Frå Fox News til Prosjekt 2025: Desse er dei nye nominerte til Trump-leiren

3 hours ago 5



Donald Trump sitt heseblesande regjeringsprosjekt har allereie ført til krangel i hans indre sirkel, ifølge Axios.

Nyheitstenesta skriv at Elon Musk og Trump-rådgivar Boris Epshteyn begge ønsker å få sine forslag vurderte når USAs neste president skal plukke ut si nye regjering.

Trump sitt barnebarn saman med Musk

Elon Musk saman med barnebarna til Donald Trump. Milliardæren har ifølge barnebarna fått «onkel-status» i familien.

Foto: Kai Trump / X

Uansett kven som trekker i trådane, kjem det stadig nye nyheiter om nominasjonane. Desse kan få mykje å seie for USA dei neste fire åra.

Nokre av dei nominerte, som Musk og Robert Kennedy Jr., har vi vore innom før. Men det har skjedd ting sidan sist.

Trumps forsvarsadvokat til justisminister

Etter at den republikanske representanten Matt Gaetz trekte seg frå kampen om justisministerposten, nominerte Trump Pam Bondi i hans stad.

Bondi var ein av forsvarsadvokatane til Trump den første gongen han blei stilt til riksrett av Senatet, og blei frikjend.

Ho var igjen med å representere Trump då kampanjen hans feilaktig hevda at 2020-valet blei stelt av Joe Biden og demokratane.

Republican presidential nominee and former U.S. President Donald Trump holds rally at the Greensboro Complex in Greensboro, North Carolina

Pam Bondi er nominert som justisminister, etter at Matt Gaetz trakk seg frå kampen.

Foto: Sam Wolfe / Sam Wolfe / Reuters / NTB

– Pam var påtaleadvokat i nesten 20 år, då ho var svært tøff mot Valdelege Kriminelle, og gjorde gatene trygge for Florida-Familiar, skreiv Trump då han annonserte valet.

– Altfor lenge har det delaktige Justisdepartementet blitt brukt som våpen mot meg og andre republikanarar. Ikkje no lenger.

Sveip mot høgre for å sjå nokre av nominasjonane vi kjenner til frå før:

  • Elon Musk driv valkamp for Donald Trump.

    AFP

    Elon Musk

    Nominert til å styre Departementet for effektiv styring, forkorta «Doge», saman med forretningsmannen Vivek Ramaswamy.

  • Vivek Ramaswamy

    Carlos Barria / Reuters / NTB

    Vivek Ramaswamy

    Andre halvdel av «Doge».

  • Robert F. Kennedy jr.

    AFP

    Robert F. Kennedy jr.

    Nominert til helseminister. Utfordra Trump som tredjepart i det siste presidentvalet, men slutta seg til kampanjen hans undervegs.

  • Marco Rubio

    Matt Rourke / AP / NTB

    Marco Rubio

    Blir truleg Trump sin nye utanriksminister.

Trump ønsker også Linda McMahon som utdanningsminister. Ho er for mange kjent som tidlegare leiar for wrestlingorganisasjonen WWE.

Ifølge CNN blei ho først vurdert som ny handelsminister, ei stilling Trump har peika ut Howard Lutnick til.

Linda McMahon

Linda McMahon er tidlegare leiar for wrestlingorganisasjonen WWE, som ho grunnla saman med ektemannen Vince McMahon.

Foto: SHANNON STAPLETON / Reuters

McMahon er no ein av leiarane i gruppa som forbereder overgangen til ny Trump-administrasjon, og ho er involvert i både støttegrupper og tankesmier som jobbar for Trump.

Endå fleire frå Fox

Ei stor gruppe av dei utvalde så langt, er TV-folk frå den konservative kanalen Fox News.

Trump har tette band med fleire Fox-personlegdommar.

Ein stolpe i valkampen var sceneintervjuet hans med Tucker Carlson, som slutta i Fox News i 2023. Carlson er ikkje nominert til nokon post.

Republican Presidential Candidate Donald Trump Participates In Fireside Chat With Tucker Carlson

Trump (v) sa aldri ja til fleire enn ein presidentdebatt med motstandaren Kamala Harris. Men han sa ja til eit scene-intervju like før valet med den tidlegare Fox-kommentatoren Tucker Carlson.

Foto: CHIP SOMODEVILLA / AFP

Det at så mange utanfor politikken får sleppe til, kan også bety mange nye politikarar som har jobba lite med det aktuelle feltet før.

Desse noverande og tidlegare Fox-folka har så langt blitt nominerte:

  • Dr Oz

    AFP

    Dr. Mehmet Oz

    Nominert til å leie Medicare og Medicaid, dei massive føderale helsetenestene som tener ein av tre amerikanarar.

    Oz er hjartekirurg (lisensiert ut 2024), og blei berømt då han jobba på Oprah Winfrey sitt talkshowprogram som «Amerikas lege». Seinare starta han sitt eige program som kosthalds- og livsstilsguru, men har også spreidd desinformasjon om Covid-behandling, slankekurar og kosttilskot.

  • Pete Hegseth

    Evan Vucci / AP / NTB

    Pete Hegseth

    Nominert til forsvarsminister. Fox and Friends-programleiaren har bakgrunn frå det amerikanske forsvaret, og har ikkje noko administrativ erfaring.

    I 2017 blei Hegseth skulda for seksuelt overgrep på eit hotell, noko som blei offentleg kjent etter nominasjonen. Advokaten hans innrømmer at Hegseth betalte ei kvinne for å halde stilt om skuldinga, men nektar for at han har gjort det ho skildrar.

