Staten meiner denne bordkledninga burde vore branntesta – vann fram i retten

5 hours ago 1



I lang tid har trevarefabrikken Talgø krangla med staten om korleis dei skal merke panelen som dei sel.

Staten hevdar Talgø ikkje har branntesta trefjølene slik dei burde, og dermed feilmerka dei, utan at kundane har vore klar over det.

Rett før jul gjekk Talgø til rettsak mot staten og kravde erstatning etter å ha fått ei rekkje erstatningskrav frå misfornøgde kundar. No har dei tapt.

I tillegg må Talgø betale over 800 000 kroner i erstatning.

– Staten konstanterer at retten deler vårt tolking av regelverket, seier Per Aleksander Tønnessen, som har ført saka for staten.

Panel frå Talgø

Panel til ytterveggar frå Talgø.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Vurderer å anke

Dommen blei offentleg onsdag morgon, og advokaten til Talgø meiner den er feil.

– Vi har fått sett raskt på dommen. Umiddelbart er vi usamde i vurderingane, og vil på vanleg måte bruke nødvendig tid på å vurdere spørsmålet om anke, seier Talgø sin advokat, Terje Marthinsen.

– Er de overraska over konklusjonen?

– Staten er ein betydeleg motstandar uansett kva for sak det er. Det er nok rettare å seie at vi er usamde, og ikkje overraska, seier han.

Advokat Terje Marthinsen reiser seg frå plassen sin i rettssalen. Han har eit raudt slips under ei svart kappe som han knepper att. Marthinsen har briller og ser konsentrert ned i bordet.

Terje Marthinsen er advokat for Talgø.

Foto: Josef Benoni Ness Tveit / NRK

Forventar at bedrifta set seg inn i regelverket

Det har gått over fire år sidan Direktoratet for byggkvalitet oppdaga at Talgø selde trefjøler utan å brannteste dei. Dermed var dei truleg feilmerka.

Talgø hadde på det tidspunktet 55 prosent av den norske marknaden på denne typen kledning, og konsernsjef Terje Talgø har tidlegare uttalt at dette har sett ei heil næring i spel.

Terje Talgø

Konsernsjef Terje Talgø.

Foto: Gunnar Sandvik / NRK

Under rettsaka før jul meinte Talgø at regelverket for merking og testing har vore komplisert og at dei burde fått betre rettleiing frå staten. Det ser retten bort frå:

«Det må kunne forventes at næringsdrivende setter seg inn i regelverket for harmoniserte standarder og brannklasser», heiter det i dommen.

Talgø Møretre

Talgø Møretre produserer trefjøler til ytterveggar.

Foto: Marius André Jenssen Stenberg / NRK

Måtte trekkje produkt

Huseigarar over heile landet har dei siste åra kjøpt trepanelet Møre Royal produsert hos Talgø i Møre og Romsdal.

Panelet kan spikrast rett på ytterveggen og treng verken beis eller måling.

Men vinteren 2021 var det full stopp. Produktet blei trekt frå marknaden fordi staten meinte branneigenskapane ikkje var i tråd med merkinga til fabrikken.

I ettertid har Talgø gjort nye branntestar og endra merkinga av trefjølene.

I første publisering skreiv vi i overskrifta «Staten meiner denne kledninga er meir brannfarleg enn du trur - vann fram i retten». Det staten har vunne fram med, er at panelet burde vore branntesta før sal. Teksten er etter publisering endra i tråd med dette.

Todalen med Talgø Møbelfabrikk

Talgø ligg i Todalen i Surnadal.

Foto: Picasa 2.7

Publisert 15.01.2025, kl. 10.23 Oppdatert 15.01.2025, kl. 12.24

Read Entire Article