Flyalarmen går fleire plassar i Ukraina. Målet skal vere straumnettet i landet.
The Kyiv Independent melder om eksplosjonar i fleire byar, mellom anna Kyiv, Kharkiv, Odesa, Lutsk og Rivne.
Styresmaktene i Kyiv fortel Reuters om fleire eksplosjonar i Kyiv rundt klokka 7 torsdag morgon. Der har fleire søkt dekning på metrostasjonar under bakken.
I natt åtvara det ukrainske luftforsvaret innbyggarane om eit missilangrep mot hovudstaden.
Rammar energiverk før vinteren
Energi-infrastrukturen har fått «eit kraftig slag» frå russarane, skriv Ukrainas energiminister, German Galuschenko, på Facebook.
Det går mot krigens tredje vinter, og ukrainarane førebur seg på iskalde temperaturar.
Den statlege nettoperatøren Ukrenergo har kunngjort at dei vil skru av straumen i fleire regionar i eit forsøk på å verne om straumnettet under angrepa.
Den siste veka har Russland hatt fleire store luftangrep som har resultert i straumrasjonering for ukrainarane.
Etter dei siste angrepa å døme, går Russland for den same taktikken som i vår i år og vinteren 2022-2023: å ramme straumnetta på ein måte som Ukraina kallar for «energiterror».
Fleire ønsker forhandlingar
Ei Gallupundersøking som blei publisert førre veke viser at ukrainarane blir stadig mindre motiverte for å halde fram krigføringa. No vil over halvparten ha ein rask slutt på krigen, om det så inneber forhandlingar med Russland.
Medan USAs president Joe Biden set inn siste støyt for støtte til Ukraina, har Donald Trump vore uttalt kritisk til slik støtte frå USA. Han seier han heller vil få ein slutt på krigen når han kjem inn i Det kvite hus igjen i januar.
Om han faktisk vel å kutte støtta frå USA, vil Europa slite med å gjere opp for det, ifølge utrekningar frå Bloomberg.
Torsdag morgon blei det klart at Trump har peika på Keith Kellogg som Ukraina-utsending, ei stilling som ikkje finst i Biden-administrasjonen, men som Trump vil opprette.
Kellogg skal ha lagt fram ein plan for å få slutt på krigen, skriv Trump på sitt eige sosiale medium.
– Fred skjer på Putins premiss
Omtrent på same tid gjekk den russiske viseutanriksministeren Sergej Riabkov ut og sa at fred i Ukraina berre vil vere mogleg om Vesten godtar Russland sine krav.
Russlands president Vladimir Putin har tidlegare sagt at dei berre vil gå med på fredssamtalar om Ukraina gir opp sine ambisjonar om Nato-medlemskap og trekker styrkane sine tilbake frå fire ukrainske regionar som Russland gjer krav på.
– USA og Vesten må innsjå at det ikkje finst alternativ til Putins tilbod, sa Riabkov, ifølge det statlege nyheitsbyrået Ria.
Publisert 28.11.2024, kl. 06.59 Oppdatert 28.11.2024, kl. 07.29