Støttar freds­pris­nominasjonen: – Lever i fortida

5 hours ago 3



– Eg er ikkje så veldig overraska over nominasjonen, seier Øivind Stenersen, historikar og tidlegare gjesteforskar ved Nobelinstituttet.

– For dei har jo ein del felles standpunkt, desse to herrane, seier han, og viser til USAs president Donald Trump og Israels statsminister Benjamin Netanyahu.

Meiner nominasjonen er hysterisk

Netanyahu nominerer altså Trump til fredsprisen midt i Israels krigføring på Gaza, som tar livet av mange titals, ofte hundrevis, av palestinarar kvar einaste dag. 

Nominasjonen skjer også berre veker etter at Israel innleia ein 12 dagar lang krig mot Iran, som også USA involverte seg i etter ordre frå president Trump.

 Privat
NOBELKJENNAR: Historikar Øivind Stenersen er tidlegare gjesteforskar ved Nobelinstituttet og ansvarleg redaktør for nettstaden paxiana.no, som mellom anna publiserer artiklar om fredsprisen. Foto: Privat

– Eg begynner nesten å tru at det berre er eit ironisk innspel, som et slags skjult angrep mot Nobelkomiteen, seier Stenersen til TV 2.

– Det er heilt hysterisk, synest eg. For her er det snakk om nominasjon frå ein mann som er skulda for å vere ein krigsforbrytar. Ein mann som går inn for å deportere folk.

Stenersen meiner også at Netanyahu er ein trussel mot det israelske demokratiet.

Når han snakkar vidare om krigen på Gaza, mistar han nesten orda.

– Det er jo ting som … Det strir mot grunntankane for det nobelprisen står for. Så det er jo heilt bak mål, for å bruke eit folkeleg uttrykk.

TV 2 har vore i kontakt med Den norske nobelkomité, som verken kan bekrefte eller avkrefte om Trump har blitt nominert. Alle nominasjonar er nemleg hemmelegstempla i 50 år.

 Kevin Lamarque / Reuters / NTB
TAKKNEMLEG: Trump takka Netanyahu varmt for nominasjonen til Nobels fredspris. Foto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB

Fristen for å nominere personar eller organisasjonar til nobelprisen var den 31. januar i år. Det vil seie at Netanyahus nominasjon ikkje vil gjelde før neste års pristildeling.

Tybring-Gjedde støttar nominasjonen

Trump har blitt nominert til fredsprisen fleire gongar, inkludert av den norske stortingspolitikaren Christian Tybring-Gjedde i 2018 og i 2020. Då sat han på Stortinget for Frp. 

Det siste året har han vore uavhengig representant. Tybring-Gjedde forlèt no Stortinget etter 20 år.

TV 2 spør Tybring-Gjedde om han har vurdert å nominere Trump igjen.

– Vi får sjå kva eg har gjort. Eg har ikkje lyst til å seie noko om det, svarer Tybring-Gjedde. 

 Ditlev Eidsmo / TV 2
UEINIG: Christian Tybring-Gjedde meiner ekspertane tar feil. – Dei lever i fortida, seier han til TV 2. Foto: Ditlev Eidsmo / TV 2

– Så du vil verken avkrefte eller bekrefte om du faktisk har nominert Trump igjen?

– Nei, det vil eg ikkje. Men uansett så har jo Netanyahu no gjort det same. Eg veit også at det er andre politikarar andre stader i Europa som har nominert Trump. 

– Men dersom du potensielt har nominert Trump, ville du då ha nådd fristen for i år?

– Godt spørsmål, men du lurer ikkje meg.

Tybring-Gjedde meiner Netanyahu tenker slik han sjølv gjorde då han nominerte Trump førre gong.

– Nemleg at å få fred i Midtausten og ei fredsavtale der er det aller viktigaste for å skape ei betre verd.

– Netanyahu nominerer til fredspris samtidig som Israel fører ein blodig krig på Gazastripa. Kva tenker du om dei omstenda? 

– Dette er jo ikkje ei lønn for at det pågå ein blodig krig på Gaza, seier Tybring-Gjedde. 

– Den krigen er ein respons på Hamas sitt terrorangrep på Israel. Krigen er separat frå det ein ønskjer å få til, som er ei brei avtale mellom fleire land i regionen.

Raftostiftelsen kritisk

I førre månad nominerte Pakistans regjering også Trump til fredsprisen. Historikar Stenersen trur ikkje det har noko som helst å bety at såpass tunge aktørar som Pakistan og Israel sine regjeringar nominerer Trump.

– Nei. Fordi Nobelkomiteen, med den grunnfilosofien som dei har, så er det heilt utenkeleg at Trump får prisen, slår Stenersen fast.

– Det ville stride mot heile tankegangen som nobelkomiteen står for i kvar einaste pris. Om det er fleire gærningar som nominerer, har ingen betydning.

