30 år sidan EU-avstemminga – i denne kommunen sa 94 prosent nei

3 hours ago 2



I dag er det nøyaktig 30 år sidan var det EU-avstemming her i landet, og resultatet vart 52,3 prosent til neisida.

Nordland hadde åtte av de ti mest EU-fiendlige kommunene for 30 år siden

Flakstad i Lofoten var aller mest i mot.

I det vesle fiskerisamfunnet, som då hadde 1700 innbyggarane, stemde 93,7 prosent nei til EU.

Så då det nasjonale resultatet vart klart i 1994, steig jubelen i taket i heile Lofoten.

– For meg som fiskar, så har vi gjort eit godt val. Det er heilt sikkert, sa fiskar og EU-motstandar i Flakstad, Steinar Friis den gong.

Flakstad feirer EU-nei

Dagen etter folkeavstemming om norsk medlemskap i EU i 1994. Geir-Olaf Sørensen (til venstre) og Steinar Friis i Noregs Kystfiskarlag fann grunn til å heise flagget for at Flakstad var på topp blant Nei-kommunane.

Foto: Erik Veigård / Scanpix

– Ville stemd nei

For 30 år sidan var dagens ordførar i Flakstad, Einar Benjaminsen, berre 12 år.

– Hadde det vore nytt EU-val ville eg ha stemt det same som dei gjorde i 1994, seier Benjaminsen.

– Sjølv om du er Høgre-mann?

– Ja. Eg er oppvaksen i fiskerinæringa og der har frykta alltid vore at fiskekvotane skal hamne i EU-hender.

Ordførar Einar Benjaminsen i Flakstad

– Viss det skulle ha vore EU-stemning i dag, er eg sikker på at det ville det blitt eit nei i Flakstad, seier Høgre-ordførar Einar Benjaminsen.

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

– I dag er det dobbelt så mange land som er med i EU som det var for 30 år sidan. 27 land. Kvifor er det ikkje lurt å sitte ved det forhandlingsbordet?

– For meg handlar det meste om å ha kontroll på eigne ressursar. Eg er eigentleg ganske fornøgd sånn som den ordninga vi har.

Han trur han har sambygdingane med seg i det resonnementet.

– I 1994 var det ingen tvil om at fiskeri var ei stor årsak til at det vart ein så pass stor nei-prosent i Flakstad. Viss det potensielt skulle ha vore EU-stemning i dag, er eg sikker på at det ville det blitt eit nei i Flakstad.

Napp, Lofoten

Det største fiskeværet i Flakstad er Napp.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

EØS-avtale betre EU-medlemskap

Men er det slik at norsk farvatn vil bli rent ned av trålarar frå EU dersom Noreg skulle bli medlem i EU?

Det har professor Frode Nilssen ved Nord universitet forska på. Han har vore med å skrive ei bok kor dei drøftar sjømatnæringa sitt forhold til EU.

Her kjem det fram at sjømatnæringa nok vil tape meir økonomisk på bortfall av EØS, enn det er å vinne på EU-medlemskap.

– Ved å seie nei til EU har Noreg heldt på fiskerettane sine. EØS-avtalen gjer at vi ikkje opnar opp for diskusjon om kvoterettigheitene.

Frode Nilssen

– EU får om lag 25.000 arbeidsplassar basert på import av norsk fisk, seier professor Frode Nilssen ved Nord universitet.

Foto: Nord universitet

Men sjølv med EØS-avtalen er tollreglane slik at dersom vi gjer noko med fisken før vi eksporterer han, stig tollsatsen til 15 prosent.

Det har ført til 25.000 arbeidsplassar i EU basert på fisken vår

– På ein måte er det kanskje sosialt og bra å fordele goda. Vi kan la andre få lov å skjære i fisken. Det er eigentleg betre for forbrukarane også, meiner Nilssen.

I dag deler Noreg og Russland på torsken i Barentshavet. I tillegg går nokre fiskekvotar til EU. Dersom Noreg hadde vore EU-medlem, kan det ha sett annleis ut.

– Fleire land ville nok meldt seg på for å fiske, som Spania, Portugal, Tyskland og Polen. Det hadde blitt vanskeleg. Samstundes er det jo ikkje sikkert at dei hadde gjort det utan vidare.

Trur det hadde blitt ja i dag

Generalsekretær i Europabevegelsen Fredrik Mellem seier at han trur at det hadde blitt ja i Noreg viss det hadde vore avstemming i dag.

– Vi meiner at Noreg bør vere medlem fordi vi har pådratt oss eit ganske stort demokratisk underskot ved å ikkje vere medlem.

Han forklarar det med at i dag så er det mange politikarar frå andre land i Europa som vedtek lover og reglar som også gjeld for Noreg. Og det skjer utan at nordmenn er involvert i verken diskusjonane, forhandlingane eller avgjerdene.

Anne Enger Lahnstein og Gro Harlem Brundtland var frontfigurene under EU-kampen i 1994.

Anne Enger Lahnstein og Gro Harlem Brundtland var frontfigurane under EU-kampen i 1994.

Foto: Bildemontasje

– Eg kan legge til at det er berekna at det er 21.000 arbeidsplassar i EU knytt til foredling av norsk fisk. Det seier seg sjølv at her har vi gått glipp av ein del moglegheiter dei 30 åra som har gått.

Ungdom er meir EU-positiv

Det er faktisk slik at nordmenn går i ei meir EU-positiv retning, og det er to grupper i front: Ungdom og menn. Det skriv NTB.

42 prosent av norske menn ville stemd ja ved ei folkeavstemming, mot 27 prosent av kvinnene. Det kjem fram i ei undersøking gjennomført av Sentio Research for Klassekampen og Nationen.

Blant nordmenn under 30 år er det eit tydeleg ja-fleirtal blant dei som har teke stilling: 47 prosent seier ja til EU-medlemskap, medan 30 prosent seier nei.

EU mange flagg

42 prosent av norske menn ville stemd ja ved ei folkeavstemming, mot 27 prosent av kvinnene.

Foto: GEORGES GOBET / Afp

Men det er framleis klart nei-fleirtal i folket. Om det hadde vore folkeavstemming om EU i morgon, ville 34,9 prosent stemd ja, og 46,7 prosent nei. 18 prosent «veit ikkje».

Dette er likevel den svakaste målinga for neisida sidan november 2009, skriv NTB.

Forskingsleiar Johannes Bergh ved Institutt for samfunnsforsking understrekar at synet til nordmenn på EU har vore stabilt over tid.

– Det er totalt sett eit veldig solid nei-fleirtal når det gjeld haldninga til EU-medlemskap. Det som svingar, er andelen som seier «veit ikkje», seier Bergh.

At ungdommen er positive, forklarer valforskaren slik:

– Dei som er unge, og til dels også dei som ikkje er fullt så unge, har ikkje opplevd den førre EU-debatten. Dei dannar meininga si ut frå situasjonen her og no, seier Bergh.

Publisert 28.11.2024, kl. 08.41

Read Entire Article