Overlegar er uroa etter legeflukt: – Eit nasjonalt problem

5 hours ago 4



Først varsla tillitsvalde ved Haukeland universitetssjukehus om at legar seier opp i hopetal. No følgjer fleire sjukehus etter.

 Jenny Eidesvik / TV 2
ROPAR VARSKU: Legar ved fleire sjukehus meiner dei økonomiske rammene ved helseføretaka er for små. Dei fryktar konsekvensane. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

Publisert 05.09.2025 22:08

– Dette er ikkje eit vestlandsproblem, dette er eit nasjonalt problem, seier Zuzana Huncikova, tillitsvalt ved Stavanger universitetssjukehus.

Tidlegare denne veka blei det kjent at 70 legar ved Haukeland universitetssjukehus har sagt opp dei siste to åra, av om lag 2000 legar. 

Dette talet inkluderer ikkje legar som har gått av med pensjon eller legar i spesialisering som hadde planlagt rotasjon frå andre sjukehus. 

Dei vanlegaste årsakene er høg arbeidsbelastning, mangel på fleksibilitet og mangel på autonomi. 

 Kristian Myhre / TV2
KREVJANDE: Tillitsvalte ved Stavanger universitetssjukehus er uroa for belastinga legane står i på jobb, og konsekvensane det vil få for behandlingstilbodet. Foto: Kristian Myhre / TV2

Bergens Tidende skreiv om saka først. Då Huncikova las artikkelen, tenkte ho at han like gjerne kunne vore skrive om Stavanger universitetssjukehus. 

– Frå 2024 til 2025 var det 43 legar som slutta på på SUS, av rundt 1000 legar, seier ho. 

Uroa for konsekvensane  

Huncikova seier ho er svært uroa over utviklinga. 

– Det tar mange år å utdanne ein spesialist. Når dei forsvinn, blir dei ikkje nødvendigvis erstatta av folk med same kompetanse. 

Ho seier legane som slutta stort sett går til det private, til kommunehelsetenesta eller blir fastlegar.

– Kva konsekvensar kan dette få?

– Viss dette held fram, kan det få konsekvensar for behandlingstilbodet til befolkninga. 

– Kan det gå utover pasienttryggleiken? 

– Viss det held fram og aukar, ja.

 Kristian Myhre / TV2
SYKEHUSØKONOMI: Sjukehusa slit med økonomi og bemanning, noko som kan påverke pasientbehandlinga. Foto: Kristian Myhre / TV2

Ho meiner den pressa økonomiske situasjonen forsterkar problemet, særleg i lys av at SUS held på med å bygge eit nytt sjukehus. 

– Når sjukehusa må ta opp lån for nye bygg og bruke store summar på renter, forsvinn midlar frå den ordinære drifta. Det betyr i praksis mindre pengar til pasientbehandling og til å betre arbeidskvardagen for dei som jobbar her, seier Huncikova.

– Alvorleg  

På Haukeland universitetssjukehus er dei tillitsvalde klare på at dette er eit varsla problem. 

– Dette er ikkje ein situasjon som har oppstått akutt. Vi treng å fylle opp investeringsetterslepet som har vore over mange år, men det skjer for lite og det går for sakte, seier Bjørn Husebø, anestesilege og tillitsvald ved Haukeland. 

 Jenny Eidesvik / TV 2
VARSLA: Anestesilege Bjørn Husebø seier sjukehusøkonomien har vore dårleg lenge. No er grensa nådd. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

Han seier bakgrunnen for utviklinga er kompleks, men meiner mykje kan løysast med betre sjukehusøkonomi. 

– Vi treng betre økonomiske rammer. Ja, vi jobbar raskare, meir effektivt og smartare, og alt sånt som blir bedd av oss, men no er det ikkje så mykje meir å hente, seier Husebø. 

Desse har slutta

I ei kartlegging identifiserte dei tillitsvalde ved Haukeland universitetssjukehus ca. 70 legar som har slutta dei siste to åra. Legar som har gått av med pensjon eller vore i rotasjon frå andre sjukehus, inngår ikkje i desse tala.

Dei har snakka med 45 av legane som har slutta.

Av desse er 23 legar i spesialisering (LIS), 19 overlegar og 3 legespesialistar.

