Laurdag er Nordlandsbanen stengt mellom Steinkjer og Bodø.
Det betyr at toget frå Bodø til Trondheim med avgang klokka 12.27 er innstilt. Det blir ikkje sett opp alternativ transport, ifølge SJ sine nettsider.
Likeins er toget frå Trondheim til Bodø med avgang klokka 07.49 innstilt, utan alternativ transport.
Årsaka er at det er venta store mengder nedbør.
Toget frå Mosjøen til Rognan klokka 6.42 er innstilt, mens toget blir køyrt frå Rognan til Bodø klokka 9.47. Det same gjeld andre vegen om ettermiddagen.
– Vi beklagar ulempene dette fører med seg, skriv SJ i meldinga.