Det tar i snitt 524 dagar frå eit legemiddel er godkjent, til det kjem på marknaden. Opposisjonen og NHO roper varsku.

Publisert 12.05.2025 14:18
524 dagar.
Det er gjennomsnittstida det tar frå ein medisin blir godkjent i EU, til han blir tilgjengeleg i den norske helsetenesta.
Det er 30 dagar meir enn i fjor, viser ein rapport frå den europeiske legemiddelforeininga (EFPIA).
No krev både NHO og opposisjonen kraftige tiltak for å få ned ventetida.
– Ikkje råd til å venta
Karita Bekkemellem er administrerande direktør i NHO Geneo, som er NHO si landsforeining for helsenæring, velferd- og oppvekstbedrifter.
Ho meiner ventetida er oppsiktsvekkande og alvorleg. No krev ho at politikarane tar rapporten på alvor.
– Fleire av desse medisinane går på ulike kreftformer. Og kan bidra til at folk blir raskare friske. Då har ikkje pasientane eller samfunnet råd til å venta over 500 dagar på å få tilgang, seier Bekkemellem.
NHO Geneo er ein av partnarane til «Ventetidsløftet» til regjeringa. Det vart sett ned våren 2024, med sikte på å få ned ventetida ved sjukehusa her til lands.

Desse ventetidene har gått litt ned det siste året, men er framleis for høge, meinte helseministeren tidlegare i år.
Men helsekø og ventetid på nye medisinar er to forskjellige ting.
– Det betyr ingenting for pasientane, som må vente enno lenger enn
tidlegare på nye og livsviktige medisinar, seier Bekkemellem.
Ho meiner ein i Noreg har for stort fokus på å få ned prisen på medisinen eller behandlinga, og at dette tar tid.
– Ein vekter ikkje utgiftene ein får ved at pasientar ikkje får god behandling.
Fryktar for pasientane
Dei er ikkje aleine om å reagere. Helsepolitisk talsperson for Framstegspartiet, Bård Hoksrud, meiner ein må endra på reglane.
– Dette viser at godkjenningsordningane våre for medisinar er altfor dårlege. Det tar for lang tid. Det er flaut at sjuke folk kunne vore friske om me ikkje brukte så lang tid på metodevurderingane, seier Hoksrud.

Høgre-leiar Erna Solberg går rett i strupen på regjeringa.
– Arbeidarpartiet sine løfte om kortare ventetid ser ut til å havarera på alle frontar samtidig, seier Solberg til TV 2.
Ho meiner ein må sjå nærare på om vurderinga av nye medisinar og metodar kan gjerast raskare enn i dag.
– Det må framleis vera avgjerdsforum som har ansvaret. Men prosessen må gå fortare.

Tar det med fatning
Helse- og omsorgsminister Jan Christian Vestre (Ap) er kjent med innhaldet i rapporten, men seier han må tolkast med varsemd.
– Noreg ligg faktisk over snittet viss ein ser på andel metodar som blir gjort tilgjengeleg for alle. Dette er viktig å merka seg, fordi i Noreg betyr nemleg ein nasjonal avgjerd om finansiering at legemiddelet kan takast i bruk i heile helsetenesta, argumenterer Vestre.

Likevel vedgår han at ein må jobba raskare. Han viser til at fagmyndigheitene samla seg i fjor for å bli einige om fleire tiltak som skulle følgast opp.
Mellom anna legg han vekt på effektvisitering og prosessforbetringar for å få ned tidsbruken.
Vestre seier regjeringa har som mål at ein skal få rask og likeverdig tilgang til metodane. Så lenge det ikkje går utover prioriteringskriteria.
– Over halvparten av metodane som blir vurdert, blir godkjent for alle aktuelle pasientar nasjonalt. At nokre metodar ikkje umiddelbart blir godkjent til prisen dei krev, er riktig og nødvendig prioritering av ressursar.