To av venene til Philip tok sjølvmord: – Måtte gjere noko

1 month ago 16



– Eg har alltid vore ein tenkar og tenkt over livet og meininga ved det.

Philip Jonson (38) står over landevegssykkelen og fiksar ein pedal som ikkje sit heilt.

Sykkelen har vore vegen både rundt heimstaden Engeløya i Steigen, og ut av tunge tankar. No håper han at sykkelen kan få fleire unge menn ut av tungsinnet.

Korleis?

Philip Jonson står bak sykkelen sin og skriver noe på en mobil. Han har på seg fullt sykkelutstyr. I bakgrunn synes fjell og hav.

Philip Jonson sykla 22 rundar rundt heimstaden sin, Engeløya, både i sommar og i fjor sommar for å samle inn pengar til menn og psykisk helse.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Ved å prate saman. Sykkelkampanjen har han gitt namnet «snakk om det mann».

Antal sjølvmord, og alkohol- og narkotikautløyste dødsfall gjekk nemleg markant opp i 2023, viser tal frå Folkehelseinstituttet.

For første gang er det ein overdødelegheit også hos unge under 40 år. Særleg menn er utsett.

Organisasjonen Mental Helse meiner det trengst fleire som Philip.

– Det at han deler sin historie og fortel at han har tronge hjelp, gjer han til eit forbilde for mange, seier leiar Ole Marius Johnsen.

Eit sjølvmord i året

Philip Jonson trur han har vore bekymra over livet. I alle fall sidan han gjekk på ungdomsskulen.

Dei fleste gongane har han kome seg gjennom det sjølv, utan å tenkje over det. Men to gongar har det nesten gått gale.

– No prellar dei tunge tankane av, fordi eg har det fint. Men når ein er klinisk deprimert har ein ikkje det skjoldet. Då et tankane deg opp.

Philip Jonson har på seg store solbriller, hjelm og sykkeltrøye. Han ser til venstre for kameraet. I bakgrunnen synes fjell og hav i pent sommervær.

Med sykkelhjelm på hovudet har mange av dei tunge tankane til Jonson klårna. Han trur idrett og treninga kan vere del av løysinga for fleire menn.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

No har Jonson knekt kodar og fått verktøy som gjer at han handterer dei mørke tankane betre: Mellom anna å prate med andre og ta seg ein sykkeltur.

I sommar gjorde han begge deler samtidig som han samlar inn pengar for å hjelpe andre menn med sin mentale helse.

Det er nemleg ikkje berre Jonson som har slite med tunge tankar i Steigen.

Philip Jonson sykler på en landeveg i Steigen. I bakgrunn synes blå, høye fjell. I forgrunn åkre med siloballer på. Et skilt til Steigen kirke synes også.

Engeløya i Steigen, som Philip Jonson syklar rundt, ligg ikkje langt unna Lofoten. Berre Vestfjorden ligg mellom dei.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Tal frå FHI viser at det er om lag eitt sjølvmord i året i Steigen. Det gjer at sjølvmordsraten i Steigen er 15,3 pr. 100.000 innbyggjarar. Landsgjennomsnittet ligg på 12,1 pr. 100.000.

Øvst på lista ligg Finnmark fylke, og Telemark og Vestfold ligg òg høgare.

Men tala har vore mørkare. Mellom 2014 og 2018 låg sjølvmordsraten i Steigen på heile 39,4. Då var tilsvarande tal for Noreg 11,6.

To av dei som har tatt livet sitt, var venene til Jonson. Den første fekk han til å sykle første gong. Då ein annan ven tok sjølvmord året etter, gjorde han det på nytt.

– Eg måtte gjere noko. Det er ikkje farleg å vise følelsar. Om alternativet er å ikkje leve, er det veldig mykje enklare å berre snakke om det.

– Ni menn i veka

Ole Marius Johnsen er landsleiar i Mental Helse. Det er ein organisasjon som jobbar for dei som har psykiske utfordringar.

Ifølge Johnsen er 71 prosent av dei som tar sjølvmord menn.

Landsleder i Mental Helse, Ole-Marius Minde Johnsen.

Landsleiar i Mental Helse, Ole-Marius Minde Johnsen fortel at ein stor del av deira medlemsmasse no er menn. Likevel må det bli gjort mykje for at menn skal prate om følelsane sine.

Foto: Emilie Gjengedal Vatnøy

– Det er ni menn i veka. Det er ein bror, ein far, ein son og ein kompis. Det er grufulle tal. Difor må vi ta det på alvor.

Gjennom fleire år har dei jobba for å lage samtalegrupper og aktivitetar for menn i deira lokallag. Dei jobbar òg inn mot politikarane.

– Innsamlinga til Philip bidrar til å styrke det arbeidet vi gjer for den psykiske helsa til menn. Det gjer at det faktisk blir betre.

Philip Jonson står ved vasken hjemme hos seg med ryggen til. Han har på segsykkelhjelm og sykkeltrøye. Bak på den blå sykkeltrøya står teksten "Snakk om det mann".

