Torrejas dette gjennom religionskritikk. Interessant nok dømmer han ikkje sjølve ekvalsamfunnet (som religionen heiter), men menneska som brukar han, til å utøva makt og undertrykka.
Med det utfordrar han klisjeane han brukar i boka. Ho er sjølvsagt full av satire, men boka som prosjekt inneheld fortviling og varme på eit vis som gjer at eg endar opp med å kalla ho feelgood.
Torrejas har skrive fram eit samfunn som er nærmast overdrive oppteke av å utrydda heterofili.
Det er på grensa til parodisk, fleire av personane i boka blir ganske einsidige, og det ein får sjå av kompleksitet hjå nokre av karakterane, vert ikkje utforska nok.
Tyr til vaksenverda
Det er meir å henta i karakterbygginga – men det ville kravd ein lengre roman og eit breiare plot.
Hovudpersonen Ask er skriven fram med eit stort mot i forhold til den farlege situasjonen han set seg sjølv i som (etter kvart) ope heterofil.
Livet i hovudstaden, der det er ok å vera hetero, vert skildra overdrive roseraudt.
Det er oppbyggeleg på sitt vis, men det er samstundes som om forfattaren vil bryta ut av rammene han har sett for si eiga opp/ned-verd, der han elles er svært tru mot sitt eige premiss.
Klisjeane han skriv fram og utfordrar i boka, er slike som unge menneske, lesaren som er 12 år og eldre, lett kan kjenna att.
Men ved å introdusera raudvin, knitrande peis og intimkos i sofaen, er det som om Torrejas brått må ty til klisjear frå vaksenverda, og det kler ikkje romankonseptet så godt. Sjølv om Ask er 15, snart 16.
Krast og håpefullt
«Jævla hetero» er eit friskt pust i ungdomslitteraturen.
Språket flyt lett og fint av stad. Torrejas tek ein kultur og eit samfunnsproblem på kornet gjennom bruk av humor med brodd. Det er snedig gjort.
Ved å skriva ei bok om å vera annleis, gjer Torrejas som mange ungdomsbokforfattarar før han. Men få har laga feelgood av det. I alle fall ikkje på dette viset.
Trass nokre uforløyste moment, er «Jævla hetero» ein overraskande, krass, vennleg og håpefull debutroman.
P.S.: Torrejas er ikkje den første som nyttar seg av eit slikt opp/ned-grep. Han har sjølv sagt at han er inspirert av forfattar Gerd Brantenberg. Eit lesetips for deg som er interessert i denne tematikken, kan då vera Brantenberg sin roman «Egalias døtre» frå 1977. Romanen er ein satire over kjønnskampen og skildrar samfunnet Egalia, der kvinnene har all makt og undertrykkjer mennene. Den er så gjennomført at alle ord som kan sporast til «menn», også er endra. Menneske er til dømes endra til kvinneske, mannskap til kvinnskap og gutar og menn har PH (penishaldar).
Publisert 25.03.2025, kl. 11.14