Kveldsmaten til Tobias (2) gjekk i bosset etter urovekkande funn.

Publisert 01.07.2025 15:31 Sist oppdatert 17 minutter siden
– Dette er ikkje sånt ein skal finne i barnematen, seier Susanne Solsvik (33).
Måndag kveld skulle ho gi sonen Tobias (2) ein smoothie frå Lillego' til kvelds, slik som ho ofte gjer.
Vanlegvis pleier Tobias drikke rett frå tuben, men denne gongen skulle smoothien blandast ut med graut, og Solsvik helte han difor over i ei skål.
Det var ho glad ho gjorde.
– Det første som kjem ut er tre harde plastbitar. Det var heilt tydeleg at det kom frå posen, seier Solsvik.
Urovekkande
Solsvik synest det er urovekkande at det går an å ha ein sånn produksjonsfeil i barnemat, og meiner konsekvensane kunne vore store.
– Det var bitar av hard plast, som kan gi skade dersom barn får det i seg. Dette kunne gått gale.
Ho viser mellom anna til at smoothien er laga for barn på seks månader og oppover, og at dei fleste drikk han rett frå posen

– Det kunne gått gale om eit barn hadde fått i seg plastbitane. Eit barn på seks månader hadde nok ikkje klart å seie frå om dei fekk det i halsen, seier ho, og legg til:
– Det er skremmande.
Fekk kompensasjon
Susanne Solsvik hadde kjøpt fleire pakkar med denne typen smoothie, men enda opp med å kaste alle i bosset ettersom ho ikkje var trygg på produkta.
Ho tok raskt kontakt med Unil, som først svarte at dei hadde fleire førespurnadar inne og at det kunne gå tid før ho fekk svar.
Rett etter at ho snakka med TV 2, fekk ho ein unnskyldning og eit gåvekort som kompensasjon frå Unil, som også forsikra at dei vil følgje opp med produsenten.

Solsvik håpar produsenten tar saka alvorleg, skjerpar rutinane sine og trekk tilbake smoothiane frå same parti.
– Produsenten må gå gjennom produksjonen og finne kor feilen ligg, slik at det ikkje skjer igjen, seier ho.
Vil undersøke
Kine Søyland er kommunikasjonssjef i Norgesgruppen, som står bak Unil. Ho forsikrar om at dei vil følgje opp hendinga.
– Vi tar slike funn og førespurnader på største alvor. Det skal sjølvsagt ikkje vere plast i eit sånt produkt, seier ho til TV 2.
Ho seier det er for tidleg å seie kva som kan ha skjedd eller kva som er årsaka, men seier kvalitetsavdelinga deira vil følgje opp.

Søyland seier vidare at ho er glad for at Solsvik tok kontakt med ein gong ho oppdaga feilen.
– Det er svært viktig at kundar tar kontakt med oss raskt når dei oppdagar avvik eller feil i produkta, slik at vi får undersøkt saka nærmare. Det blir tatt på alvor.