Stjerna skuffa over Carlsen: - Får sjakkspelarar til å verke galne

2 weeks ago 9



NRK har tidlegare omtalt den massive misnøya frå fleire av dei beste sjakkspelarane i verda mot dommarstanden.

– Vi er dessverre ikkje ein seriøs sport, skreiv Magnus Carlsen på X etter at det hadde oppstått kaos på tampen av nok eit parti under turneringa Global Chess League i London.

Tidstrøbbel hadde blitt ein gjengangar under turneringa, og nordmannen hadde akkurat sett eit parti der brikker blei velta og ulovlege trekk gjennomført. Utan at dommarane braut inn.

Både Fabiano Caruana og Jan Nepomnjasjtsjij, begge tidlegare VM-utfordrarar, delte Carlsens misnøye. Men nå tar ei anna verdsstjerne, Hikaru Nakamura, til motmæle.

– Eg blei faktisk vedlig skuffa over å høyre Magnus snakke om dette temaet, seier han til ChessBase India.

Unødvendig klaging

Ein del av «problemet» under Global Chess League har vore at spelarane ikkje får tidsauke for kvart trekk. Dermed går tida raskare ut.

Norway chess

MOTMÆLE: Sjakkstjerna Hikaru Nakamura er ikkje einig i kritikken mot dommarane i Global Chess League.

Foto: Carina Johansen / NTB

Nakamura fortel at det var norma da han byrja med sjakk, og argumenterer for at underhaldverdien for publikum aukar når spelarane gjer fleire feil og er under press.

Amerikanaren meiner det er ansvaret til spelarane å lese reglane før dei deltar i ei turnering, noko som var delar av årsaka til at han reagerte på Carlsens utspel.

– Eg meiner at klaginga slår dårleg tilbake på sjakken. Eg meiner det er verkeleg unødvendig og vil få folk til å miste interessa. For det får sjakkspelarane til å verke galne, på ein måte, seier han.

NRK har forsøkt å få ein kommentar frå Magnus Carlsen sin manager Henrik Carlsen. Vi har ikkje fått svar.

Kven er du einig med i denne saka?

Spelaranes ansvar

NRK har prata med fleire sjakkdommarar etter kontroversane, der alle tek dommarane i forsvar.

Ein av dei er tidlegare leiar av det internasjonale sjakkforbundet(FIDE) sin dommarkommisjon, Takis Nikolopoulos.

Han er heilt klar på at det blir heilt feil å klage på dommarane i denne turneringa, og meiner sjakkdommarane i «vanlege» turneringar er gode og profesjonelle.

– Eg tykkjer kommentarane som har kome er fullstendig urettferdig, skriv Nikolopoulos i ein e-post til NRK.

Takis Nikolopoulos

RUTINERT: Takis Nikolopoulos har vore leiar for FIDE sin dommarkommisjon i 20 år.

Foto: FIDE / David Llada davidllada@gmail.com

Han er tydeleg på at spelarane som deltek i eit slik arrangement må tilpasse seg og sjå på seg sjølve som ein del av showet, utan å klage, og utan å klandre dommarane som kvar gong blir det lette målet.

Nikolopoulos forklarar at når det går så fort som i denne spesifikke turneringa så kan ikkje ein dommar gripe inn så fort neste trekk er gjort.

– Betydninga av dette er at eit ulovleg trekk i eit slikt parti også er spelaranes ansvar, og ikkje berre dommaren sitt, noko som mange spelarar, sjølv dei beste, ikkje veit eller forstår. I tillegg betyr det at viss dommaren ikkje er ekstremt raskt, og heilt sikkert ikkje mykje raskare enn spelarane som flyttar brikkene, så kan han ikkje gripe inn. Da vil partiet halde fram og dette stemmer med sjakken sine lover.

Prøver seg på utrolig dødserekord 00:48

Publisert 11.10.2024, kl. 13.03 Oppdatert 11.10.2024, kl. 13.06

Read Entire Article