Statstoppar med over 20 mill i lønn: – Drit loddrett i kva staten meiner

2 weeks ago 11



Hans-Erik Skjeggerud (YS) skal kjempe for høgare lønn for 200.000 arbeidande i lønnsoppgjeret. Blant dei Equinor-tilsette.

Sjefen for oljegiganten hadde 22 millionar i lønn i fjor. Dette syns YS-medlemmane er så irriterande at organisasjonen ser seg nøydde til å seie ifrå.

Skjeggerud seier at han blir bedt av arbeidsgivarane om å vere nøysame.

– Det er krevjande når leiarane ikkje viser same type ansvar.

Mimir Kristjansson, Thomas Norvoll og Hans-Erik Skjeggerud diskuterer lønnsnivå for toppledere i staten i Politisk kvarter.

Statssekretær Thomas Norvoll (t.v) og YS-leiar Hans-Erik Skjeggerud (t.h.)

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Han seier dette slår ned som eit lynnedslag i lønnsoppgjeret fordi leiarlønninga har stor symbolverdi. Slik har det vore i mange tiår, seier Skjeggerud.

– Det er god verdiskaping i norsk arbeidsliv og norsk næringsliv. Og arbeidstakarane ser at leiarane tek ut ein stor del. Då seier medlemmene til oss at «vi skal jo også ha vår del.»

– Det er ikkje staten som drar i gang galopp

Statlege selskap har fått føringar frå staten om korleis lønningane skal vere:

«Staten forventar at: Godtgjersla er konkurransedyktig, men ikkje lønnsleiande og at omsynet til moderasjon i blir varetatt.»

Thomas Norvoll, statssekretær i Næringsdepartementet seier at statlege selskap ikkje skal vere lønnsleiande, men konkurransedyktige.

Trass i at Equinor-sjefen Anders Opedal hadde 22 millionar kroner i lønn i fjor. Sjefen for statlege DNB, Kjersti Braathen hadde 16,9 millionar i lønn.

Norvoll seier at ein må samanlikne desse lønningane med dei største selskapa på Oslo Børs, og då meiner han at dei ikkje er lønnsleiande.

– Vi må ta med oss at det er summar som er helt uverkelege for dei fleste av oss. Men ser du på andre selskap på Oslo Børs, altså Aker-sjefen tener 33 millionar. Orkla -sjefen tener 25 millionar. Det er ikkje slik at dei statlege selskapa drar i gang ein slik galopp.

– 22 millionar er i tråd med retningslinjene?

– Eg skal ikkje seie noko om korleis staten kjem til å opptre som eigar på generalforsamlinga.

Staten kan nemleg seie frå. Det gjer dei ved å stemme over det på selskapa sine generalforsamlingar.

– Styra må grunngi lønna dei gir leiarane sine. Og den er viktig.

En stor oljerigg i vannet

YS-leiar skal forhandle lønn for Equinor-tilsette. Sjefen deira har 22 millionar i lønn.

Foto: Øyvind Hagen

– Styreproffane drit loddrett i kva staten meiner

Skjeggestad blir ikkje beroliga av dette.

– Det er ei passiv tilnærming frå regjeringas side. Dei hadde nok gode intensjonar når dei utvikla dei nye retningslinjene. Men for oss framstår er det openbert at dei her ikkje verker etter formålet. Eigarskapsstyringa er tydeleg altfor svak.

Stortingsrepresentant Mimir Kristjansson stiller seg bak han.

– DNB-sjefen tener like mykje som 85 minstepensjonistar. Equinor-sjefen tener 11 gonger meir enn statsministeren. Har han 11 gonger meir ansvar enn statsministeren, spør han.

Mimir Kristjansson, Thomas Norvoll og Hans-Erik Skjeggerud diskuterer lønnsnivå for toppledere i staten i Politisk kvarter.

Stortingsrepresentant for Raudt Mimir Kristjansson.

Foto: Håkon Benjaminsen / NRK

Han seier at dersom det er selskapa på Oslo Børs som legg føringane for lønningane så er det praksis Stein Erik Hagen i Orkla og Kjell Inge Røkke i Aker som held til i Sveit, som avgjer lønningane i dei offentlege selskapa.

– Desse selskapa er eig og kontrollerte av skattebetalarane i Noreg. Og det er noko grunnleggande anna:

– Vi meiner staten bør oppføre seg som ein eigar. Sanninga er at styreproffane drit i loddrett i kva staten meiner.

Nordvoll i Næringsdepartementet seier dei har god dialog med styra.

– Årsaka til at vi eig desse selskapa er for å sikre at dei har hovudkontor i Noreg og at store inntekter som går til velferd. I 2023 var det 122 milliardar i utbytte frå desse selskapa.

Kristiansson samanliknar dette med å oppdra barn.

– Får dei stele godteri, så kjem dei til å fortsette å stele godteri. På eitt aller anna tidspunkt så må ein ta vekk godteriskåla.

YS-leiaren seier at han ikkje trur det er mangel på direktørar i næringslivet.

– Eg er heilt sikker på at utvalet av leiarar som kan gjere i ein god jobb i desse elskapa er større enn dei som fortener 22 millionar kroner i lønn, seier Skjeggerud.

Publisert 25.03.2025, kl. 10.53

Read Entire Article