– Eg har latt meg inspirere av Kirk

2 hours ago 1



Mange nordmenn hadde ikkje kjennskap til Charlie Kirk før onsdag kveld.

Den 31 år gamle republikanaren og influensaren vore ein sentral skikkelse i amerikansk politikk i fleire år. På onsdag vart han skoten og drepen under eit arrangement i Utah.

Gjerningsmannen har ikkje blitt tatt, og det er ikkje bekrefta at det var eit politisk motivert drap.

Stemmen som splitta USA

Fleire offentlege personar har tatt til sosiale medium med reaksjonar på drapet – blant anna redaktør i kulturmagasinet Subjekt, Danby Choi.

Men ikkje alle er einige om korleis det er riktig å prate om Kirk i ettertid. På sosiale medium er det strid i kommentarfelta.

– Je suis Charlie, igjen

Facebook-sida si skreiv Choi «Je suis Charlie, igjen dessverre» – eit slagord som uttrykk solidaritet med ytringsfridommen.

Det kjem frå terrorangrepet som var retta mot Charlie Hebdo i 2015, der fleire journalistar og karikaturteiknarar vart drepne.

– Eg fekk verkeleg ein klump i halsen i går og kjenner meg jo veldig igjen i fyren, seier han til TV 2.

 Ingvild Gjerdsjø / TV 2
EIN MARTYR: På Facebook skriv Choi at Kirk var ein martyr. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

Choi og Kirk er fødd i same år, er begge kristne, og har både same verdiar og meiningsmotstandarar, sjølv om dei ikkje er einige i alt.

I nekrologen på Subjekt sin nettstad omtalar han Kirk som ein legende, og skriv at angrepet på Kirk er eit angrep på ytringsfridomen. 

Samstundes meiner han at det blir feil å diskutere Kirk sin politikk no.

– Eg har fleire ankepunkt mot Charlie Kirks politiske overtyding sjølv, men det er likevel heilt feil å snakke som om det er problemet når ein fyr har blitt skoten og drepen.

– Eg kan forstå at blant amatørar, er det fort gjort å tenke slik. Blant ungdommar er det fort gjort å tenke slik.

Ein annan person som er samd med Choi er Joel Ystebø. KrF-politikaren har kjent til Kirk lenge, og skriv på Facebook at han er skaka.

– Eg har latt meg inspirere

– Eg blei djupt sjokkert då eg fyrst fekk nyheitsmeldinga, seier han til TV 2.

Han har sett Kirk debattere på fleire konferansar, og følgt han på fleire plattformer.

– Eg har latt meg inspirere av han. Hans frimot på vegne av hans eiga tru, hans ekstraordinære debattferdigheiter, og ikkje minst hans evne til å nå unge.

 Jenny Eidesvik / TV 2
TILHENGAR: Ystebø har følgt Kirk over tid, og blei skaka over attentatet. Foto: Jenny Eidesvik / TV 2

Han understrekar at han ikkje er samd med alle meiningane, men at måten Kirk har deltatt i ytringsklimaet har vore viktig for han.

– Grunntankane hans og verdiane han har tatt med seg i samfunnsdebatten har prega meg.

Han omtaler Kirk som ein av dei mest effektive amerikanske samfunnsdebattantane i moderne tid, og legg til at folk bør vere varsame i korleis dei omtalar Kirks politikk.

– Eg trur vi skal vere varsame med å trekke inn konkrete politiske standpunkt.

Harald S. Klungtveit, redaktør i Filternytt, er ueinig. Han tek avstand frå hyllinga av Kirk.

 Skjermdump
USEMJE: Klungtveit og Choi krigar i kommentarfeltet. Foto: Skjermdump

– Det er skadeleg

TV 2 har ikkje lukkast i å kome i kontakt med Harald S. Klungtveit, men han posta og eit innlegg på Facebook.

– Eg meiner tvert imot at det er skadeleg å etterlate inntrykk av at Kirk var ein staut tilhengar av dei verdiane vi andre no tek i forsvar, skriv han der.

Han uttrykk bekymring over korleis usanningar har spreidd seg, og meiner det er viktig å ikkje rosemale Kirk.

– I røynda var Charlie Kirk i praksis tilhengar av både sensur, kansellering, valtukling og illiberalt maktmisbruk, så lenge det råka folk han forakta.

– Me kan ikkje ha ein heiderleg ytringsfridomsdiskusjon om USA utan å peike på dette.

Han understrekar at attentatet er grufullt, og at skyttaren må bli stilt til ansvar.

– Ein anna type Maga-representant

Redaktør for den kristne avisa Dagen, Vebjørn Selbekk, har og engasjert seg i ordskiftet. Under ei sending på TV 2 Nyheiter på torsdag omtala han Kirk som ei viktig røyst, og ein «martyr for det frie ordskiftet i eit demokratisk samfunn».

 Ingvild Gjerdsjø / TV 2
STO FOR DIALOG: Selbekk påpeiker at Kirk døydde under eit dialogarrangement. Foto: Ingvild Gjerdsjø / TV 2

I ein samtale med TV 2s USA-ekspert Eirik Bergesen blei han likevel utfordra på at Kirk var ein kontroversiell karakter.

– Det er inga tvil om at det er mykje kontroversielt rundt han. Eg er ikkje komfortabel med Trump-støtta, og ein del av konspirasjonsteoriane han har spreidd. Det tek eg avstand frå, sa Selbekk på TV 2 Nyheiter.

Han meiner samstundes at Kirk var ein anna «type Maga-representant».

– Han har stått for mykje dialog, og han døydde altså under eit slikt dialogarrangement, der han oppsøkte sine meiningsmotstandarar. Og det er i sentrum av demokratiet, og i sentrum av eit politisk ordskifte. Så, ja, det var mykje kontroversielt, men han var ikkje blant dei verste Maga-representantane i USA.

Read Entire Article