  • Sean Duffy

    AP

    Sean Duffy

    Nominert til transportminister. Duffy er tidlegare programleiar for Fox Business og tidlegare «The Real World» på MTV. Han slutta i Fox-jobben tidlegare denne månaden.

    Til skilnad for fleire av dei andre Fox-nominerte, har Duffy bakgrunn i politikken. Han var kongressrepresentant for Wisconsin mellom 2011 og 2019, men har lite eller ingen erfaring innan transport, ifølge CNN.

  • Mike Huckabee

    AFP

    Mike Huckabee

    Nominert til Israel-ambassadør. Huckabee var vert for eit direktesendt program på Fox News i sju år. I tillegg har han vore guvernør for Arkansas.

    Vervet betyr ikkje nødvendigvis styring over USA sin Israel-politikk. Men Huckabee er evangelisk kristen, og har vore ei sterk stemme til støtte for Israel gjennom karrieren si, og sagt at «ein palestinar er det ikkje noko som heiter», ifølge CNN.

  • Tulsi Gabbard

    Reuters

    Tulsi Gabbard

    Nominert til leiar for nasjonal etterretning. Gabbard var ein betalt bidragsytar til Fox News fram til august 2024. Ho har tidlegare representert Demokratane i kongressen, men slutta seg til Det republikanske partiet for å støtte Trump.

    Får ho jobben, vil ho styre blant andre CIA og FBI. Motstandarar meiner ho har bidrege til spreiing av konspirasjonsteoriar og russisk propaganda, skriv BBC.

  • Tom Homan

    ANDREW CABALLERO-REYNOLDS / AFP / NTB

    Tom Homan

    Nominert til «grensesjef». Meir om Homan kan du lese lenger nede i artikkelen.

Arkitektar av Prosjekt 2025

I ein av sine første intervju som leiar for maktoverføringsteamet, Howard Lutnick, sa han det ville vere «absolutt ingen» som hadde arbeidd med Project 2025 i den nye regjeringa.

Dette er ein plan på 900 sider, laga av den konservative tankesmia The Heritage Foundation.

Election-2024-Trump-Russell Vought

Russ Vought (h) er ein av arkitektane bak Project 2025. Ifølge Washington Post vurderer Trump å tilsette han i Det kvite huset si budsjettavdeling.

Foto: Evan Vucci / AP

Denne legger fram lovendringar som dramatisk utvidar presidenten si makt over det amerikanske statsapparatet.

I tillegg inneheld den forslag til politikk, som å:

  • Bytte ut byråkratar med lojale Trump-tilhengarar
  • Innføre store skattekutt
  • Forby porno og abortpiller
  • Legge ned Utdanningsdepartementet i USA

Sjølv om Trump har hardnakka nekta for å ha noko med Project 2025 å gjere, har vala hans til den nye administrasjonen fortalt ei anna historie.

Andre nominerte som er nemnde som bidragsytarar i rapporten, er:

  • Russ Vought

    AP

    Russell Vought

    Trump vurderer å hente tilbake Vought som leiar for Det kvite huset si styrings- og budsjettavdeling, ifølge fleire amerikanske medium. Dersom han får jobben, vil han også jobbe tett på «Doge»-komiteen til Elon Musk, ifølge Politico.

    Vought er ein av arkitektane bak Project 2025, og skreiv eit artikkel som blant anna argumenterte for meir aggressiv maktbruk frå den komande presidenten.

  • Trump sin grensesjef

    AP

    Tom Homan

    Nominert som «grensesjef». Han er tidlegare sjef for ICE, det føderale byrået for grensepoliti. Dersom han får jobben han er nominert til, seier Homan at han vil prioritere:

    • Å sende ut ulovlege innvandrarar som er trugar den nasjonale tryggleiken
    • Selskap som har slike innvandrarar jobbande hos seg
  • John Ratcliffe

    Manuel Balce Ceneta / AP / NTB

    John Ratcliffe

    Nominert som CIA-direktør. Ratcliffe er tidlegare representant for Texas i Kongressen, og var også nasjonal etterretningssjef for Trump i hans første presidentperiode.

    I denne jobben vil Ratcliffe hjelpe med å «motarbeide dei alvorlege trugslane frå Kina, Russland, Iran og Nord-Korea», seier leiaren av Representanthuset sin etterretningskomité til the New York Times.

  • Brendan Carr

    AP

    Brendan Carr

    Nominert til å leie den føderale kommunikasjons-kommisjonen. Carr skreiv eit heilt kapittel i rapporten Project 2025 om denne kommisjonen, etter å ha blitt utnemnd som medlem av Trump sjølv i 2017.

    Kort tid etter at nominasjonen blei kjend, skreiv Carr på X:

    – Vi må avskaffe sensurkartellet og innføre på nytt rettane til ytringsfridom for vanlege amerikanarar.

  • Pete Hoekstra

    AP

    Pete Hoekstra

    Nominert til ambassadør til Canada. Då Trump sist var president, utnemnde han leiaren for republikanarane i Michigan til Nederland-ambassadør. No seier den påtroppande presidenten at Hoekstra skal få prøve seg på nytt som diplomat, fordi han sist gjorde ein «framifrå jobb».

    – Pete kjem igjen til å hjelpe meg med å setje AMERIKA FØRST, sa Trump vidare.

Publisert 23.11.2024, kl. 21.51

Read Entire Article