Stjernerekke på valkampmøte i USA: Men nokre gjekk ut då Harris kom på

4 weeks ago 18



Det er ikkje kvart folkemøte ein ser Samuel L. Jackson hylle ein presidentkandidat sitt favoritt-bannord (det startar med M) og så livekonsert med Springsteen.

Men slik var det då Kamala Harris og tidlegare president Barack Obama møtte veljarar i Atlanta, Georgia.

Som dei mange før han, hadde æresgjesten med gitar og munnspel ei åtvaring til folket.

Veljarane let seg rive med av musikken på Harris sitt folkemøte i Georgia

Mange lét seg rive med av musikken under folkemøtet i Georgia.

Foto: JOE RAEDLE / AFP

– Donald Trump prøvar å bli ein amerikansk tyrann, sa han.

– Han forstår ikkje dette landet, historia bak det, eller kva det betyr å vere amerikanar inst inne. Det er difor eg gir mi stemme til Kamala Harris og Tim Walz 5. november.

Harris og Obama drive kampanje kvar for seg, ofte i to forskjellige vippestatar. Torsdag var første gongen dei heldt folkemøte saman.

Democratic presidential nominee U.S. Vice President Kamala Harris campaigns in Clarkston

– Stemma vår er makta vår. Og det er med makta vår vi vinn, sa Samuel L. Jackson.

Foto: Megan Varner / Reuters

Dette er Texas

Fleire amerikanske medium skriv at Beyoncé vil vere til stades på Harris sitt neste folkemøte i stjerna sin heimby, Houston.

Harris spelar ofte Beyoncé-songen Freedom på arrangement. I sommar lurte mange på om songaren ville dukke opp på demokratane sitt landsmøte.

Arkivbilete frå iHeartRadio Music Awards

Til no har ikkje Beyoncé vore til stades på Harris sine valkampmøte. Men mange ventar at ho kjem til å dukke opp.

Foto: Mario Anzuoni / Reuters

Den gongen møtte ho ikkje opp. Men fredag står ho på talarlista, saman med mora Tina Knowles og countrymusikaren Willie Nelson.

Også då Hillary Clinton var presidentkandidat i 2016, opptredde Beyoncé. Då var ho der saman med mannen Jay-Z.

Clinton tapte det valet, til Donald Trump.

Trump blir til podkast

Trump får draghjelp av blant andre milliardæren Elon Musk, Kid Rock og Kanye West.

Medan han ikkje vil stille på fleire presidentdebattar, oppsøker han andre plattformar som har svært store publikum.

Seinare fredag skal han bli intervjua med den største podkastprodusenten i USA: Joe Rogan.

Ein mobil med Joe Rogan sin podkast open i Spotify

The Joe Rogan Experience er den mest populære podkasten i USA. Den er også på tiande plass i Noreg på Spotify.

Foto: MANDEL NGAN / AFP

Republikanarane sin presidentkandidat skildrar Rogan som ein «grei fyr» som han ventar å ha ein «veldig interessant» samtale med.

– Eg er med på mange program, sa han til radiostasjonen til Fox News på onsdag.

– Bra, dårlege eller ingen av delane. Eg er med på mange program og dei endar opp gode.

Ikkje alltid ein suksess

Sjølv om dei blir behandla som viktige spelebrikker i valkampen, har ikkje kjente namn alltid hatt effekten kampanjane ønsker.

Kort tid etter at Taylor Swift stilte seg bak demokratane, svarte berre 9 prosent på ei meiningsmåling av Quinnipiac University at dei blei meir entusiastiske for Harris.

Fleire, 13 prosent, svarte at Swift si støtte gjorde dei mindre entusiastiske.

Barack Obama Joins Kamala Harris As She Campaigns For President In Georgia

Harris (v) og Obama (h) saman på scena for første gong denne valkampen.

Foto: JOE RAEDLE / AFP

Då Harris kom på scena i Atlanta natt til fredag, løfta Obama opp nevane deira som om ho hadde sigra i bokseringen.

Dei fekk folkemengda med seg på kampropet til Obama sin valkamp i 2008, «yes we can».

Men medan Harris talte på podiet, byrja fleire tilskodarar å forlate lokalet, ifølge The New York Times.

Publisert 25.10.2024, kl. 07.59 Oppdatert 25.10.2024, kl. 08.11

Read Entire Article