Tek lengre tid å selje: – Det er nitrist

1 month ago 19



– Det kjem ingen på visning. Det er jo nitrist, seier Elisabeth Rett.

Ho og mannen bur i eit grått funkishus i Seljord. Huset har fire soverom, store vindauge og alt er på éin etasje. Dei bygde i 2008 og huset verkar ganske moderne.

Problemet er at ingen vil kjøpe det.

Dei la det ut for sal i august. Då var prisen 5.500.000 kroner. Nyleg skrudde dei ned prisen med 300.000.

Aukande salstid

Etter fleire år med høgt tempo tek det no i snitt lengre tid å selje bustad.

I desember tok det i snitt 69 dagar frå annonsering til sal.

Bak gjennomsnittet ligg det store forskjellar, sjølv i dei store byane.

I Bergen tok det 31 dagar i januar. Tromsø hadde lengst salstid med 121 dagar. I grisgrendte strøk kan det ofte ta enda lengre tid.

Det viser tal frå Eiendom Norge.

– Nokre år hadde vi veldig kort salstid. No er det gått opp til det ein kanskje kan kalle meir ordinære nivå, seier Henning Lauridsen i Eiendom Norge.

Makroøkonom i Handelsbanken, Karina Alsvik, meiner salstida har vore unormalt kort.

– Det kom nok av veldig låge renter og veldig sterk prisvekst. No er vi meir tilbake på normale nivå, seier Alsvik.

Karine Alsvik, Handelsbanken

Karine Alsvik er makroøkonom i Handelsbanken. Der jobbar ho med økonomiske emne som renteutvikling og bustadmarknad.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Vil flytte nærare barna

Elisabeth Rett i Seljord synest det er trasig å ikkje få selje.

– Det verste er usikkerheita. Vi vil jo vidare, men vi tør ikkje kjøpe noko nytt før salet er i boks, seier ho.

Elisabeth Rett selger boligen sin

Heime hos Elisabeth Rett er det ganske koseleg, særleg når ho lagar vaflar, men interessa om huset hennar kallar ho nitrist. Ho har delt på Facebookgrupper og stoppa folk på butikken, men så langt har ingen ville kjøpe huset.

Foto: Per-Ivar Kvalsvik / NRK

Rett føler dei har gjort alt rett.

Ho har skrudd ned prisen og prøvd å spreie ordet både blant vener og på sosiale medium.

Barna har etablert seg i Oslo. Målet er å kunne flytte nærare dei, men enn så lenge står draumen på vent.

– Vi blir veldig i limbo, seier Rett.

Limbo i Seljord. Øvre Telemark ligg eit stykke frå dei mest pressa bustadmarknadane i landet.

Eiendom Norge har tru på framtida

For dei fleste tek ikkje det sju månder, men enkelte bustader tek tid å selje.

Mari og Lars Erik har no selt leilegheita si etter 13 månader.

– Om sal tek lang tid, så gir det meir usikkerheit, seier Alsvik.

Eiendom Norge peikar på at aukande salstid kan vere eit teikn på at marknaden er i ferd med å snu.

– Prisane auka uvanleg mykje i januar. Mange bustader som var treige å selje i haust gjekk unna no i januar. Det vil trekke gjennomsnittleg salstida opp, seier Lauridsen.

Eiendom Norge-direktør Henning Lauridsen presenterer boligprisstatistikken for desember 2024.

Henning Lauridsen er administrerande direktør i Eiendom Norge. Dei organiserer norske bedrifter som driv med eigedomsmekling og lagar statistikk over bustadmerknaden.

Foto: Ole Berg-Rusten / NTB

Han meiner 2025 blir eit spesielt år på bustadmarknaden.

– Det er lite bygging og det er få nye bustader som blir ferdige, så no er det relativt store sjansar for at salet vil gå raskare framover, seier Lauridsen.

Publisert 21.02.2025, kl. 10.26 Oppdatert 21.02.2025, kl. 11.22

Read Entire Article