Stadig fleire unge røyker: – Blir ti sigaretter om dagen

2 hours ago 1



– Eg røyker på fest fordi det er sosialt og hyggeleg. Det er i tillegg fint å ta ei pause frå musikken og prate med dei som står ute, seier Tobias Schjelde (22) frå Harstad.

Saman med kameraten sin, Mikkel Amundsen frå Harestua, er han ikkje overraska over at andelen unge menn som røyker av og til stigar kraftig. Begge studerer ved Universitetet Innlandet, studiestad Lillehammer, og det er spesielt på fest dei ser at mange røyker.

– Det er ein god del festrøyking. Eg røyker ikkje sjølv på fest, men det er berre noko som skjer liksom. Nokon spør om dei skal ta seg ein sigg, så går dei berre ut, seier Amundsen.

Røyking

Kameratane Mikkel Amundsen og Tobias Schjelde stadfester at det er mange unge menn som festrøyker. Sjølv tek Tobias ein sjeldan gong ein røyk på fest.

Foto: Knut Storvik / NRK

Nesten dobling på ti år

Nye tal frå Statistisk sentralbyrå viser at ein av fire menn mellom 16 til 24 år røyker av og til. Det er nesten ei dobling dei siste ti åra. Kor ofte av og til er usikkert, men tala overraskar Kreftforeningen.

– Det er sjokkerande at så mange unge menn har starta å røyke igjen. Vi er spesielt bekymra over at det er fleire nå enn for ti år sidan, seier Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i Kreftforeningen.

  • Kommune må kutte over 50 millionar – vurderer å gje blaffen. Les saken her:

Ho fortel at 5000 nordmenn døyr kvart år som følgje av røyking, og like mange får kreft.

– Tobakk er skadeleg. Dersom denne utviklinga fortsett kjem vi til å sjå det på kreftstatistikken igjen. Det er ein livsfarleg myte at ingen unge røyker. Den må vi knuse, seier Ross.

ingrid-stenstadvold-ross_1

Ingrid Stenstadvold Ross, generalsekretær i Kreftforeningen, slår alarm etter dei nye urovekkande røyketala og krev tiltak.

Foto: Håvard Greger Hagen / NRK

Vil ha forbod

Ho trur årsakene til at talet aukar igjen kjem fordi dagens unge ikkje er utsett for informasjonskampanjane dei hadde tidleg på 2000-talet.

– Sjølv det å festrøyke kan vere livsfarleg. Vi er sjokkert over utviklinga, seier Ross.

Nå vil ho og Kreftforeningen ha kraftige tiltak for å unngå at ein ny generasjon røykjarar i Noreg utviklar seg.

– Vi ynskjer eit generasjonsforbod mot tobakk slik som dei har i Storbritannia og New Zealand. Vi må samtidig auke prisen og den må bli mindre tilgjengeleg, seier Ross.

  • Røyking

    Jacob Babola (19) fra Vinterbro: – Eg røyker av og til på fest. Til vanleg liker eg ikkje å røyke, men det kjennes bra ut. Kvar gang eg er på fest ser eg folk som røyker.

  • Røyking

    Mikkel Amundsen frå Harestua: – Nei, eg røyker ikkje, men har ikkje hatt så stort behov for det heller. Det er ein god del festrøyking.

  • Røyking

    Stian Gjørvad (20) frå Jevnaker: – Eg røyker ikkje på fest, men eg har ikkje noko imot dei som røyker. Eg skjønner at det kan vere sosialt å røyke med andre. Det er alltid nokre som røyker på fest.

  • Røyking

    Julian Pineau (22) frå Frankrike: – Eg røyker ti sigaretter om dagen. Det har berre vorte ei vane, og det starta med at eg røyka av og til med venene mine.

  • Røyking

    Tobias Schjelde (22) frå Harstad: – Eg røyker av og til på fest. Det er berre for å få ei pause frå musikken og gå ut ei stund.

Ho viser til at dette er eit av dei viktigaste tiltaka for at dagens unge ikkje skal bli avhengig av røyk, snus og e-sigarettar.

– Det er ikkje eit totalforbod for kjøp av tobakk, men ei gradvis heving av aldersgrensa for dagens 14-åringar og dei som er yngre, seier Ross.

Overlege: – Trist å høyre utviklinga

Lars Fjellbirkeland, overlege ved lungeavdelingen Oslo universitetssjukehus, tykkjer det er trist å høyre utviklinga.

– Eg trudde røykeepidemien ville døy ut med 68-generasjonen. Det kan vere mange grunner til dette og ungdom vil vel prøve det dei tykkjer er tøft og voksent, seier Fjellbirkeland.

  • Bygda held på å døy – les saken her:

Overlegen trur også at yngre menn liker å tøffe seg for kvarandre og gjer som andre for å vere med i gjengen.

– Å si at røyking av og til ikkje er farleg er å lure seg sjølv. Det er særs avhengigshetsskapende og sjansen for å få lungekreft aukar med ti gonger om du røyker i forhold til dei som ikkje røyker, seier Fjellbirkeland.

Røyking

Kameratane Jacob Gunnerud, Jacob Babola og Stian Gjørvad fortel at dei ofte ser yngre menneske som røyker på fest og trur det er fleire årsaker til det.

Foto: Knut Storvik / NRK

– Vanleg at yngre festrøyker

På Lillehammer svarer dei unge mennene som NRK snakkar med at det er særs vanleg at det går føre seg festrøyking.

– Du blir påverka av vennene som gjer det, men det er ingen som tvinger deg. Det berre skjer og det er jo litt kult, seier Schjelde.

Julian Pineau frå Frankrike studerer også på Lillehammer. Sjølv røyker han ti sigarettar kvar dag.

– I starten røyka eg saman med vennene, men nå veit eg ikkje heilt kvifor eg røyker. Det har berre vorte ein vane, seier han.

Røyking

Mens kameraten Julian Pineau (t.h) gjerne fyrer seg opp ein røyk kvar dag gjer ikkje Marius Jozwik det. Men at mange røyker på fest ser dei.

Foto: Knut Storvik / NRK

Han er godt klar over at det er farleg og ikkje bra for kroppen. Både han og kameraten Marius Jozwik frå Polen stadfester at dei ofte ser mange som festrøyker.

– Det er iallfall 10–15 yngre personar på kvar fest som røyker, seier Jozwik.

– Kanskje har fleire starta å røyke sidan dei har slutte å snuse. Folk må få gjere som dei vil, seier Mikkel Amundsen frå Harestua.

Publisert 26.11.2024, kl. 08.51

Read Entire Article