Var sjuk då han drap kona framfor barna: – Ufatteleg brutalitet

1 month ago 21



Ein av knivane vart bøygd i det massive angrepet på den gravide trebarnsmora.

 Robert Reinlund / TV 2
BRUTALT DRAP: Krimteknikarar studerer altandøra i leilegheita. Dei meiner kvinna prøvde flykte den veien under knivangrepet. Foto: Robert Reinlund / TV 2

Publisert 14.03.2025 10:42 Sist oppdatert nå

No er dommen etter det særs brutale drapet i Fana i Bergen klar.

Hordaland tingrett dømmer den 34 år gamle mannen til tvungent psykisk helsevern. 

Han er funnen skuldig i å drepe den gravide kona si framfor augene på dei tre barna deira.

Flora Nyiraneza (24) vart råka av over 240 stikk- og skjæreskader. Over 20 av knivstikka var dødelege i seg sjølv.

– Tiltalte har med nærast ufatteleg brutalitet knivstukke kona si fleire gonger framfor barna. Dei har vore vitne til mora sin langsame dødskamp. Dei har sett henne flykte ut altandøra, men ho vart henta inn igjen av faren deira, skriv tingretten om det særs brutalte hendingsforløpet.

 Politiet
STORE KREFTER: Ein av knivane som vart brukt i det brutale drapet. Den er bøygd grunna dei store kreftene som var i sving. Foto: Politiet

Men mannen var sjuk og kan ikkje straffast for det han gjorde, meiner tingretten.

– Når nokon har gjort ein så brutal handling som i vår sak, kan det vera vanskeleg å forstå at personen ikkje skal sone sin straff for det. Men slik er rettssystemet vårt bygd opp. Er det tvil om nokon var tilrekneleg, kan vi ikkje straffe, sa statsadvokat Kristine Herrebrøden på siste dag i rettssaka.

Mannen er også dømd til å betale erstatning til dei etterlatne barna og pårørande. Erstatningssummen er på totalt 520.000 kroner. 

Egentleg meiner tingretten at erstatningssummane bør ligge på ti-gangen. Men i tråd med rettspraksis og at mannen utførte drapet i psykose, lempar retten på erstatningssummane.

– Barna har forsøkt å få faren til å stansa, så godt dei kunne. Barna sin bøn om at han måtte stoppe blei på ingen måte høyrt av tiltalte. Dei var små barn som sto fullstendig hjelpelause i situasjonen.

Hjerteskjærende nødsamtale: – Mamma er død. Og pappa også. Dere må komme.

Svært sterke inntrykk

Rettssaka var prega av svært mange brutale og hjarteskjerande inntrykk for dommarane, advokatane, tilhøyrarar og presse.

Det var det eldste av dei tre barna som fekk varsla politiet om drapet. Naudsamtalen vart spelt av i retten.

– Du må komme. Mamma er død og pappa også, sa det vesle barnet i telefonen til operatøren hjå politiet.

Flora (24) blei drepen: – Det var ein liten gut som opna døra

I tilrettelagde avhøyr prøvde dei to eldste barna, eitt av dei sitjande på ein blå Tripptrapp-stol, å skildre det brutale dei såg med sitt barnlege ordforråd.

– Mamma lei seg. Pappa sint, sa det eine barnet.

Den første politibetjenten på den blodige åstaden fortalde om korleis han måtte løfte det yngste barnet ut av sofaen og ut av leilegheita.

Stemmer i hovudet

I retten fortalde mannen sjølv om «stemmer i hovudet», som gjennom heile 2023 mellom anna sa at kona hadde vore utru mot han og at ingen av barna var hans.

Undersøkingar har stadfesta at han var både faren til det ufødde barnet og dei tre andre.

– Mannens vrangforestilling om konens utroskap synes å være hovedmotivet for drapet, kommenterer tingretten.

Ekspertar har likevel vore usamde undervegs om kva som faktisk har feila mannen. Ein sakkunnig meinte først at mannen hadde patologisk sjalusi, skriv BT.

 Lars Christian Økland / TV 2
UNDERSØKINGAR: Dei rettspsykiatriske sakkunnige i samtale med statsadvokat Kristine Herrebrøden under rettssaka. Foto: Lars Christian Økland / TV 2

Til slutt vart rettsspsykiatarane samde om at mannen har diagnosen paranoid schizofreni. Dei etterlatne etter Flora Nyiraneza har vore usikre på det.

– Eg trur ikkje på det. Spørsmålet er om han vart psykisk sjuk dagen ha drap Flora, eller om han blei psykisk sjuk då han utførte den kriminelle handlinga, sa mora hennar til retten ifølge BT.

Tingretten er derimot samde med dei sakkunnige.

Read Entire Article