Snapchat-bilete av valdtektsfrikjend blir spreidd: Forsvarar meiner det er manipulert

3 weeks ago 20



Biletet viser tre menn som står saman, der den eine er den frifunne 24-åringen, og på biletet er teksten «Feire for du kom unna med voldtekt» lagt på.

Advokat John Christian Elden, som er forsvarar for 24-åringen som er avbilda, seier til Dagbladet at biletet er manipulert.

Elden seier at den som har sett på teksten på biletet openbert ikkje er ein ven av den frifunne.

– Det er veldig uheldig, og den som har laga teksten kan neppe ha anna formål enn å hissa opp normale, sunt fornuftige menneske mot min klient. Han er sjølvsagt letta over å unngå fem år i fengsel som uskuldig, og er glad for at retten såg gjennom tiltalen, seier han til avisa.

Han reagerer på at biletet blir spreidd på sosiale medium.

Førre veke frikjende Gulating lagmannsrett dei tre mennene som var tiltalte i den mykje omtalte gruppevaldtektssaka i Bergen.

Tok av på sosiale medium

Då gruppevaldtektssaka var oppe i tingretten våren 2023, fekk saka mykje medieomtale.

Svært mange viste interesse for saka, og mange møtte opp for å visa støtte i rettssalen, både til dei tiltalte og til dei fornærma.

Etter kort tid eksploderte saka også på nett. Mellom anna blei namn på tiltalte og fornærma sendt direkte på sosiale medium, og ein mann vart vist vekk frå retten etter å ha filma i salen.

Begge dei to første rettsdagane blei saka avbroten på grunn av spreiing av namn på nettet.

Etter rettssaka har mellom anna artisten Kamelen fått eit førelegg på 20.000 kroner for å ha filma ein av mennene. På ein Instagram-video sprang han etter den då tiltalte mannen og kom med slengmerknader.

I tingretten blei ein av dei tre tiltalte frikjend, medan dei to andre vart dømde.

Saka blei anka, og etter at lagmannsretten kom med sin frikjennande dom, har det på nytt kokt i sosiale medium.

I lagmannsretten blei ein av dei, ein 27-åring, einstemmig frifunnen, medan dei to andre, ein 24-åring og ein 25-åring, blei frifunne av fem av sju dommarar.

Dei to yngste blei dømde til å betala erstatning til kvinna som var fornærma i saka.

Det er i etterkant av lagmannsrettsdommen at biletet har blitt spreidd.

Deler biletet vidare

På biletet kan ein sjå tre unge menn, ein av dei er den frifunne 24-åringen. Dei tre smiler og ser i kamera. På det spreidde biletet kan ein sjå teksten «Feire for du kom unna med voldtekt», tilsynelatande lagt på med bildedelingsappen Snapchat.

 gjerne videre jævlene feire at de (...) frikjent

Dette er eit utsnitt av det spreidde biletet. Originalen viser også fjesa til dei tre personane.

Foto: Skjermdump

På biletet er det også lagt på fleire kommentarar, tilsynelatande etter kvart som biletet er sendt vidare:

«det er klart det frister å sparke inn trynene deres», «we should hunt them down», «ærlig ka i helvette e galt med denne verden» og «FYYFAEN, seeee hva disse jævlene postet», i tillegg til ein tekst som oppmodar om å dela biletet vidare.

NRK har førebels ikkje fått ein kommentar frå Elden.

Publisert 10.04.2024, kl. 09.42 Oppdatert 10.04.2024, kl. 10.56

Read Entire Article