BOK: Mennesket og kjærleiken blir redusert til kroppsvæsker i Rune Salvesens nye roman.
Publisert: Publisert:
Nå nettopp
Rune Salvesen: Landskapet og kosmos. Roman. 234 sider. Cappelen Damm.
Litt før midtvegs i Sandnes-busette Rune Salvesens (f. 1978, debut 2005) nye roman «Landskapet og kosmos» fortel hovudpersonen Filip at han har hatt sex med den unge elskarinna Maren like før han går heim og har seg til med kona Stine, sistnemnde i noko som kan gi assosiasjonar til ein sovevaldtekt. Filip poengterer at han verken har dusja eller vaska seg før han er i gong igjen, og at akkurat dette faktumet gir han ei eiga form for opphissing eller til og med glede: «Jeg var dekket av Marens kliss, som nå sikkert løste seg opp inni Stine. Det var feil, jeg visste det. Men det gjorde meg så jævlig hard å vite at jeg ikke hadde dusjet mellom dem. At jeg kunne forsyne meg to ganger.»
Eg vil tippa at den jamne, norske lesaren her reagerer med å tenka «Det der var ikkje greitt! Han er slem!» Ein meir analytisk litteraturkritikar tenker kanskje: «Det der var ein veldig godt skriven scene, som fint får fram korleis det kan arta seg i eit parforhold når ein allereie er forbi fasen der ein tar kvarandre for gitt, og ein er så lei av den andre og seg sjølv at det å subtilt audmjuka og fornedra er den einaste gleda ein har att. Særleg den vendinga med å forsyna seg to gonger, var infam. Som ein liten gut som igjen har vore i kakeboksen eller ved dessertbordet, trass i at mor har sagt nei.» Eg for min skal innrømma at eg tenkte: «Det der minner jaggu om episoden i Seinfeld om dobbeldipping, der George dyppar chipsen i dippen igjen etter å ha tatt ein bit, og får kjeft for det i den gravferda.»
Denne og andre episodar frå familie- og dobbeltlivet blir fortalt glimtvis i ettertid, medan hovudpersonen Filip traskar åleine og tilsynelatande formålslaust over snaufjellet i Nordlands-traktene ein plass, og me skjønar at det nok ikkje gjekk så veldig bra med det eventyret og den trekanthistoria. Det er ei historie du og eg har høyrt mange gonger før, både i norsk samtidslitteratur og over raudvins- eller ølglas på Alf & Werner, og Filip vedgår at verken han eller forfattaren er ute på upløgd mark: «Jeg møtte Maren på jobben. Verdens største klisjé». Så klarer Salvesen likevel å bruka denne og andre klisjear på ein skarp måte, setja dei opp mot kvarandre på drivande vis. Den avviste og kåte (ekte)mannen på nokre og 40. Den bitre kona på same alder, konsentrert om strategisk silent treatment. Den tanketomme bimboen på nokre og 20. Me har treft dei, me kjenner dei muligens. Kanskje er me gift med ein av dei to første. Kanskje er den tredje dottera vår. Vi är många, vi som verken er spesielt originale eller imponerande når vi får litt for mykje press på oss.
Eit anna moment som gir historia truverd og tyngde, er den bakanforliggande tragedien me etter kvart får nyss i. Det er som om Filip og Stine står i botn av ein brønn av sorg, utan å klara, eller ønska, å koma i kontakt med kvarandre, langt mindre samarbeida, om å koma seg opp. Og eg tar meg i å tenka: Her er det berre døden som kan gi lindring. Ein tanke Filip òg er innom, ved fleire høve.
Eg var ikkje så begeistra for dei to føregåande romanane til Salvesen, «Bunkers» og «Skjoldmøytrilogien», som eg syntest var dillete og utflytande. I denne utgjevinga har forfattaren kutta ned på dei likegyldige parallellhandlingane og i staden skapt eit kompakt, hardt og tilnærma nådelaust, lite univers. I tillegg verkar det som Salvesen bryr seg mindre om å pleasa politisk korrekte lesarar. Filip er ein figur som enkelte grupperingar vil ha problem med å ta i. Kanskje er det noko av meininga. Rune Salvesen vågar å vera mann i 2025. Det får han ein femmar for.
Publisert:
Publisert: 11. februar 2025 10:53