Philip Jonson har kalla sin sykkelkampanje for «snakk om det mann». Det har han òg dekorert sykkelkleda sine med.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Men kvifor er det eit så stort problem?

Johnsen meiner det handlar om den mannsrolla historisk sett. Det har òg kome fram i den ferske rapporten til Mannsrolleutvalet.

– Det handlar ofte om at menn skal vere den trygge forsørgaren, skape tryggleik og gi økonomisk føreseielegheit. Men ting skjer i livet, og vi er ikkje flinke nok til å prate om det.

Laga festival for å snu trenden

Då sjølvmordsstatistikken såg som verst ut, fekk lokalbefolkninga nok.

Nokon av dei gjekk saman og lagde ein festival som dei kalla «God nok». Den har ekstra fokus på psykisk helse.

Anna Holand og Kristin Holand sitter begge på en huske. Begge har på seg hvit singlet og caps. I bakgrunn synes grønne enger og trær og blå himmel.

Anna Holand (til venstre) sit saman med søstera si, Kristin Holand. Dei har begge jobba innan kultur for å setje fokus på psykisk helse.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

– Fleire i området hadde tatt livet av seg. Eg sat med nokre naboar og snakka om kva vi kunne gjere, som samla folk på ein positiv måte.

Det seier Anna Holand, som var primos motor ved den første festivalen.

– No samlast vi om eit felles prosjekt som har ein djup verdi i botn. Alle stiller opp og ønsker å få eit betre samfunn. Det er noko av det finaste eg veit.

Philip Jonson sykler rundt Engeløya. Han sykler forbi en grønn åker med hvite hundekjeks-blomster iført sykkelhjelm, solbriller, lyseblå sykkeltrøye og svart sykkelbukse.

I år sykle Philip Jonson rundt Engeløya samstundes som God Nok-festivalen blei arrangert.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

No har festivalen blitt gjennomført fem gongar.

I år er det Truls Teting som er ansvarleg for beredskap. Det er ekstra viktig på ein festival som set psykisk helse på agendaen.

– Vi rører ganske nært inn i sjela på folk. Difor tek vi også beredskap alvorleg. Konsekvensen av å ikkje gjere det kan vere veldig stor.

Ingar Strand, kommuneoverlege i Steigen, seier at han ikkje har nokon grunnlag for å seie noko om årsaka til at det er fleire sjølvmord i Steigen enn i resten av landet.

Det som er utfordrande med små tal og små kommunar er at eitt sjølvmord kan gi store talmessige utslag i statistikken.

Likevel har dei mannehelse som tema i kommunens folkehelseplan.

Sykling som terapi

I fjor som i år sykla Jonson 22 rundar rundt Engeløya under kampanjen. I år samla han inn i underkant av 100.000 kr til Mental Helse. I fjor samla han inn om lag 230.000 kr, men då var mykje stønad frå lokale bedrifter.

Han meiner menn kanskje treng andre møtestader enn kvinner. Trening kan vere ein slik naturleg møtestad der ein kan snakke saman om korleis ein har det.

– Eg har til dags dato aldri angra på ein sykkeltur, seier Jonson.

Philip Jonson sitter på kjøkkenet sitt iført briller, caps og en stripete t-skjorte. Han drikker kaffe av en grønn mummikopp. I bakgrunn synes en plakat med bilde av hvaler.

Ein prat om korleis ein eigentleg har det kan også skje over ein kopp kaffi, meiner Jonson, men oftare er et lettare når ein er i rørsle. Som i ein sykkeltur.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Han påpeiker likevel at det ikkje finst enkle løysingar på alvorlege psykiske problem. Det handlar om medisinar, terapi og korleis ein pratar til seg sjølv. Sykling er ikkje nok i seg sjølv.

Difor trur han samfunnet har ei nøkkelrolle for å snu den dramatiske trenden med sjølvmord blant menn.

Men då er det naudsynt med eit godt profesjonelt apparat som òg kan virke førebyggande på folk.

Johnsen i Mental Helse meiner lågterskeltilbod som rask psykisk helsehjelp må på plass over heile landet. Desse må òg rette seg mot menn.

Philip Jonson har på seg sykkelhjelm med sykkelbrillene opp ned og lyseblått sykkeltøy. Han smiler til kamera foran det grå huset sitt. I bakgrunn synes grønne trær og blå himmel.

Lokalsamfunnet i Steigen meiner det trengst fleire som Philip Jonson, som tør å snakke ope om tunge følelsar. Det er Mental Helse einig med dei i.

Foto: Sofie Retterstøl Olaisen / NRK

Kommuneoverlegen i Steigen, Ingar Strand, seier at det finst fleire tilsette i Steigen kommune som arbeider med psykisk helse, og råder folk som slit til å ta dette opp med fastlegen sin.

Vi trenger frontfigurar som Philip som setter fokus på psykisk helse og som tør å snakke om temaet.

Det er beredskapssjefen ved God Nok-festivalen i bygda òg einig i.

– Initiativet til Philip er så tøft. Det at han frontar å prate om det, gjer meg rørt, seier Teting.

Publisert 01.09.2024, kl. 18.31

Read Entire Article