Slik «dummar» du ned telefonen

2 days ago 13



Simen Strøm Braaten (34) er UX-designar: Jobben er å gjere digitale tenester brukarvenlege. 

Men når det gjeld telefonen hans har han valt å fjerne så mykje funksjonalitet som mogleg.

Braaten er ikkje åleine i dette prosjektet. På nettet florerer det med forslag om tiltak og appar som skal minske skjermtida, og gjere mobilen «dummare». 

Psykolog og skjermekspert John Petter Fagerhaug meiner dette er ei positiv utvikling.

– Sosiale medium tar ifrå oss tid og liv, seier han, og oppfordrar folk til å ta tilbake kontrollen.

Ingen har skrolling på «koselista»

Som designar er Strøm Braaten glad i utforming av system: Og etter mykje nerding fekk han dilla på å gjere smarttelefonen dum. Målet var å ta kontroll over skjermtida, og gjere telefonen om til eit verktøy igjen.

– Du aukar friksjonen, for å få meir merksemd i retur, seier han om prosjektet.

 Hallvar Nugge Johnsen
KJEKK UTFORDRING: Strøm Braaten har hatt det kjekt med å utforske korleis han kan minske skjermbruken. Foto: Hallvar Nugge Johnsen

Både han og vennane får lite ut av å skrolle. Det opplevast som meir forstyrrande enn kjekt.

– Eg spurte vennane mine kva som var på «koselista» deira. Kva tyr du til når du vil ha det hyggeleg? Det var ingen som nemnte å sitje og skrolle, seier han.

Likevel er det skrolling nordmenn gjer i fleire timar kvar dag. Ifølgje forsking.no har nordmenn ei gjennomsnittleg skjermtid på rundt 4 timar kvar dag. 

 Nora Abrahamsen Jensen
UVANT: Å ha mobilen i svart-kvitt modus er både uvant og keisamt for mange. Foto: Nora Abrahamsen Jensen

Over tid har Braaten testa ut forskjellige løysingar som han har skrive om på nettstaden sin. Korleis dei har funka for han kan du lese om lengre nede. 

– Skamfullt å spørje kona om å sjå på YouTube

Eit tiltak som har fungert bra for Strøm Braaten er å byte ut alle appikonane med tekst.

– Det får telefonen til å framstå som eit verktøy, framfor ei underhaldningsmaskin, som han eigentleg er, forklarar han.

Strøm Braaten har og involvert kona si på ein kreativ måte.

Tips frå Simen for å «dumme ned» telefonen

  1. – Bytt frå fargar til svart-kvitt.
  2. – Bruk ein matt skjermbeskyttar. Når mobilen er mindre glinsande blir han meir keisam.
  3. – Bytt ut app-ikon med tekst. Det kan gjerast med bruk av appar, som «dumbphone» og «blank spaces».
  • – La mobilen kvile for seg sjølv. Lad mobilen i eit anna rom, eller la han ligge i sekken, eller jakka, når du er på besøk.

I skjermtidinstillingane på telefonen kan du avgrense kor mykje tid som brukas på ulike appar. Dette kan låsas bak ein pinkode. 

I staden for å stole på eiga viljestyrke, har Simen overlate ansvaret til kona, og latt ho velje koden. Då må han spørje ho om lov til å fortsette når skjemtida er brukt opp.

– Det er skamfullt å spørje kona om å få sjå på YouTube, ler han.

– All ære til han

John Petter Fagerhaug, psykolog og skjermekspert, er imponert over Braaten.

– All ære til han, seier Fagerhaug.

Han trur mange nordmenn skammar seg over eigen skjermbruk. Men kvifor gjer vi det, når «alle andre» og brukar tid på skrolling?

– Vi skammar oss når vi gjer noko vi ikkje vil gjere, svarar han.

 Ingvild Gjerdsjø / TV 2
VAKSNE OG SKJERM: Fagerhaug meiner vaksne skammar seg meir over skjermtida si enn barn. Likevel er det gjerne barns skjermtid vi bryr oss mest om. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Han legg til at det er særleg lett å skamme seg over ting som opplevast som både negative og private. Og å skamme deg over noko du bruker mykje tid på kan det få deg til å føle at du ikkje har kontroll.

– Vi gir oss sjølv ein negativ feedback. «Gjer eg noko gale, så er det noko gale med meg». Sett på spissen er det ein effektiv måte å redusere sjølvtilliten og sjølvkjensla på, seier han.

Derfor er han positiv til neddummingstrenden, der folk som Braaten sjølv tar regien på korleis dei vil bruke teknologien dei har til rådigheit. 

 Nora Abrahamsen Jensen
UTE AV AUGE, UTE AV SINN: Både Fagerhaug og Strøm Braaten meiner det er lurt å legge vekk mobilen. Foto: Nora Abrahamsen Jensen

Neddummingen er truleg ein del av ei større samfunnstrend, der fleire enn før har blitt opptatte av helsa si, meiner Fagerhaug. Og helse er noko som må behandlast i ein heilskap. 

– Når du skal leve eit sunnare liv så må du sjå på heilskapen. Spesielt mange unge har begynt å reagere og sei «dette er ikkje bra for meg, det hjelper meg ikkje», seier han.

– Det minste vi kan gjere for kvarandre

Strøm Braaten har prøvd fleire ting for å få ned skjermtida, som å legge telefonen heime og berre bruke smartklokke.

Men ofte blei forsøka knotete, og vanskelege å gjennomføre over tid i eit digitalt samfunn.

– Det hjelper ikkje nødvendigvis å bruke meir teknologi for å løyse eit teknologiproblem, seier han.

 Nora Abrahamsen Jensen
UTING: Strøm Braaten meiner det er ein uting å ha mobilen liggande framme når du pratar med andre. Foto: Nora Abrahamsen Jensen

Ei heilskapleg endring måtte til, som Fagerhaug nemnte. Derfor har han endra fleire av vanane sine i tillegg, for å støtte opp mot tiltaka.

Han brukar PC-en sin når han kan, ladar mobilen i ei anna etasje heime, og lar mobilen ligge i sekken lengst mogleg når han er på jobb eller besøk hos andre.

Særleg sistnemnde er og meir omsynsfullt mot dei du er glad i, meiner han.

– På den måten viser vi at vi bryr oss, at vi er til stades, og ikkje at vi aktivt ventar på neste varsling frå sosiale medium og ulike tenester, seier han.

For no er han nøgd med telefonen, og ser ikkje nokon grunn til å gjere han verken fargerik eller smart igjen. Men har tiltaka faktisk ført til ei endring?

– Skjermtida har gått ned med ei time, som er ganske greitt med tanke på at eg ikkje brukte mobilen så mykje før heller, humrar han.

Read Entire Article