Det var tysdag 22. oktober at ei kvinne blei funnet død og ein gut blei funnet hardt skadd i ein bustad i Vestnes.
Ein mann i 20-åra vart pågripen av politiet, og seinare sikta for grov vald med døden til følge. Mannen var sonen til kvinna som døydde, og bror til barnet som blei hardt skadd.
At siktinga blir utvida til drap kjem fram i ei pressemelding frå politiet.
– Eg tenker at det ikkje er overraskande og at det er i tråd med korleis han har forklart seg om kva som skjedde på staden, seier mannen sin forsvarar, Roy Peder Kulblik til NRK.
Siktinga for grov kroppsskade mot bror til den sikta oppretthaldast.
Varetektsfengsla i åtte veker
Den sikta og hans forsvarar har samtykka til vidare varetekt i åtte veker.
– Han veit ikkje at siktinga er utvida enda. Det vil eg infomere han om når vi skal møtast denne veka eller i starten av neste veke, seier Kulblik.
Etterforskinga held fram og er førespegla å vere ferdig over nyåret. Det som er avdekka så langt har styrka mistanken mot den sikta, ifølge politiet.
Både sikta og fornærma er avhøyrt, og det er per no ikkje planlagt fleire avhøyr av desse.
Som NRK har fortalt tidegare dro den sikta på besøk til mora og lillebror to dagar før mora vart funnen død.
Vald med bruk av lampe
På grunn av tilstanden til den sikta har han ikkje tatt stilling til skuldspørsmålet enda, men han har forklart seg om hendingsforlaupet og bekreftar si rolle i hendinga.
– Vi har god kontroll over hendingsforlaupet og kan stadfeste at det er utøvd vald mellom anna ved bruk av ei lampe, seier påtaleansvarleg Lena Katrin Romestrand.
Førebels obduksjonsrapport viser at avdøde omkom som følgje av skade til hovudet.
– Av omsyn til den pågåande etterforskinga vil vi ikkje gå i ytterlegare detalj rundt kva etterforskingsskritta har avdekka, eller kva dei involverte har uttalt i avhøyr, seier Romestrand.
Publisert 20.11.2024, kl. 12.21 Oppdatert 20.11.2024, kl. 12.56