Usikker på når E6 kan opne igjen

1 month ago 28



Sprengingsarbeidet på E6 nord for Eidsvoll tar tid. Fredag startar mange på vinterferie, og Statens vegvesen varslar kø på omkøyringsvegane.

 Amanda Pedersen Giske / NTB
RAS: Laurdag i førre veke rasa det ned fleire steinar på E6 ved Morskogen. Sidan då har Vegvesenet arbeidd med å få vekk lause steinmassar. Foto: Amanda Pedersen Giske / NTB

Publisert 13.02.2025 17:39 Sist oppdatert 2 minutter siden

Laurdag formiddag i førre veke gjekk det eit steinras på E6 ved Morskogen, mellom Eidsvoll og Hamar.

Sidan då har vegen vore stengt, mens Statens vegvesen har arbeidd med å få vekk lause steinmassar frå fjellsida.

Torsdag melder Statens vegvesen at det er usikkert om vegen kan opnast før helga.

– Eg forstår at folk er utolmodige, men arbeidet har vore uvanleg krevjande, seier avdelingsdirektør Cato Løkken i Statens vegvesen i ei pressemelding.

– Vi gjer alt vi kan for å opne vegen så raskt som mogleg, og hadde ønska at trafikken kunne gå som normalt i samband med vinterferien. Men det står att ein del arbeid og vi må vere sikre på at vegen er trygg før vi kan opne, legg han til.

Omkøyring

Sidan vegen blei stengt har trafikken mellom nord og sør gått på omkøyringsvegar.

Løkken har inntrykk av at det har gått greitt til no, men Vegvesenet ventar meir trafikk inn mot helga. Då startar vinterferien i mellom anna Oslo, Agder, Akershus, Østfold, Telemark og Trøndelag.

– Det vil heilt sikkert vere mykje trafikk, og folk må smørje seg tolmod. Det vil heilt sikkert ta lengre tid enn det normalt gjer, seier Løkken til TV 2.

Dette er omkøyringsmoglegheitene:

Trafikk i retning frå Oslo mot Lillehammer og vidare nordover:

  • E16 Gardermoen mot Roa og rv. 4 mot Gjøvik
  • Rv. 4 Gjelleråsen i Oslo mot Gjøvik via Hadeland

Trafikk i retning frå Lillehammer mot Oslo:

  • Rv. 4 Mjøsbrua via Gjøvik, deretter mot Gran og Gjelleråsen/Oslo og vidare på fv. 22 mot E6 Hvam (kryss 44)
  • Rv. 4 frå Mjøsbrua mot Gjøvik, deretter fv. 33 til Minnesund

Trafikk retning frå Oslo til Trysil og rv. 3 Østerdalen:

  • E16 og rv. 2 via Kongsvinger

Kjelde: Statens vegvesen

Nærare 200 lastebillass

Løkken seier det har vore krevjande å få ut dei lause massane frå fjellet.

– Det er rett og slett krevjande å få ut massane som må ut før vi kan gjere vurderingar av om fjellet er stabilt, seier Løkken.

Han seier at Vegvesenet no har fått inn ei gravemaskin med lengre arm, for å ta ut steinmassar som ligg lenger inne i fjellet.

Nærare 200 lastebillass med massar har blitt henta ut.

Berre torsdag har 250 kubikk stein, som tilsvarer 30 lastebillass, blitt køyrt vekk. Om lag like mye står att før vegen kan opne, opplyser Vegvesenet.

Read Entire Article