Tre barn i same nabolag skal ha blitt valdtekne av foreldre og bror

1 month ago 19



Saken oppsummert

Ankesaken etter overgrepene i Ullensvang starter i Gulating lagmannsrett måndag. Etter ønske fra forsvarsadvokatene er en vitnepsykolog oppnevnt som sakkunnig.

Et foreldrepar og deres eldste sønn ble i tingretten dømt for voldtekter av de to yngste barna i familien. Tingretten mente foreldrene etablerte et regime hvor overgrep ble hverdagen.

Nabomannen ble også dømt for voldtekter av nabojenta og sin egen sønn. Retten mente han opptrådte som om han var forelsket i jenta og utnyttet hennes sårbarhet.

Oppsummeringen er laget med kunstig intelligens (KI) fra OpenAI. Innholdet er kvalitetssikret av TV 2s journalister.

«Fullstendig grenseløst» og «så massivt, grovt og alvorlig at det er vanskeleg å sette ord på det».

Det var den kraftige ordbruken frå dommarane i Hordaland tingrett, då dei i vinter felte dom i den svært omfattande overgrepssaka i Ullensvang kommune.

Alle anka umiddelbart. 

Måndag 9. september startar den tretten veker lange ankesaka i Gulating lagmannsrett.

«Overgrep ble hverdagen»

Eitt foreldrepar og deira eldste son vart dømde for valdtekter av dei to yngste barna i familien; ei jente som i dag er 12 år og ein gut som er blitt 17 år. 

Foreldra «etablerte eit regime hvor overgrep ble hverdagen», meinte tingretten.

Nabomannen i 30-åra vart dømd for valdtekter av både nabojenta (12) og sin eigen son (11).

 Helge Birk Knudsen / TV 2
Dette er dei tiltalte og dommane dei fekk i Hordaland tingrett. Dei grove valdtekene av dei tre barna skal ha skjedd over fleire år. Grafikk: Helge Birk Knudsen / TV 2

Tingretten meinte han opptredde som om han var forelska i nabojenta og utnytta at ho var i ein sårbar situasjon

Hjå nabofaren fekk jenta «den oppmerksomheten hun ikke fikk hjemme, for der var hennes bror «favoritten»», argumenterer dommarane. 

21 års forvaring

– Han meiner historiene om kva han skal ha gjort ikkje har rot i verkelegheita. Å ikkje bli høyrd i tingretten gjekk sterkt inn på han, seier advokat Jan Henrik Høines til TV 2.

– Ein heil familie er knust og øydelagd for noko vi ikkje har gjort

Han forsvarar faren i 50-åra som fekk 21 år forvaring av tingretten. Dei meinte overgrepa hadde «sadistisk preg og at han hadde åpenbart ingen grenser for hva han utsatte barna for».

Før han vart tiltalt og dømd for overgrep mot eigne barn, sona mannen i fengsel for nedlasting og deling av overgrepsbilete og filmar.

Han kalla seg «Blondpus» då han chatta med andre om overgrep av barn. Tingretten påpeikar at mange av bileta frå beslaget den gong, liknar på overgrep som barna hans skal ha blitt utsatt for.

«Også den type overgrep som (NN) i denne saken beskrev som «for utrolige til å ha skjedd»», skriv tingretten.

Dette blir nytt

I utgangspunktet blir ankesaka temmeleg lik forhandlingane i tingretten.

– Dette er ein stor og krevjande sak for alle involverte. Men det er ingen store endringar i sjølve straffesaka, seier statsadvokat Ellen Cathrine Greve.

Beate Hamre er bistandsadvokat for det fornærma søskenparet.

– Dei er framleis sterkt prega av overgrepa og omsorgssvikten dei har vore utsette for. Dei blir godt ivaretekne i fosterheimane dei bur i, seier ho til TV 2.

I løpet av dei første tre vekene skal over 50 timar med tilrettelagde avhøyr av dei tre barna spelast av. Og svært mange av dei over 100 vitna skal inn igjen i retten og gi sin forklaring.

Det er likevel éin vesentleg forskjell. Lagmannsretten har utnemd vitnepsykolog Ellen Margrethe Wessel som sakkunnig.

