Slår alarm: – Klarar ikkje gjere oppdraget vårt

1 week ago 14



Statsforvaltaren i Vestland meiner dei ikkje har nok folk eller pengar til å handtere den store auken i saker innan helse og barnevern tilstrekkeleg.

 Anne Weltzien Listhaug / Statsforvaltaren i Vestland
UROA: Fylkeslegen i Vestland, Kristin Cotta Schønberg, er uroa for konsekvensane situasjonen vil ha for rettstryggleiken til befolkinga. Foto: Anne Weltzien Listhaug / Statsforvaltaren i Vestland

Publisert 11.11.2024 17:59

Statsforvaltaren skal passe på at kommunane og helseføretaka gjer jobben sin.

No er dei redd for at dei ikkje vil vere i stand til å gjere den jobben. 

– Vi er uroa for rettstryggleiken til befolkninga, og for at vi ikkje kan klare å gjere oppdraget vårt, seier Kristin Cotta Schønberg, fylkeslege i Vestland. 

– Kraftig underfinansiert 

Dei siste tre åra har antal saker innan helse og barnevern på Statsforvaltaren sitt bord, auka drastisk.

I eit brev til departementa, skisserer Statsforvaltaren i Vestland alvoret i situasjonen. Dei meiner dei er kraftig underfinansiert i forhold til oppgåvene dei skal løyse. 

 Frode Hoff / TV 2
STOR PÅGANG: Statsforvaltaren i Vestland seier dei har opplevd ei stor auke i saker dei siste åra. Foto: Frode Hoff / TV 2

Statsforvaltaren skal mellom anna handtere klager på avslag på helsetenester og føre tilsyn med føretak og institusjonar. 

No seier dei klart ifrå at dei ikkje har nok pengar eller folk til å løyse oppgåvene slik oppdraget deira tilseier at dei skal.

– Det vil ikkje vere mogleg å møte samfunnet eller oppdragsgjevar sine forventningar på eit tilfredsstillande vis, med mindre budsjettrammene på dette området aukar, står det i brevet, som TV 2 har fått innsyn i. 

Brevet er sendt til Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet, Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet, Helsedirektoratet, Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet og Helsetilsynet. 

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
LITE ROM: Statsforvaltaren seier dei har lite rom til å disponere pengane på tvers av ansvarsområder, ettersom dei får tilskot frå fleire ulike departement. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

Der skriv dei at dei ser seg nøydd til å omprioritere oppgåver og omplassere tilsette, for å klare å løyse dei mest alvorlege sakene på ein forsvarleg måte, samstundes som dei svarar til departementenes krav om å bruke pengane dei får tildelt innanfor dei respektive områda.

– Konsekvensane av omprioriteringane kan få direkte innverknad på barn og familiar sin rettstryggleik, står det i brevet, som TV 2 har fått innsyn i. 

Stor auke i saker 

Samstundes som rammene hos tilsynsorganet blir trongare, veks saksbunkane. 

TV 2 har tidlegare fortalt at klagar på behandlingsavslag i spesialisthelsetenesta har meir enn dobla seg fleire stader i landet.

Ifølgje fylkeslegen i Vestland, blir sakene dei skal handtere både fleire og meir komplekse.

Dei siste tre åra har antal saker som gjeld klage på avslag som pasientane meiner dei har rett på i spesialisthelsetenesta, auka med 142 prosent.  

Innan kommunehelsetenesta, er auken 107 prosent.  

– Det har vore veldig krevjande for oss. Vi har høg arbeidsbelastning på medarbeidarane våre. Vi står i ein skvis, seier Kristin Cotta Schønberg. 

Fryktar konsekvensane 

Fylkeslegen fryktar no at situasjonen skal føre til at det blir mindre inngåande tilsyn og lengre saksbehandlingstid. 

Ho seier at dei har hatt ei auke i alvorlege klage- og tilsynssaker. 

 Janne Weltzien Listhaug / Statsforvaltaren i Vestland
KREVJANDE: Fylkeslegen i Vestland seier dei står i ein skvis. Dei tilsette har høg arbeidsbelastning på grunn av mange saker og for små rammer. Foto: Janne Weltzien Listhaug / Statsforvaltaren i Vestland

– Dette gjeld saker der barn og familiar har behov for omfattande oppfølging og hjelp frå fleire tenesteområde, og der det er høg risiko for at barn blir alvorleg skada eller får alvorlege helsevanskar om dei ikkje får tilpassa hjelp og oppfølging til rett tid. 

Ho seier det er saker om vald, mishandling og alvorleg omsorgssvikt der svikten i oppfølginga frå tenestene har fått eller kan få alvorlege følgjer som tap av liv, eller vesentleg tap av helse og fungering. 

