Trumps utvalde

4 days ago 13



Ein vaksineskeptisk helseminister, ein justisminister som har blitt etterforska for sexhandel, og ein heilt ny «kommisjon» leia av Elon Musk. Dette er Trumps draumeregjering.

Då Trump blei president førre gang, sa mange at han ikkje var førebudd til å ta over makta.

Denne gongen har han fleire av støttespelarane sine klare. Og Trump skyr ikkje kontroversar.

– Trump personifiserer statsmakta. Han vel folk som først og fremst skal fremme Trumps personlege og politiske agenda, seier USA-ekspert Hilmar Mjelde om dei utvalde.

Det er ein stor jobb å stable presidentskapen på beina. 4000 roller skal fyllast.

Election 2024 Trump Photo Gallery

Donald Trump under valkampen tidlegare i år.

Foto: Evan Vucci / AP

Etter valet har Republikanarane fått fleirtal i Senatet. Det er denne gjengen som skal godkjenne mange av dei sentrale rollene i Trump-regjeringa og apparatet rundt.

Så sjølv om Trump er sikker på kven han ønsker å ha rundt seg, er det ikkje slik at det nødvendigvis blir desse.

Her er nokre av dei som truleg får utøvande makt i verdas mektigaste land:

Etterforska for sexhandel

Den 42-år gamle juristen Matt Gaetz skal etter alt å dømme bli Trumps justisminister. Han er kjend som ein bråkmakar i Kongressen. Både demokratar og republikanarar er overraska over valet.

I 2020 blei han skulda for sexhandel av ei mindreårig jente på 17 år. Etterforskinga blei avslutta i fjor utan at det blei tatt ut tiltale.

Trump Transition Gaetz

Matt Gaetz har mange fiendar, skriv fleire medium.

Foto: Alex Brandon / AP

Etikkomiteen i Representantanes hus opna ei gransking av saka, og ein rapport skulle stå klar 15. november.

Denne veka sa Gaetz frå seg plassen sin i Representantanes hus, som dermed også avslutta granskinga av han, ifølge New York Times.

Han er i tillegg skulda for å ha vist fram bilde av nakne kvinner til personar i Kongressen, noko han har nekta for.

– Det er eit særleg oppsiktsvekkjande val, seier USA-ekspert Hilmar Melde.

Men dette ser ikkje ut til å vere eit hinder for å gi Gaetz justisminister-posten. Heller ikkje alle fiendane han skal ha blant både Demokratar og Republikanarar.

Han er derimot svært lojal mot Trump.

Former President Donald Trump's Hush Money Trial Continues In New York

Matt Gaetz stilte seg bak Trump då han blei kjent skyldig i hysj-pengesaka i mai 2024.

Foto: POOL / AFP

– Han vil få ein slutt på det autoritære styret, beskytte grensene, slå ned på kriminelle organisasjonar, og gjenopprette amerikanarane si tru og tillit til Justisdepartementet, sa Trump sjølv om utnemninga.

– Det fortel oss at Trump vil at justisministeren sin skal vere som Roy Cohn og Michael Cohen, som var Trumps personlege advokatar i New York og kjent for sin svært aggressive stil og blind lojalitet til Trump, seier USA-ekspert Hilmar Mjelde.

– Tragisk og ekstremt underhaldande

Trump har den siste tida fått eit nytt fast følge: Elon Musk.

Den påtroppande presidenten snakka varmt om sin nye besteven tallause gonger i valkampen. Frå talarstolen då han vann valet, og seinast på ein fest på Trumps luksusresort Mar-a-Lago i Florida.

Han introduserte Musk som ein mann med «ein seriøst høg IQ».

– Han er ein skikkeleg bra fyr. Og han liker denne staden. Eg får han ikkje ut herfrå. Men veit du kva? Eg liker å ha han her, sa Trump.

Det var spekulert i kva rolle Trump ville gi Musk, og denne veka blei det kjent.

 Elon Musk is seen at a Trump rally in Pennsylvania

Elon Musk stilte seg bak Trump som presidentkandidat like etter at han blei skoten under valkampsmøte i Pennsylvania. Her er han tilbake på staden.

