To sjøkablar i Europa skadde: – Djupt bekymra

2 days ago 10



Måndag ettermiddag blei det kjent at ein kabel, som sender telesignal mellom Finland og Tyskland, var skada.

I eit samla utsegn seier dei finske og tyske utanriksministrane at dei er «djupt bekymra» over hendinga.

– Vår europeiske tryggleik er ikkje berre truga av Russland sin aggresjonskrig mot Ukraina, men også mot hybrid krigføring frå vondsinna aktørar, seier dei.

Kabelen det dreier seg om heiter C-Lion1, og blir operert av den finske statlege nettverksoperatøren Cinia. Dei fortalde om ein nettverksfeil måndag.

– Årsaka til feilen blir etterforska, sa selskapet i eit offentleg utsegn.

– På dette tidspunktet er det ikkje mogleg å vurdere årsaka til kabelbrotet, men brot som dette skjer ikkje i dette farvatnet utan å bli påverka utanfrå.

C-Lion1 er 1200 kilometer land, og er den einaste direkte koplinga av sitt slag mellom Finland og sentral-Europa, ifølge CNN.

Også sjøkabel mellom Sverige og Litauen

Måndag kveld er det klart at ein annan sjøkabel er skada, mellom Sverige og Litauen, melder litauisk offentleg radio LRT.

Denne kabelen blei brukt av Telia. Selskapet seier det har visst om brotet sidan søndag morgon.

Då meldte systema om ein nettverkssvikt, fortel teknologidirektør Andrius Šemeškevičius til LRT.

Šemeškevičius seier vidare at dei fekk nettverket tilbake på denne strekninga måndag kveld. Telia sender internett til Litauen via tre kablar.

Det er ukjent om det er nokon samanheng mellom dei to kabelbrota.

Publisert 18.11.2024, kl. 19.49 Oppdatert 18.11.2024, kl. 19.58

Read Entire Article