USA gir milliardstøtte til Egypt – lempar på krav om menneskerettar

3 weeks ago 15



På grunn av «amerikanske sikkerheitsinteresser» har USA valt å lempe på kravet om at Egypt må betre menneskerettsforholda i landet.

Det skriv ein ikkje-namngitt talsperson for utanriksminister Antony Blinken i ein e-post til Reuters.

Dette er første gong Biden-administrasjonen frigjer heile pengestøtta til Egypt. Tidlegare år har dei halde tilbake ein fjerdedel av støtta som følge av menneskerettsbrot.

Ifølge Human Rights Watch har Egypt tusenvis av fangar i fengsel utan rettferdige rettssaker, mellom anna journalistar, opposisjonelle og menneskerettsaktivistar.

I Kongressen onsdag skal Blinken har vist til at fleire politiske fangar har blitt lauslatne det siste året. Men Egypt har på same tid arrestert hundrevis av nye aktivistar, journalistar og kritikarar.

Senatorane Chris Coons og Chris Murphy er blant dei som ha reagert på grunngivinga for å lempe på krava, og viser til Egypts nye arrestasjonar. Dei kallar det eitt skritt fram og to tilbake.

plakat av Sisi

President Abdel Fattah el-Sisi har styrt Egypt sidan han og resten av militæret kuppa makta i 2013, etter eit stort folkeopprør mot dåverande president Mohamed Morsi.

Foto: Amr Abdallah Dalsh / Reuters

«Ingen fleire blankosjekkar»

Tidlegare har president Joe Biden vore klar på at USA ikkje vil fylle ut blankosjekkar til «Egypts diktator», altså å gi støtte utan føresetnader og vilkår, som følge av arrestasjonar og tortur av aktivistar.

Blinkens talsperson skriv til Reuters at den nye avgjerda kjem som følge av Egypts forsøk på å få på plass ein våpenkvileavtale mellom Hamas og Israel, og fordi landet har hjelpt palestinarar i naud.

Blinken går om bord i eit militærfly.

TEL AVIV OG KAIRO: USAs utanriksminister Antony Blinken går om bord i flyet sitt i Tel Aviv i august. Neste stopp var Kairo, i forsøk på å få plass ein våpenkvile mellom Hamas og Israel.

Foto: Kevin Mohatt / AFP

Også EU har vedtatt ein støttepakke til Egypt, på 54 millionar dollar. Avtalen er ein del av EUs arbeid med å avgrense flyktningstraumen over Middelhavet.

Viktig rolle i regionen

Flyktningar frå naboland i krise har strøymt til Egypt dei siste åra. Mellom anna frå Jemen, Sudan, Etiopia, Eritrea og Irak.

Men dei største strøymingane har komme frå Sudan og Gazastripa.

Truleg har det til saman kome over ein halv million flyktningar frå dei to landa det siste året. Men utover ly frå krig, har landet lite å tilby dei.

Bilete av president Sisi på ein lastebil.

RAFAH: Egypts president Abdel Fattah el-Sisi avbilda på ein lastebil fylt med naudhjelp som skal inn til palestinarane på Gazastripa.

Foto: Khaled Desouki / AFP

I ein allereie haltande økonomi med høg inflasjon, ønsker ikkje Egypts president Abdel Fattah el-Sisi å ta imot fleire flyktningar.

Flyktningstraumane har lagt eit sterkt økonomisk press på Egypt, og landet har engasjert seg i å finne ei løysing i begge krigane.

USA og Egypt, saman med Qatar, er meklarar i våpenkvileforhandlingane mellom Hamas og Israel.

Blinkens talsperson drog også fram Egypts diplomatiske rolle i krigen i Sudan som grunn til at USA no vel å støtte landet med 1,3 milliardar dollar.

Josep Borrell held ein tale på Rafah-overgangen.

RAFAH: EUs utanrikssjef Josep Borrell heldt ein tale i Rafah 9. september, på den egyptiske sida av grenseovergangen til Gazastripa.

Foto: Ahmed Hasan / AFP

Egypt og Israels blokade av Gazastripa

I tillegg til å ta imot flyktningar, er Egypt ein viktig aktør i samtalane om våpenkvile mellom Hamas og Israel. Og den dagen krigen tar slutt og ein fredsavtale skal på plass, vil Egypt vere heilt sentral.

Landet har nemleg grense mot Gazastripa, og har sidan 2007 vore med på Israels blokade av Gaza. Egypt har, fram til Israel tok kontroll over han i mai, hatt kontroll over grenseovergangen i Rafah.

Ein viktig del av våpenkvileforhandlingane handlar om denne grensa.

Israels statsminister Benjamin Netanyahu meiner at Israel må ha kontroll over denne grensa, noko Egypt har motsett seg.

Netanyahu peiker på grensa mellom Gaza og Egypt på eit kart.

Benjamin Netanyahu ønsker at Israel får kontroll over grensa mellom Egypt og Israel. Grenseovergangen har vore særs viktig for å få inn naudhjelp til palestinarane. Netanyahu fryktar at det er her Hamas får inn våpen.

Foto: Ohad Zwigenberg/Pool / Reuters

Publisert 12.09.2024, kl. 12.49

Read Entire Article