Foto: Brian Snyder / Reuters

Saman med forretningsmannen Vivek Ramaswamy har Musk fått i oppgåve å gå gjennom alle føderale utgifter og kutte i departement, etatar, pengebruk og reguleringar.

Dette skal dei to milliardærane gjere under eit heilt nytt departement ved namn Departementet for effektiv styring, forkorta «Doge».

Ifølge AP skal det fungere meir som ein kommisjon enn eit departement. Det skal ikkje vere ein del av regjeringa, men skal jobbe opp mot regjeringsapparatet.

– Dette kjem til å bli ekstremt tragisk og ekstremt underhaldande, skriv Musk på sin eigen meldingsplattform, X.

Effektiviseringsprosjektet skal vere ferdig 4. juli 2026, ifølge Trump.

Norskamerikanar skulda for overgrep

I fleire år var Pete Hegseth kommentator for den konservative TV-kanalen Fox-News. No skal han truleg bli USAs nye forsvarsminister.

– Med Pete ved roret får USAs fiendar ein klar beskjed – vårt militær vil bli stort igjen, og Amerika skal aldri gi seg, sa Trump om Hegseth.

Trump Pardon

Pete Hegseth (t.v) då han var programleiar i Fox and Friends i 2019. Her intervjua han Clint Lorance som er tidlegare dømd for krigsbrotsverk i Afghanistan og seinare benåda.

Foto: Mark Lennihan / AP

Hegseth, som har bakgrunn frå det amerikanske forsvaret, har tidlegare sagt at han er motstandar av å ha kvinner i strid, og har villa fjerna mangfaldstiltak i forsvaret.

USA er det landet i verda som bruker mest pengar på forsvar, og Hegseth skal no forvalte eit budsjett på nærare 9380 milliardar kroner.

Han var tidlegare programleiar på Frokost-TV på Fox News, og har ikkje noko administrativ erfaring.

Mange har stilt spørsmål til om han er kompetent til å styre verdas største forsvarsbudsjett.

Etter at nyheita om at Trump ville utnemne Hegseth til forsvarsminister har tidlegare skuldingar mot han kome til overflata.

Trump Transition

Pete Hegseth intervjua Donald Trump for Fox News i 2017.

Foto: Andrew Harnik / AP

I 2017 blei han skulda for eit seksuelt overgrep som skal ha gått føre seg på eit hotell, melder Vanity Fair. Offeret skal ha hatt blåmerke på låra etter hendinga.

Skuldingane mot Hegseth blei etterforska av politiet i byen Monterey i California. Ifølge forsvararen blei saka lagt vekk etter manglande bevis.

Ifølge New York Times skal han ha blitt skulda for seksuelle overgrep nokre år tilbake, men nekta sjølv for at det har skjedd. Han har derimot betalt kvinna for at ho skal halde stilt om det, ifølge avis.

Viste støtte til Assad-regimet

Også når det gjeld sjefen for dei amerikanske etterretningstenestene, har mange reagert på Trumps val.

Tidlegare demokrat Tulsi Gabbard stilte seg bak Biden i 2020, men valde å forlate Det demokratiske partiet i 2022. I år stilte ho seg bak Trump.

Og no blir ho etterretninsdirektør for FBI, CIA, og NSA og 15 andre etteretningstenester. Gabbard er frå Hawaii og militærveteran, men har ikkje noko erfaring frå etterretning.

Republican presidential nominee and former U.S. President Trump visits North Carolina

Tulsi Gabbart tok ei heilomvending frå å sjølv stille mot Trump som Demokratane sin kandidat i 2020, til å stille seg bak Trump.

Foto: Carlos Barria / Reuters

Som demokrat var ho for statleg helsevesen, gratis høgare utdanning, og strengare våpenlovgiving.

No har pipa fått ein ny lyd. Ho har tatt sterk avstand frå Demokratane som ho meiner er «for woke», og vore tydeleg på kva ho meiner om ytringsfridom og kjønnsproblematikk.

