Tenåringsgutar frikjent for gruppevaldtekt

4 days ago 10



Men gutane blir dømde for å ha filma det som skjedde med jenta under 14 år.

 Geir Johnny Huneide / TV 2
FRIKJEND: To gutar var skulda for å ha gruppevaldteke ei jente under 14 år i ein kommune i Nordhordland. No er dei frikjend. Foto: Geir Johnny Huneide / TV 2

Publisert 02.10.2024 15:00 Sist oppdatert 9 minutter siden

To tenåringsgutar på 15 og 16 år møtte i september i retten, tiltalt for å ha gruppevaldteke ei jente på under 14 år.

– Eg vart redd. Begge tvinga meg. Eg prøvde å presse i mot, men så tenkte eg at det var betre å berre bli ferdig slik at eg kunne kome meg vekk raskare, sa jenta om det ho opplevde som eit oralt overgrep i januar i år.

Bak eit kjøpesenter, etter å ha vore på ungdomsklubb med vennene, skal ho ha blitt utsett for eit overgrep som det også blei gjort filmopptak av.

I straffelova vår er all seksuell omgang med barn under 14 år, rekna som valdtekt.

Frikjent og dømd

Onsdag vart dommen forkynna for dei to tiltalte gutane og vergene deira.

Der blir begge frikjent for gruppevaldtekta mot jenta. Dei blir også frikjende for trugslar dei skal ha kome med.

Fagdommaren i Hordaland tingrette ville dømme, medan dei to meddommarane er i fleirtal om å frikjenne 16-åringen og 15-åringen for valdtekt.

Dei skriv at dei ikkje kan utelukka dei tiltalte sine forklaringar om at den seksuelle omgangen var frivillig, i tillegg til at straff må falle bort fordi dei involverte er i jambyrdes alder og utvikling med kvarandre.

Derimot er begge gutane dømd for å ha filma det som skjedde mellom dei tre. Dette fordi jenta var under 14 år. Dei blir dømde til samfunnsstraff i tretti timar.

Bistandsadvokat Kjetil Ottesen omtaler dommen som «svært overraskande».

– Vi registrerer fagdommarens mindretallsvotum. Vi ventar og ser om påtalemakta vil anke, seier advokaten til den fornærma jenta.

– Begge tvinga meg. Eg vart redd

Nekta for valdtekt: – Ho ville det

Under forhandlingane i Hordaland tingrett var det ikkje usemje mellom partane om at det hadde skjedd seksuelle handlingar mellom dei to gutane og jenta.

Men dei to gutane hadde ein heilt anna versjon av hendinga. Dei nekta begge straffskuld.

– Det var ho som masa veldig om å få gjere forskjellige ting, sa 16-åringen.

– Det var ho som ønska å gjere dette. Først han, så meg, så han igjen, sa 15-åringen til retten.

Forsvararane deira slakta politiet si etterforsking. Særleg kritiske var dei til at fleire ungdommar som var på kjøpesenteret same kveld, ikkje var avhøyrt. 

Det skal ha blitt vald vekk då politiet hadde video og bilete av sjølve hendinga, ifølge BA. I retten vedgjekk statsadvokaten at det ikkje var optimalt at eit vitne vart avhøyrt så seint som dagen før rettsforhandlingane.

– Denne saka er overraskande mangelfullt etterforska. Det er noko av det svakaste eg har sett, sett i lys av kor alvorleg skuldingane er, sa forsvarar Marius Wesenberg til Bergensavisen.

 Jon Bolstad / TV 2
SLAKTA ETTERFORSKINGA: Forsvararane Marius Wesenberg og Rune Tjomsland i Hordaland tingrett. Foto: Jon Bolstad / TV 2

Viste film

Gutane nekta også straffskuld for filminga, fordi jenta skal ha sagt det var greitt «så lenge ikkje fjeset var med», hevda dei.

Filmen frå ein av dei tiltalte sin telefon, vart spelt av for lukka dører i retten. Statsadvokat Magne Kvamme Sylta sette den 16 år gamle guten kraftig til veggs då han etterpå spurte han ut om filmen.

– Vi ser at ho ristar på hovudet. Korleis oppfattar du det?, spurte statsadvokaten.

– Som et nei. Akkurat på videoen ser det dumt ut. Men eg veit kva som er sant, svara 16-åringen.

Meddommarane skriv i dommen at heller ikkje filmen gir støtte for at det blei brukt tvang mot jenta og at det for dei er usikkert korleis ristinga på hovudet skal tolkast. 

Fagdommaren derimot, som altså er i mindretall, skriv at filmen er «svært vanskeleg å forene» med dei tiltalte sine forklaringar. Dommaren meiner ristinga på hovudet støttar at jenta ikkje ønska den seksuelle omgangen.

 Bjørnar Morønning / TV 2
AKTOR: Statsadvokat Magne Kvamme Sylta, her i forbindelse med ei anna rettssak. Foto: Bjørnar Morønning / TV 2

Skal i tenkeboksen

Statsadvokaten omtala gutane sin forklaring som «rein konstruksjon og løgn», ifølge BA

Han bad om fire års fengsel for dei to tiltalte, med tre og eit halvt år på vilkår. Altså soning i fengsel i seks månadar.

– Eg er overraska, seier Sylta om dommen til TV 2.

– Eg registrerer at fagdommeren er enig med min framstilling av bevisa i saka. Men eg kjem til å tenke meir gjennom dette før eg tar stilling til om vi ankar.

Frikjenninga i Hordaland tingrett kjem same dag som fire venninner vart frikjend i Agder tingrett for gruppevaldtekt av ei venninne.

Read Entire Article