Slik har nasjonaldagen endra seg for dei ukrainske flyktningane

1 month ago 17



– Etter den russiske fullskala invasjonen, har nasjonaldagen blitt ein dag vi kan vise den ukrainske identiteten vår og vegen vår til fridom, seier Nataliia Korchagina.

Dei siste dagane har ho hatt stramt program med å organisere nasjonaldagsfeiringa. Saman med Liliya Trofimchuk har ho invitert både ukrainarar og nordmenn til å markere den viktige dagen i deira nye heimby, Førde i Sunnfjord.

Førebuing til ukrainsk nasjonaldag

Liliya Trofimchuk og Nataliia Korchagina førebur tradisjonelle ukrainske dokker som skal seljast på nasjonaldagen.

Foto: Malene Laura Solheim / NRK

Ukrainske handlaga dokker, tradisjonelt brød, broderte bluser og urtete. Det er mykje som skal på plass før den store dagen.

Men dagen som brukte å bli feira med store paradar i heile Ukraina, er ikkje det den brukte å vere.

– I morgon skal vi dele ukrainsk kultur med det norske folk og vise takksemd for alt Noreg har gjort for Ukraina. Vi skal også selje varer til inntekt for den ukrainske hæren, fortel Korchagina.

Ukrainsk militærdukke med fredsfugl

Liliya Trofimchuk har laga fleire tradisjonelle dukke for dagen. Denne er iført ei militærdrakt og held ei fredsdue i handa.

Foto: Malene Laura Solheim / NRK

Ei ny tyding

Nasjonaldagen blei innført etter Ukraina fekk sjølvstende frå Sovjetunionen i 1991. I dag er det 913 dagar sidan Russland gjekk til fullskala invasjon i Ukraina.

Dette har endra betydinga ukrainarar legg i orda 'fridom' og 'sjølvstende'.

Ein studie frå det internasjonale institutt for sosiologi i Kyiv i Ukraina viser at nasjonaldagen har blitt veldig populær sidan 2013. Då hadde berre 12 prosent nasjonaldagen som si favoritthøgtid, og like få meinte at ho var viktig. I dag er dette talet 64 prosent, og det har dobla seg sidan invasjonen i 2022.

– Vi tok fridomen vår for gitt. No kjempar vi for den med livet som innsats. Nasjonaldagen viser vår kamp tilbake til fridomen.

Det seier nestleiar i den ukrainske foreining i Noreg, Natalia Ravn-Christensen.

– Det er vanskeleg å kalle dagen i dag ei feiring. Det er ingen i Ukraina som feirar i dag. Folket vårt døyr kvar dag.

Ukrainske tonar i Sunnfjord

Sidan Russland invaderte Ukraina har 76 000 ukrainarar kome til Noreg som flyktningar. 5000 har flytta ut av Noreg att. Dei er no den største flyktninggruppa i Noreg. Det viser tal frå SSB.

Éin av dei er Yev Kovalenko som flykta frå Ukraina saman med kone og barn då krigen braut ut. For eitt år sidan kom dei til Førde.

Yevhen Kovalenko og Julia Kovalenko

Sidan Yevhen og Julia Kovalenko kom til Noreg har dei fått eit barn.

Foto: Malene Laura Solheim / NRK

– For meg er nasjonaldagen eit høve til å vise Noreg og verda at vi er her. Vi er levande. Vi er her, fortel Yev.

Han og kona Julia har starta musikkduoen «zhivi» som er ukrainsk for levande. På laurdag føremiddag skal dei framføre soul, rock og ukrainsk musikk i Førde sentrum.

Dei håpar musikken deira kan vere til glede for ukrainarar i same situasjon som dei sjølve.

– Kvar dag går eg med ei stor sorg inn i meg. Eg prøver å ikkje vise den til borna mine, fortel Julia Kovalenko.

Ho held fram:

– For tredje året på rad skal vi feire fridomen vår, men vi har ingen fridom.

Publisert 24.08.2024, kl. 08.24

Read Entire Article