Dei opplyser at nokon har søkt seg til fastlegejobbar, nokon går privat og nokon går til kommunehelsetenesta.

Kjelde: Tillitsvalde ved Haukeland universitetssjukehus

Han viser til at helseføretaka har stått i trong økonomi i mange år med stadig nye innsparingar. 

– Vi har framleis ei sterk og trygg offentleg helseteneste. Men held det fram slik vi no ser svært tydelege teikn til, vil det endre seg, seier Husebø.

 Jenny Eidesvik / TV 2
MÅ SPRINGE FORT: Dei tillitsvalde på Haukeland seier legane prøver å springe fortare og jobbe smartare, men at grensa snart er nådd. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

Dei tillitsvalde seier dei tilsette ved sjukehuset er uroa. 

– Kva er de redde for viss dette ikkje blir tatt tak i? 

– Vi er redde for pasienttryggleiken og for å tape fleire kollegaer. Eg er og redd for at eg ikkje skal ha moglegheit til å halde meg fagleg oppdatert, seier Bjørg Merete Hjallen, ortoped og tillitsvald. 

Ho synest det er særleg urovekkande at erfarne overlegar seier opp. Dette får vidare konsekvensar for utdanning og opplæring av nye legar. 

Samstundes blir det stort press på dei nyutdanna. 

–  Vi vil jo at nyutdanna skal få ein god start på arbeidslivet. Det å få for store ansvarsoppgåver så tidleg i karrieren, kan gjere at vi og mistar mange av dei nye legane.  

 Jenny Eidesvik / TV 2
FLUKT: Ortoped Bjørn Merete Hjallen fryktar tap av kompetanse når erfarne legar sluttar og dei som er igjen får mindre tid til kompetanseutvikling. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

Nasjonalt problem 

Ståle Clementsen i Overlegeforeningen seier utfordringane på sjukehusa er godt kjent, men at situasjonen no er forverra. 

– Før hadde eg aldri høyrd om at nokon vil gå frå overlege til fastlege. No er det mange som gjer det. Dette er nytt og eit dårleg teikn, seier Clementsen. 

Også han meiner den økonomiske situasjonen må betrast for å snu trenden, slik at ikkje spisskompetanse går tapt. 

– Sjukehusa står i ei konstant innsparingskrise, mellom anna på grunn av finansieringsmodellen som gjer at sjukehus skal drivast som ei bedrift. Når sjukehusa samstundes må ta opp lån for å bygge nye bygg, druknar dei i renteutgifter som gjer at sjukehusa må spare på  mellom anna personalutgifter.  

 Jenny Eidesvik / TV 2
TELTE: Etter at dei tillitsvalde merka at fleire legar sa opp, bestemte dei seg for å kartlegge. Funna uroa dei. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

Dei tillitsvalde ved Haukeland peiker på regjeringa og Stortinget.

– Vi treng at styresmaktene set fokus på dette, også når valkampen er over. Viss vi ikkje får betre budsjettvilkår vil vi miste fleire kollegaer og situasjonen vil bli verre. 

Vil lytte

Helseminister Jan Christian Vestre (Ap) forsikrar om at han lyttar til dei tillitsvalde og meiner uroa deira blir tatt på alvor. 

Han vedgår at det har vore ein anstrengt sjukehusøkonomi over mange år, men seier at Arbeiderparti-regjeringa har tatt kraftfulle grep, mellom anna gjennom å styrke sjukehusbudsjetta med fleire milliardar kroner utover prisvekst. 

– Dette ser vi gir resultat, men vi er ikkje i mål. For oss vil dette vere ein hovudprioritet også dei neste fire åra, seier Vestre. 

 Lage Ask / TV 2
VIL PRIORITERE: Jan Christian Vestre (Ap) håpar på fire nye år som helseminister, og seier dette vil vere ein hovudprioritet dei neste fire åra. Foto: Lage Ask / TV 2

– Vi må gjere alt vi kan for å rekruttere og behalde fleire. Det handlar naturlegvis om økonomi, og om å gi fagleg tillit, støtte, utviklingsmoglegheiter, eit godt arbeidsmiljø og gode kollegaer.

Read Entire Article