Gabbard har blitt kritisert for å ha vist støtte til Assad-regimet i Syria, og for å vere «kosete» med Russland.

Ifølge New York Times skal ein kjend programleiar på statleg russisk TV kalla henne for «kjærasten vår».

Vaksineskeptikar som helseminister

Same dag som Verdas helseorganisasjon annonserer ein auke i meslingutbrot grunna manglande vaksinering, går Trump ut med kven han vil ha som helseminister.

Vaksineskeptikar og miljøaktivist Robert F. Kennedy jr. tilhøyrer USAs mest berømte familie.

Candidate RFK Jr. Holds Cesar Chavez Day Event As He Pushes Latino Outreach In His Presidential Bid

Tidlegare i år stilte Robert F. Kennedy Jr. som uavhengig presidentkandidat

Foto: MARIO TAMA / AFP

Fram til Kennedy jr. stilte seg bak Trump i august, var etternamnet hans nærmast synonymt assosiert med Det demokratiske partiet.

– RFK som helseminister er også svært spesielt. Å sette ein vaksinemotstandar til å leie helsedepartementet kan vere direkte kontraproduktivt sett frå eit folkehelseperspektiv, seier Mjelde.

Kennedy jr. har hevda at koronavaksinar er dei dødelegaste vaksinane som er funne opp, spreidd falsk informasjon om at vaksinar fører til autisme, og i 2021 blei han kasta ut av Instagram fordi han hadde delt feilinformasjon om korona.

Erfaren utanrikspolitikar

Sidan førre gong Trump var president har verda blitt meir uroleg.

Marco Rubio blir truleg USAs nye utanriksminister. Han er erfaren på utanriksfeltet og har leia etterretningskomiteen i Senatet i mange år.

Då Trump stilte som presidentkandidat i 2016, stilte Rubio imot han.

 Senator Marco Rubio (R-FL) reacts to the Texas school shooting in Washington

Marco Rubio er senator frå Florida.

Foto: Joshua Roberts / Reuters

– Marco Rubio er den mest tradisjonelle og kvalifiserte. Det kan bety at vi ikkje får den heilt store kursendringa i amerikansk utanrikspolitikk, seier Mjelde.

Han meiner at løysninga på krigen mellom Russland og Ukraina er forhandlingar. Han har også støtta Israel i krigen på Gazastripa, i tråd med dei fleste republikanarar.

Slik sett kan Rubio vere ein av dei meir tradisjonelle støttespelarane som Trump vil ha rundt seg.

Trump-leiren har ein stor jobb framfor seg når dei skal tilsette meir enn 4000 personar i statsapparatet.

Her er nokre av dei som blir sentrale:

  • Susie Wiles

    Brian Snyder / Reuters / NTB

    Susie Wiles

    Susie Wiles får rolla som stabssjef, og får ansvar for administrasjonen i Det kvite hus. Ho blir Trumps nærmaste medarbeidar og rådgivar.

    Wiles er høgt respektert for å greie å organisere valkampen hans saman med Chris LaCivita, og blir sett på som en erfaren strateg.

    Under Trumps førre presidentperiode var det fire personar som hadde denne rolla.

  • Stephen Miller

    Evan Vucci / AP / NTB

    Stephen Miller

    Stephen Miller får truleg rolla som «deputy chief of staff for policy» i Det kvite hus. Miller har lenge vore Trumps rådgjevar på innvandring. Det blir sagt at han er hjerna bak Trumps plan om å deportere innvandrarar. «Meir enn ein million i året», har Miller sagt.

    Han har også tidlegare tatt til orde for reiseforbod retta mot folk frå muslimske land.

  • Lee Zeldin

    Brendan McDermid / Reuters / NTB

    Lee Zeldin

    Han er utnemnt til å leie det amerikanske Miljødirektoratet, og får i oppgåve å deregulere delar av Bidens klimapolitikk samtidig som han skal sikre at USA «får den reinaste lufta».

    Då Trump var president, trekte han USA ut av Parisavtalen, som Noreg er ein del av. Under valkampen har han lova å gjere det same igjen.

Publisert 17.11.2024, kl. 10.36

Read Entire Article