 Frode Sunde / TV 2
SAKKUNNIG: Vitnepsykolog Ellen Wessel, her frå rettssaka i Birgitte Tengs-saka i 2022. Foto: Frode Sunde / TV 2

Ho er ein av dei fremste ekspertane i landet på korleis hukommelsen vår fungerer.

Hennar vurdering kan ende opp med å bli sentral når dommarane skal avgjera spørsmålet om barna vart utsette for overgrep eller ikkje, eller i kva omfang det skjedde.

Alle dei fire dømde hevdar nemleg at barna snakkar usant. Deira forklaringar har blitt påverka av samtalar med barnevernstilsette før og etter dei tilrettelagde avhøyra med politiet, meiner dei.

– På generelt grunnlag er ofte mi rolle som sakkunnig å opplyse retten om vitnepsykologisk forskning, seier Wessel til TV 2. 

Ho kan ikkje snakke spesifikt om saken til TV 2 no.

– Fleire tiår med forskning har gitt kunnskap om korleis intervju, samtalar og avhøyr bør gjennomførast. Og korleis ein ikkje bør gjera det, for å forhindre påverknad og sikre påliteleg informasjon. Vi har derfor evidensbaserte metoder med klare retningslinjer som skal følgast for avdekkande samtaler og avhøyr i dag, seier Wessel.

Falske minner?

De tiltalte har også argumentert for at barna kan ha fått falske minner. 

– Barn er motstandsdyktige mot påverknad. Det er meir vanleg at barn lar vera å fortelje om det som faktisk har skjedd, samanfatta politioverbetjent Tone Davik i Kripos under tingrettsbehandlinga i fjor haust.

 Sorosh Sadat / TV 2

– Ingen barn kan fortelje dette, utan å ha opplevd det sjølve

– Det som kan vera skummelt er at det er svært vanskeleg å avdekke historier som har komne på avvegar. Då kan dei byrje å oppføre seg som ekte minner, supplerer Wessel.

På eit tidspunkt i tingretten peika også dei tiltalte på kvarandre.

Faren i 50-åra hevda dottera hans blandar overgrep ho skal ha opplevd hjå naboen. Nabomannen i 30-åra, som i ein periode hadde nærare 200 videosamtalar med same jenta, peika tilbake på faren hennar.

– Kva er det ho eigentleg fortel? Er dette noko ho har opplevd heime og overført til min klient? Eller, er det rein fantasi, spurte mannen sin forsvarar Kai Inge Gavle under prosedyrane i fjor.

 Jenny Eidesvik / TV 2
– SIN LIVS KAMP: Advokat Kai Inge Gavle forsvarar nabomannen, som fekk 12 års fengsel i tingretten. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

– Eit fire år langt mareritt

Tingretten erkjente i dommen at metodane som barnevernet brukte, særleg i samtalar med søskenparet, var «egnet til å påvirke». 

Politiet gav også rettleiing til barnevernstilsette om korleis dei skulle snakke med barna for å unngå «uheldig påvirkning». 

Tingretten meinte likevel ikkje at det var blitt etablert falske minner eller at forklaringane var uriktige eller «forureina». Dommarane viste mellom anna til psykologspesialistar og rettsoppnevnte sakkunnige som meiner barna «bærer preg av å ha blitt utsatt for seksuelle overgrep».

 Ane Hem / TV 2
50 TIMAR: Det fins totalt over 50 timar med tilrettelagde avhøyr som skal spelast av på nytt i Gulating lagmannsrett. Her er det eit avhøyr av jenta (12) som blir vist på storskjerm i tingretten. Forsvarar i svart. Rettsteikning: Ane Hem / TV 2

Forsvararane er difor nøgde med at vitnepsykologen er blitt sakkunnig i ankerunden.

– Min klient håpar og trur saken er betre opplyst for lagmannsretten og at et snart fire år samanhengande mareritt kan ta slutt. Han kjempar sin livs kamp for å bli reinvaska mot dei grufulle påstandane, seier Gavle.

– Ho har vore i varetekt sidan dommen og det er openbert krevjande. Men ho ser fram til at ankesaka no skal behandlast. Og er spent på den sakkunnige sin vurdering, seier advokat Astrid Aksnes, som forsvarar mora i 40-åra.

Read Entire Article