Utset seg for ekstrem varme: – Næraste du kjem tortur

2 hours ago 5



Sittande på ein stol, tar Fossesholm tak i handtaka på stakemaskina. Snart er ho i full gong og gispar etter luft mens ho drar kraftfullt til gong på gong.

Langrennsløparen konkurrerer vanlegvis i kalde vinterlandskap. I dag viser gradestokken 38 plussgrader, og sveitten siler nedover ansiktet.

– Ein blir praktisk talt kokt levande, beskriv ho, mens Taylor Swifts «1989»-album dunkar ut av ein høgtalar.

Helene Marie Fossesholm

Foto: Jonas Been Henriksen / NRK

Dei siste vekene har Fossesholm køyrt mange intervalløkter i klimarommet på Olympiatoppen. Og det er ho som med vitende og vilje har bestilt gradestokken til 38 varmegrader.

– Før hadde eg tenkt «åh herregud, så kjedeleg». Men nå tenker eg: «eg har faktisk ikkje noko val». Dette er økta eg gleder meg mest til gjennom veka, men det er absurd at ein skal gle seg til noko så fælt.

– Frivillig tortur

Årsaka til at Fossesholm er i det glovarme rommet, er eit uhell frå nokre veker tilbake.

Langrennsprofilen fekk kneskåla ut av ledd under ein fotballkamp, og har sidan gått på krykker med ei skjene rundt beinet.

Derfor sit ho nå på ein stol i eit varmt rom på Olympiatoppen. Til det er det gode grunner.

Utholdenhetstrening i varmt klima kan i nokon tilfelle vere ein god metode for å få ønsket puls utan å måtte belaste muskulatur i like stor grad, for eksempel dersom man har et skadd kne, forklarer Espen Spro Johansen, fagkonsulent ved Olympiatoppen og ansvarleg for Klimarommet.

Klimarom

Jonas Been Henriksen / NRK

Kva er Klimarommet?

I Klimarommet kan man justere temperatur og luftfuktigheit for å etterlikne ulike klimatiske forhold.

– Vi har eit klimarom i hovudsak for å kunne forberede idrettsutøvarane på spesifikke klimaforhold som dei kan møte i konkurransar andre stader i verda, f.eks. før OL i Tokyo kor det var moglegheiter for svært høy varme og luftfuktigheit, forklarer Espen Spro Johansen ved Olympiatoppen.

fg

Jonas Been Henriksen / NRK

Kvifor aukar pulsen i høg varme?

Kroppen forsøker å kvitte seg med varmen, og pumper meir blod ut til huda for å skilje ut varme som sveitte, forklarer professor Bent Rønnestad ved Høgskolen i Innlandet.

– Når meir blod går til huda og ikkje til arbeidande muskulatur, betyr det at hjartet må pumpe ut meir blod per minuttet. Det skjer hovudsakleg ved å auke hjartefrekvensen (pulsen går opp), seier han.

Fossesholm i Klimarommet

Jonas Been Henriksen / NRK

Fossesholms økt i Klimarommet

Fossesholm varma opp med lett staking i rundt 15 minutt. Sjølve økta var 5x6 minutt hard intervalltrening.

– Eg trur eg opna med 1318 meter på første draget og avslutta med 1322 meter. Det er ganske jamt. Det er veldig muskulært, man blir så sliten. Siste halvdelen var vond, men det er litt godt også, smiler råskinnet frå Vestfossen.

Skal Fossesholm halde oppe forma, er ho nøydd til å ta seg heilt ut i det ukomfortabelt varme rommet.

– Det er det næraste du kjem tortur. Men det er frivillig, da. Det er frivillig tortur, heilt utkøyrt etter økta.

Ho heller ein god dose vatn over sitt sveitte, glødande varme ansikt.

– Ein blir så seig, veit du. Hovudet seier «kom igjen», men armane seier «nei», seier Fossesholm.

Ekspertanes åtvaring

Ekspertane åtvarar den glade amatør frå å gjere det same. For det inneber ein viss risiko.

– Viss man skal bruke varmetrening, så bør man, som Fossesholm gjør, vite kva man driv med og vere saman med kompetente personar, seier Bent Rønnestad, professor ved Høgskolen i Innlandet.

Bent Rønnestad. Portrett. Ser i kameraet.

PROFESSOR: Bent Rønnestad.

Foto: Åsmund Grini / NRK

Han har forska på trening i varmerom, og får støtte av Johansen ved Olympiatoppen.

– Det er viktig å understreke at trening i høy varme naturlegvis inneber ein økt risiko for blant anna alvorleg dehydrering, så det er ikkje noko eg vil anbefale kven som helst å begi seg ut på utan riktig oppfølging.

Fryktar operasjon

I starten av november skal Fossesholm på kontroll. Da får ho svar på det skjebnesvangre spørsmålet:

Må ho opererast eller ikkje?

Eg grugleder meg, for eg har jo lyst til å få eit positivt svar. Samtidig er det godt å få eit svar òg.

Helene Marie Fossesholm

RASKE RØRSLER: Armane til Fossesholm fyk opp og ned mens ho drar i handtaka.

Foto: Jonas Been Henriksen / NRK

Forskjellen kan vere enorm, spesielt med eit VM på heimebane i Trondheim i februar. Viss ho må opererast, er det berre å gløyme.

– Da ryk heile sesongen. Det har eg ikkje lyst til å tenke på eingong.

Viss ikkje ho må opererast, augnar Fossesholm eit lite håp.

– Trondheim er eit mål for meg, men akkurat nå må eg tenke litt kortsiktig. Viss eg skal tenke for mykje på det, blir det veldig slitsamt, seier ho.

Dagen etter intervjuet med NRK la ho alle tankar om hardøkter i klimarom og operasjon til side. Da gjekk turen til Athen med ei venninne.

– Det blir heilt nydeleg. Så det er jo litt akklimatisering for det òg, smiler ho.

Utrolig prestasjon: Scoret fra avspark i to kamper på rad 01:03

Publisert 06.10.2024, kl. 10.50

Read Entire Article