Frøya Skjold Sjursæther (MGD) må betale meir for bussbillett enn bompengar. No skal ho ta lappen.

Publisert 08.09.2025 18:57 Sist oppdatert 39 minutter siden
– Noko av det eg ser fram til, er å vere med på å finansiere Bybanen, seier Frøya Skjold Sjursæther.
Ho er førstekandidat for Miljøpartiet De Grønne (MDG) i Hordaland og nestleiar i Grønn Ungdom.
Ei av kjernesakene hennar, er å få ned biltrafikken i Bergen.
Likevel vil ho no ta lappen.

– Det passar kanskje ikkje med stereotypien, men Miljøpartiet De Grønne vil jo ikkje nekte folk å køyre bil. Vi forstår at folk gjerne treng bilen i kvardagen, men vi vil gjere det enklare å velje han vekk.
Då må kostnadane opp, meiner politikaren.
Tapar pengar
TV 2 tar 19-åringen med på øvingskøyring, for å høyre meir om kvifor ho no vil ta lappen, når målet hennar er å få ned biltrafikken.
Det går på høgg og belegg når den unge politikaren for første gong i sitt liv set bilen i «drive» og trillar sakte fram på parkeringsplassen.

Ho utdjupar:
– Det er heilt greitt at folk køyrer bil i ny og ne, men då må ein og vere villig til å betale for det. Slik det er no, får vi ikkje henta inn pengar til å finansiere viktige kollektivprosjekt, meiner Sjursæther.
Ho er sterk kritisk til utviklinga ein ser i byen i dag.

I Bergen ser ein nemleg at biltrafikken aukar, samstundes som innteningane frå bompengane går ned.
Ifølgje fylkeskommunen var gjennomsnittleg inntekt per passering på 11,8 kroner i i 2024. Prognosen for i år, er ei snittinntekt på 11,5 kroner.
I teorien er differansen mellom planlagd og faktisk inntening på 290 millionar kroner mindre enn planlagt.

– Vi tapar nesten seks millionar kroner i veka fordi vi hentar inn mindre i bompengar enn det kommunen og staten har planlagt for. Ein har planlagt for ein snittakst på 15 kroner per bilpassering, men ettersom fleire køyrer elbilar og får fordelar på grunn av det, så tapar ein pengar, seier Sjursæther.
– Men de vil vel at fleire skal velje å køyre elbil?
– Elbil fører også til kø, kork, luftforureining og kaos i byen. Vi ønskjer difor å auke bompengane for elbilar.
Når ikkje målet
Fleire av dei største byane i landet har inngått byvekstavtalar, som er eit samarbeid mellom stat, fylkeskommune og kommune om det nasjonale målet om nullvekst i persontransport med personbil.

I Nasjonal transportplan for perioden 2025-2036, er det lagt til grunn 88 milliardar kroner til byområda, i hovudsak til byvekstavtalane.
Likevel ser det ut til at fleire av byane slit med å nå måla.
– Viss ein berre ser på tala, ser det ut til å vere ein auke i fleire av byområda. Men tala er små og det medfører ein viss usikkerheit, seier Askill Hasle, forskar ved Transportøkonomisk institutt.
Han seier det er i Stavanger-området at det er tydelegast at ein ikkje når målet om nullvekst i biltrafikken.
Ifølgje tal frå Statens vegvesen, har både Oslo og Bergen det siste året lagt å duppa rundt nullvekstmålet, men også her har det vore ein svak auke i år.
Tromsø ligg godt an, medan Trondheim og Nord-Jæren er eit godt stykke unna.

Prøv TV 2s valomat
Trondheim ligg rundt fem prosent over 2019-nivå og Nord-Jæren ligg rundt tre prosent over målet.
I Bergen er talet på passeringar om lag 1,1 prosent høgare enn i fjor.

BERGEN: Den blå linja samanliknar et snitt i trafikknivået dei siste tre åra, og samanliknar med trafikknivået i referanseåret. Den oransje linja samanliknar det siste året med referanseåret. Foto: Skjermdump / Statens Vegvesen

TRONDHEIM: Den blå linja samanliknar et snitt i trafikknivået dei siste tre åra, og samanliknar med trafikknivået i referanseåret. Den oransje linja samanliknar det siste året med referanseåret. Foto: Skjermdump / Statens Vegvesen

TROMSØ: Tromsø signerte nullvekstavtale i 2023. Den oransje linja samanliknar det siste året med referanseåret. Vegvesenet har ikkje data frå tre år tilbake. Foto: Skjermdump / Statens Vegvesen

NORD-JÆREN: Den blå linja samanliknar et snitt i trafikknivået dei siste tre åra, og samanliknar med trafikknivået i referanseåret. Den oransje linja samanliknar det siste året med referanseåret. Foto: Skjermdump / Statens Vegvesen

OSLO: Den blå linja samanliknar et snitt i trafikknivået dei siste tre åra, og samanliknar med trafikknivået i referanseåret. Den oransje linja samanliknar det siste året med referanseåret. Foto: Skjermdump / Statens Vegvesen
Trengst tiltak
Hasle meiner at trass at andelen elbilar aukar, vil det vere mogleg for dei fleste byar å nå nullvekstmålet. Men det vil krevje tiltak.
– Prognosane tyder på at det kan bli vanskeleg om ein ikkje strammar inn politikken ganske mykje. Veksten i biltrafikken har vore mindre enn vi trudde for 5–10 år sidan, men ein må vere villig til å ta nokre upopulære grep for å lukkast.
Han viser både til auka bompengar, men og andre tiltak som kan gjere det mindre praktisk å bruke bil i kvardagen.
– Om alle vel det som er praktisk for seg, og ein ikkje strammar inn politikken, så blir det vanskeleg å unngå ein vekst i biltrafikken.

Prematurt
Både bybane- og bompengesaka har lenge vore ei heit potet i Bergen, og byrådet har avventa med å heve bompengeavgiftene.
Gruppeleiar i Høgre, Chris Jørgen Knudsen Rødland, seier dei per no ikkje ser behovet for å auke taksten.
– No viser reknestykket at det er tilstrekkeleg med midlar til prosjekta som er planlagt. Så må vi sjølvsagt ta diskusjonen om bompengar i Bergen når staten kjem med finansiering av ytterlegare prosjekt, men det er for tidleg å gjere no, seier Rødland.

Han viser også til at Bergen klarte nullvekstmålet i fjor, og kjem samstundes med eit stikk tilbake til MDG. Han meiner deira politikk vil føre til meir trafikk.
– Når MDG berre vil auke bompengane inn i æva, vil mange flytte ut av byane. Det vil i sum føre til meir trafikk i og rundt Bergen.
Dyrare enn å køyre
Etter tjue minutt på ein parkeringsplass i Bergen, blir det tydeleg at Frøya Skjold Sjursæther nok må køyre kollektivt ei stund enno.
Då ho er ferdig med køyreturen med TV 2, tar ho opp telefonen og kjøper ein billett til bybana for 46 kroner.
– Denne strekninga ville vel kosta meg rundt 18 kroner i bompengar, seier ho, og legg til:
– Så stor differanse burde det ikkje vere, i ei tid der vi veit vi må bruke meir kollektivt og mindre bil.

– Blir det mindre bybane på deg då, når du tar lappen?
– Nei, det trur eg ikkje. Det blir nok akkurat like mykje bybane, seier ho.