Han får støtte frå Jostein Hole Kobbeltvedt, dagleg leiar i Raftostiftelsen.

– Sjansen for at Donald Trump får Nobels fredspris er omtrent null, seier Hole Kobbeltvedt til TV 2. 

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
KLAR SPÅDOM: Jostein Hole Kobbeltvedt i Raftostiftelsen ser inn i spåkula. Der ser han ikkje Donald Trump som fredsprisvinnar. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Trump er ein president som støttar eit pågåande folkemord mot palestinarane i Gaza. Ein president som har bidratt til å legitimere Vladimir Putins invasjonskrig mot Ukraina, og som går til angrep på dei institusjonane som skal sikre fred i verda, understrekar han.

– Lever i fortida

Men Tybring-Gjedde meiner dei to ekspertane tar fullstendig feil.

– Dei lever i fortida. No må dei forstå at vi lever i 2025, og det er framover vi skal skape fred.

Fleire ekspertar meiner det vil bryte med Nobels testamente å gi ein pris til Trump, men også det er Tybring-Gjedde rykande ueinig i.

– Då har dei ikkje lest testamentet nøye nok. For det viser mellom anna til å igangsette fredsarbeid og invitere til fredskonferansar. Det betyr at dei anten ikkje tolkar testamentet riktig, eller rett og slett ikkje har lest det slik intensjonane til Alfred Nobel var, seier Tybring-Gjedde.

– Meiner du at Trump burde bli tildelt prisen?

– Det synest eg Nobelkomiteen skal avgjere. Når du ser på dei som har fått prisen tidlegare, så er han iallfall langt meir kvalifisert enn mange av dei, seier Tybring-Gjedde.

– Trump gjer det han kan for å skape fred ulike stader, med utradisjonelle metodar, men han er veldig tydeleg på at han ønsker både fredsavtaler og våpenkvile ulike stader.

Smiskar med Trump – og det fungerer

Nobelkjennar og historikar Stenersen tolkar nominasjonane av Trump meir som eit diplomatisk spel.

– Og det mellom aktørar som ikkje er helt greie. Både mentalt og politisk, for å seie det sånn.

 Kevin Lamarque / Reuters / NTB
PÅ FRIARFERD: Israels statsminister Benjamin Netanyahu er avhengig av å ha støtte frå USAs president. Foto: Kevin Lamarque / Reuters / NTB

– Er den viktigaste årsaka, slik du ser det, å smiske med Trump?

– Ja, det er det. Dette er ein del av sånne smiskekampanjar som går føre seg. Det handlar om å vere på parti med Trump fordi det er så mange som er redde for at dei kan bli straffa. Difor må dei vere på lag med han, same kva han gjer.

– Kor smigra blir Trump, då?

– All smisk er bra. Han får jo støtte frå ulikt hald heile tida. Så dette er liksom ei lita fjør i hatten på denne presidenten. Så han synest det er flott.

Så er spørsmålet om Trump faktisk trur han kan få fredsprisen. Ifølge Trump-biografen Michael Wolff, så er svaret eit rungande ja.

Wolff: – Trump trur prisen er sikra

For ei veke sidan, la Wolff ut ein video på Instagram der han hevdar at Trump allereie har begynt å ringe rundt for å fortelje at han kjem til å få fredsprisen.

 Skjermdump frå Instagram
SIKKER: Trump-biograf Michael Wolff er sikker på at Trump meiner verdas gjævaste fredspris er i boks. Foto: Skjermdump frå Instagram

– Trump er overtydd. Han seier: «Eg kjem til å vinne. Dei kan ikkje halde den frå meg no.», det seier den anerkjende forfattaren og journalisten, som har skrive fleire bøker om Trump.

Trump var sikker på at prisen var i boks sidan han meiner han eigenhendig sikra fred mellom Israel og Iran.

Wolff legg til at Trump var så glad over at prisen var sikra at han til og med tok sin sedvanlege dans medan han song: «Eg kjem til å vinne, eg kjem til å vinne». Nettavisen har omtalt videoen tidlegare.

Wolff peikar på at Trump har hatt eit brennande ønske om å få prisen lenge, særleg sidan Barack Obama blei tildelt prisen i 2009.

– Null sjanse

Også historikar og fredspriskjennar Øivind Stenersen meiner det er lite overraskande dersom Trump faktisk trur at han vil bli tildelt fredsprisen.

– Han gjer så mykje rart, så det vil i grunn ikkje overraske meg. Han har et sjølvbilete som ikkje liknar noko. Innanfor hans verdsfortåelse, og slik som han ser på seg sjølv, så vil eg ikkje utelukke det. For dette er meir psykologi og psykiatri enn det er fornuft.

– Til slutt, kor stor er sjansen for at Trump faktisk kan bli tildelt prisen?

– Det er ikkje noka moglegheit for at det kan skje, avsluttar Stenersen.

Read Entire Article