To mindreårige tiltalt for gruppevaldtekt av jente

1 month ago 29



Guttane på 15 og 16 år skal ha filma det påståtte overgrepet.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
GRUPPEVALDTEKT: Saka mot dei to tenåringane går for Hordaland tingrett i Bergen i september. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Publisert 20.08.2024 12:26 Sist oppdatert 9 minutter siden

To gutar på 15 og 16 år er tiltalte for å ha valdteke ei jente på under 14 år i januar i år.

Valdtekta skal ha skjedd i ein kommune i Nordhordland i Vestland fylke. Saka går for Hordaland tingrett over tre dagar i midten av september.

Begge gutane er også tiltalt for å ha kome med drapstrugslar mot offeret to dagar etterpå, om ho gjekk til politiet og fortalde kva som hadde skjedd.

Dei to tenåringane skal også ha samarbeida om å filme det påståtte overgrepet med mobiltelefonen. 

– Alvorleg

Den alvorlege tiltalen føyer seg inn i rekkja av fleire grove overgrepssaker blant unge som har gått eller skal gå for retten i år.

Gutegjeng tiltalt for overgrep: – Forgrep seg på jenta etter tur

Statsadvokat Magne Kvamme Sylta omtalar saka i Nordhordland som alvorleg, men har ikkje fleire kommentarar til tiltalen som er tatt ut per no.

Det er tatt ut tiltale for grov valdtekt av barn under 14 år fordi «det særlig legges vekt på at den er begått av flere i felleskap».

Paragraf 301 i straffelova har ei øvre strafferamme på 21 års fengsel.

Kjetil Ottesen er bistandsadvokat for den fornærma jenta. Også han omtalar dei tiltalte forholda for «alvorlege» ovanfor TV 2.

Nektar straffskuld

Marius Wesenberg forsvarar den yngste guten. 

– Han erkjenner ikkje straffskuld. Dette er ein enorm belastning for han, men han vil møte i retten og er innstilt på å forklare seg der, seier Wesenberg.

Rune Håkon Tjomsland forsvarar 16-åringen, men har på noverande tidspunkt ingen kommentarar om tiltalen til TV 2.

Read Entire Article