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
LENGRE TID: Statsforvaltaren i Vestland har no så stor pågang på saker, at dei er redd dei ikkje klarar å følgje opp innan fristen med dagens bemanning og finansiering. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Vi meiner prioriteringane vi gjer er forsvarlege og i tråd med Helsetilsynet sine anbefalingar, seier Schønberg, men legg til: 

– VI vil likevel gjere merksam på at vi må prioritere bort saker vi tidlegare ville gått inn i, og at situasjonen slik den er i dag, kan få konsekvensar for barn og familiar sin rettstryggleik. 

Når det gjeld klage- og tilsynssaker, kan omprioriteringane bety at alvorlege saker vil få lengre saksbehandlingstid og fleire saker blir send tilbake til tenestene for eigenvurdering, i staden for at Statsforvaltare fører fullt tilsyn. 

 Sara Johannessen Meek / NTB
ALVORLEGE SAKER: Statsforvaltarane opplever ein auke i alvorlege saken i klage- og tilsynssaker innan helse og barnevern. Foto: Sara Johannessen Meek / NTB

– Vi ønskjer at tenestene skal ta større ansvar for eigenvurdering, men vi er redde for at vi kan gleppe på noko. Vi har ikkje siste kontrollen og det medfører ein risiko, seier Schønberg.

Utfordring fleire stader

Tilsvarande utfordringar finst fleire stader i landet. 

– Til trass for at vi prioriterer stramt, oppnår vi dessverre ikkje resultatkrava som oppdragsgjevar stiller til oss, seier Aase Aamland, fylkeslege i Agder. 

Dei har også sendt eit skriv til departementa tidlegare i år, der dei gav beskjed at dei ikkje er i stand til å nå resultatmåla for 2024. 

 Ole Enes Ebbesen / TV 2
MÅL: Statsforvaltaren i Agder har varsla om at dei ikkje klarar full måloppnåing i 2024, mellom anna på grunn av auka saksinngang og tilgjengelege ressursar. Foto: Ole Enes Ebbesen / TV 2

– Det er viktig for oss å få fram at vi sterkt beklagar situasjonen med lang saksbehandlingstid og auka restansar. Samstundes er vi aller mest uroa for at innbyggarane på Agder ikkje får sin rettstryggleik vareteke, står det i dokumentet. 

Vidare skriv dei: 

– Dagens situasjon er og ei kjelde til stor slitasje i Helse- og sosialavdelinga, og verkar negativt inn på vårt omdømme. 

Vurderer brevet

TV 2 har sendt fleire spørsmål til Helse- og omsorgsdepartementet, Barne- og familiedepartementet og Digitalisering- og forvaltningsdepartementet om korleis dei vurderer situasjonen og kva dei vil gjere for å sikre at innbyggjarane sine rettar er varetatt. 

I ein e-post svarar HOD og BFD at dei no vurderer brevet som Statsforvaltaren i Vestland sende i juli. 

– Når det gjeld ressurssituasjonen i statsforvaltarane, må dette vurderast i dei ordinære budsjettprosessane, skriv dei i ein felles utsegn.

 Kristin Grønning / TV 2
VURDERER: Departementa seier dei held på å vurdere brevet som Statsforvaltaren i Vestland sende i juli. Foto: Kristin Grønning / TV 2

Dei opplyser samstundes at det er av avgjerande betydning for regjeringa at det er nok ressursar til dei mest sårbare gruppene i samfunnet. 

Dei skriv at Statsforvaltarane har eit viktig oppdrag med tilsyn og oppfølging på barnevernsfeltet, og er viktige for barn si rettstryggleik i tenestene.

– Ikkje nok 

Sidan Statsforvaltaren i Vestland sende brevet, har dei fått signal frå Digitaliserings- og forvaltningsdepartementet at dei vil få ei tilleggsløyving på om lag 5 millionar kroner. 

 Fride Sørensen / TV 2
FLYTTA: Statsforvaltaren i Vestland flytta inn i nye lokaler i fjor vinter. Foto: Fride Sørensen / TV 2

Assisterande statsforvaltar i Vestland, Gunnar O. Hæreid, forklarar at desse pengane skal dekke inn for kostnadar knytt til at dei flytta inn i nye lokale i fjor, slik at dei kan starte 2025 utan å måtte dekke inn underskotet. 

– Men den årlege faste tildelinga på nokre område, som helse og barnevern, er likevel ikkje nok til å dekkje oppgåvene på områda. Dette har vore slik over tid og er godt kjend, seier han. 

Read Entire Article