Staten kravde aldri inn rekordmulkt – no kan oppryddinga koste 50 millionar

3 weeks ago 16



På det nedlagde søppelanlegget i Midt-Noreg ligg framleis haugar med avfall etter det som har blitt omtalt som landets truleg største miljøskandale i sitt slag.

Selskapet Miljøservice Eide har tatt imot tonnevis med avfall i årevis, men utan å lagre eller vidaresendt slik styresmaktene meiner dei burde. Det har ført til uvanleg mange kontrollar – men også tvangsmulkt og nærare 20 gebyr.

I ettertid viser det seg at nesten ingenting blei betalt.

Samtidig med at avviksmeldingane hagla, og dei ubetalte gebyra hopa seg opp, fekk selskapet nye løyve til å ta imot avfall.

Randi Pedersen

Randi Pedersen i Norsk forening farlig avfall er forskrekka over at Miljøservice Eide fekk halde på så lenge.

Foto: Bård Nafstad / NRK

– Det hjelper ikkje å kontrollere dersom ikkje avvika får reelle konsekvensar. Når ein ikkje driv forsvarleg, må det svi, seier Randi Pedersen, som er generalsekretær i Norsk forening farlig avfall.

No ventar eit oppryddingsarbeid som kan koste over 50 millionar kroner – på skattebetalarane si rekning.

Miljøservice Eide AS.

Slik såg det ut på avfallsanlegget til Miljøservice Eide i 2020.

Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRK

Ingen spor etter tvangsmulkt på 250.000

NRK si kartlegging viser at Miljøservice Eide, tidlegare Miljøservice, gjennom åra har fått tvangsmulkt og gebyr på fleire hundre tusen kroner.

Det går fram av opplysningar frå bustyrar, Miljødirektoratet, inkassobyrået Lowell og Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Dronebilder av Eide Miljøservice

Dronebilde av avfallshaugane på Eide slik det såg ut i november 2021.

Foto: Eirik Haukenes / NRK Luftfoto

Mesteparten er aldri betalt.

Den største tvangsmulkta blei skriven ut av Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, den gongen Fylkesmannen, i 2009. Mulkta var på 250.000 kroner, og kom etter at inspektørane over fleire år hadde stilt krav til eigarane om å rydde på anlegget.

Men den rekordhøge tvangsmulkta blei aldri betalt.

Det stadfestar underdirektør Christian Dahl hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal.

Christian Dahl

Underdirektør Christian Dahl hos Statsforvaltaren i Møre og Romsdal vedgår at det er uheldig at tvangsmulkta på 250 000 kroner aldri blei betalt.

Foto: Remi Sagen / NRK

– Vår innkrevjing er slik at vi trykkjer på knappen i saksbehandlingssystemet, og så blir det ei oppgåve som blir sendt vidare til Statens innkrevjingssentral, seier han.

– Kva signal gav det at mulkta blei ståande ubetalt?

– Kva eigar av firmaet tenkte har eg ikkje lyst å spekulere i, men det er jo uheldig at slike tvangsmulkter blir ståande ubetalt, seier han.

NRK har også stilt spørsmål til Statens innkrevjingssentral om kvifor mulkta ikkje blei kravd inn. Dei viser vidare til Skatteetaten, som skriv at dei ikkje kan kommentere opplysningar om enkeltpersonar eller bedrifter.

Miljøservice Eide AS

Bilvrak hos Miljøservice Eide i november 2020.

Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRK

Droppa 20 gebyr i 20 år

Det er strenge reglar for kven som kan ta imot søppel. Eitt av vilkåra er at avfallsanlegget må ta imot inspektørar som kan kontrollere om drifta går føre seg på ein forsvarleg måte.

For desse kontrollane skal selskapet sjølv betale eit gebyr til Miljødirektoratet. Det er også gebyr på saksbehandling knytt til løyvet. Svært mange av desse er heller ikkje betalte.

Fagdirektør Bjørn Bjørnstad karakteriserer saka, og framferda til han som var dagleg leiar, som svært uvanleg.

Bjørn Bjørnstad, avdelingsdirektør i Miljødirektoratret

Fagdirektør Bjørn Bjørnstad i Miljødirektoratet seier saka er svært uvanleg.

Foto: Miljødirektoratret

– Vi synest det er sterkt uheldig, så uheldig at vi har valt å melde han til politiet fordi han ikkje følgjer reglane, seier fagdirektør Bjørn Bjørnstad i Miljødirektoratet.

– Men burde ikkje styresmaktene gjort meir dersom de meinte dette var så alvorleg?

– Vi har vore på hyppigare tilsyn, vi har gitt meir gebyr. Det har ført til at denne karen har slått seg konkurs, han er under etterforsking av politiet. Politiet har tatt beslag i pengane hans, og han har også mist eigedommen han har brukt på Eide. Han har verkeleg møtt Staten, og det har fått store konsekvensar for han, seier Bjørnstad.

Avvik etter tilsyn hos Miljøservice Eide gjennom åra

Det har vore ei rekkje tilsyn hos Miljøservice Eide gjennom åra, i regi av Fylkesmannen/Statsforvaltaren i Møre og Romsdal. Tilsyna har avdekt fleire avvik, som ikkje har blitt lukka. Kjelde: tilsynsrapportar frå Fylkesmannen/Statsforvalteren Møre og Romsdal frå 2005-2020.

Miljøservice Eide AS

Bilvrak hos Miljøservice Eide i november 2020.

Foto: Trine Jørgensen Aandahl / NRK

Kravde over 200.000 etter konkursen

Då Miljøservice Eide gjekk konkurs i 2020 hagla det inn krav frå bedrifter og privatpersonar som selskapet skulda pengar. Seks av krava kom frå Miljødirektoratet og var på totalt 220.647 kroner. På den måten forsøkte styresmaktene å få oppgjer for ubetalte gebyr gjennom ei årrekkje.

Skjermdump av kreditørliste

Skjermdump frå kreditorlista etter konkursen i Miljøservice Eide. (Uthevinga er gjort av NRK)

Foto: skjermdump

Bustyrar Håkon Holm Westad seier det gav eit magert utbytte.

– Ingen uprioriterte kreditorar, slik som Miljødirektoratet, fekk noko krav dekt gjennom konkursbuet. Der var ingen pengar til utdeling, seier Westad.

Håkon Holm Westad

Bustyrar Håkon Holm Westad seier at Miljødirektoratet ikkje fekk ut pengar frå konkursbuet. Kravet var på over 200 000 kroner.

Foto: Larhammer Aarseth Advokatfirma AS

Politiet etterforskar

Den tidlegare daglege leiaren i selskapet er no under politietterforsking. Han blei først sikta for brot på forureiningslova – og seinare også mistenkt for økonomisk kriminalitet. Det er venta ein tiltale om kort tid.

Advokat Edvard Terje Eide

Advokat Edvard Eide representerer den tidlegare daglege leiaren i Miljøservice Eide Eide.

Foto: MARI AANDAHL KIPPERNES / NRK

Verken den tidlegare daglege leiaren i Miljøservice Eide eller advokaten hans ønskjer å svare på om det er rett at det offentlege skal betale for oppryddinga på søppelanlegget.

Advokat Edvard Eide karakteriserer politiet si etterforsking som langdryg og meiner saka er mindre alvorleg enn det som blir hevda. Han skriv i ein e-post at det så langt ikkje er påvist forureining frå anlegget.

– Det er så vidt vi forstår heller ikkje påvist slik forureining snart fire år etter at anlegget blei stengt, skriv han.

Hei!

Har du tips eller innspel?

Publisert 09.04.2024, kl. 07.51

Read Entire Article