Statstraum er løysinga for Sørlandet

2 hours ago 2



Protesten mot høge straumprisar har prega mediebiletet dei siste dagane.

Foto: Jacob J. Buchard

Ordførar Bernander var først ute med klar tale mot at Sørlandet skal straffast med langt høgare kraftprisar enn andre deler av landet. Fleire ordførarar har følgt opp, og no krev dei å få energiministeren i tale. Dei vil sjå handling frå regjeringa.

Det er heilt uakseptabelt at folk og bedrifter på Sørlandet skal betale prisen for eit dysfunksjonelt marknadssystem med prissmitte frå Europa. Høge og sterkt varierande kraftprisar skaper problem for næringsliv og hushald samtidig som energiverka går med stor forteneste. Dei sterkt varierande prisane er heller ikkje eit godt utgangspunkt for energisparing og investering i solceller.

SV har lenge kjempa for politisk kontroll over kraftprisane. I utkastet til nytt arbeidsprogram blir det foreslått å etablere eit nytt statleg straumselskap, Statstraum. Selskapet skal kjøpe straum frå energiverka og selje vidare til forbrukarane med ein stabil gjennomsnittspris. Slik får vi eit effektivt verktøy til å sikre likebehandling i heile landet.

Forslaget frå SV har støtte i fagrørsla. Fellesforbundet krev at det må opprettast eit statleg straumselskap som skjermar hushald og bedrifter frå store og uplanlagte svingingar. Selskapet skal tilby fastpriskontraktar og prissikringsavtalar til hushald og bedrifter som ikkje ordinært har løyst sitt kraftbehov gjennom langsiktige kraftavtalar. Selskapet kan selge kraft direkte til sluttbrukarane.

Statstraum er berre ein del av SV og fagrørsla sin strategi for å få politisk kontroll over straumprisen. Men det er akkurat det som trengst for å løyse problemet med ulike straumprisar.

Read Entire Article