Skuldar idrettstopp for kortslutning etter privatfly-reise: – Held på ingen måte

4 hours ago 3



Juni, 2024: På ein bitte liten flyplass, berre ein spasertur frå Reykjavík sentrum, landar eit privatfly av typen Bombardier Global 6000. Flyet har ein minstepris, ifølge Guardianjet, på rundt 20 millionar dollar, godt over 200 millionar kroner. Ut av flyet som har reist frå sørlege Frankrike, kjem Johan Eliasch, president i det internasjonale skiforbundet (FIS), gåande saman med ein annan person.

Eliasch har gjentatt viktigheita av berekraftsarbeid i ei lang rekke taler mens han har vore FIS-president. Ei rekke leiande personar i internasjonal skisport har til NRK fortalt at Eliasch – som no stiller til val som IOC-president – reiser jorda rundt i privatfly.

Derfor er NRK til stades på flyplassen for å sjå om det stemmer.

Eit par dagar seinare går Eliasch på talarstolen på FIS-kongressen. Der viser han ein video med talen sin til ski-leiarane i verda.

– La oss starte med det viktigaste: Som forvaltarar av snøsporten har vi eit stort ansvar. Ikkje berre for dei som er ein del av ski og snøbrett, men også for planeten, seier Eliasch i videoen, før han legg til:

– Å berre snakke om det ansvaret er billig. Det som betyr noko er handling.

Men miljøstiftinga Zero er ikkje imponert over handlingane til Eliasch.

– Det er ei kortslutning. Privatfly er ein av dei første tinga vi må slutte med. Om vi skal ha ein skiidrett også for neste generasjon, så må leiarane i skiforbundet gå føre, seier dagleg leiar i Zero, Stig Schjølset.

Meiner han kompenserer for reisene

Denne veka stiller Eliasch til val som president i den internasjonale olympiske komiteen (IOC). I valkampen har han, som mange av dei andre kandidatane, snakka varmt om klimaengasjementet sitt. Eliasch går meir eller mindre til val på ein meir berekraftig idrett.

– Vi vil ta engasjementet for berekraft til neste nivå med ei tilnærming som er uforskamma modig og basert på det siste innan forsking, skriv Johan Eliasch i valprogrammet sitt.

Samtidig flyg svensk-briten rundt i fleire privatfly. Til VM i Trondheim kom Eliasch ifølge Dagbladet flygande frå Stockholm i dette privatflyet.

Ifølge Dagbladet satt Johan Eliasch i dette privatflyet som landet i Trondheim før ski-VM.

PRIVATFLY: Dette privatflyet landa på Værnes berre timar før opninga av ski-VM.

Foto: Christian August Cederblad / Dagbladet

Då NRK spør Eliasch om det ikkje er ei sjølvmotseiing å reise så ofte med privatfly, svarer han følgande:

– For det første: Av og til er reiseplanar berre mogleg med privatfly fordi du ikkje kan vere på to stader samtidig, seier Eliasch til NRK.

– For det andre: Eg er ein person som snakkar om avtrykk. Eg veit at ein må vere klar over sitt eige utslepp, men eg lever etter prinsippet om at eg alltid skal kompensere for meir enn eg slepp ut. Om eg slepp ut meir, betyr det at eg må kompensere meir, så det har ein positiv balanse. Eg snakkar ikkje om dobbelt så mykje, vi snakkar om meir enn ti gonger i mitt tilfelle.

Stig Schjølset

DAGLEG LEIAR: Stig Schjølset i Zero.

Foto: Heiko Junge / NTB

Den argumentasjonen kjøper ikkje Schjølset i Zero. Han meiner argumentet rett og slett ikkje heng på greip og kallar det ei kortslutning.

– Det er ei kortslutning fordi det er to heilt ulike ting. Vi må både bevare regnskogen og samtidig kutte utsleppa. Dei to tinga er ulike og må skiljast. Det at du bevarer regnskog betyr ikkje at du kan fly rundt i privatfly, seier Schjølset.

– Ifølge Eliasch så kompenserer han for ti gonger meir enn han bruker. Er ikkje det bra?

– Eg tenker at det held på ingen måte. Fordi du kan ikkje kompensere på den måten. Du kjem ikkje til null til slutt og det er det vi må. Vi må både binde karbon, bevare regnskog og sørge for at vi tar vare på den viktige delen av naturen. Samtidig må vi faktisk kutte alle utsleppa til null. Det å fly privatfly, er faktisk ein av tinga vi må slutte med.

Sidan Eliasch blei vald som FIS-president, har det internasjonale skiforbundet gjort fleire tiltak for å bli meir berekraftig. Blant anna har dei begynt å donere pengar til regnskogfondet Cool Earth, eit selskap Eliasch sjølv starta opp. I haust la dei for første gong fram sin eigen klimarekneskap. Då NRK i haust spurde FIS om privatfly-reisene til Eliasch, var svaret at FIS ikkje hadde noko med reisene til presidenten å gjere.

– Alle tapar pengar

Privatfly-reisene er ikkje det einaste som gjer Eliasch kontroversiell i ski-verda.

Den viktigaste endringa Eliasch skulle gjere etter å ha blitt vald sommaren 2022, var å sentralisere marknadsinntektene til FIS.

Dei nasjonale forbunda var ikkje nødvendigvis mot ideen, men dei opplevde ikkje å bli lytta til.

Hausten 2022 danna åtte store skinasjonar, inkludert Noreg, Snowflake-alliansen for å verne interessene sine.

Desse nasjonane arrangerer 80 prosent av verdscupkonkurransane i alpint og nordiske greiner, FIS sine største produkt, og dei produserer majoriteten av stjernene i sporten.

Samtidig slit fleire store skinasjonar økonomisk, som Noreg, Finland og Sverige.

– Alle tapar pengar når det trengst advokatar til kvart einaste møte. Situasjonen er idiotisk for alle som jobbar med sporten, sa tidlegare FIS-direktør Jürg Capol, til NRK i april.

INTERVJU: NRKs intervju med Johan Eliasch da konflikten i FIS stod på som verst.

Heilomvending

Gjennom heile 2024 auka presset mot Eliasch. Det verka umogleg å finne ei løysing på dei store prestisjeprosjekta hans.

Men i midten av september skjedde det noko. Samstundes som Johan Eliasch lanserte sitt kandidatur til å bli IOC-president endra tonen seg i møta mellom FIS og Snowflake, seier ein sentral kjelde til NRK.

Evna til å verke konfliktløysande er viktig i ein stor organisasjon som IOC, som har så stor makt i den internasjonale idretten.

Plutseleg var dialogen mykje betre, og framdrifta i forhandlingane gjekk raskt.

Det gjekk berre tre månader frå han lanserte sitt IOC-kandidatur før avtalen med dei nasjonale forbunda var signert. Då var alle land, med unntak av Austerrike, med på den sentraliserte avtalen. I pressemeldinga frå rett før jul skryter Eliasch av diskusjonane med Snowflake.

– Dette er sånn viktige avgjerder blir tatt: Kollektivt og med fokus på ei positiv framtid for idretten og utøvarane, seier Eliasch.

Når IOC no er samla på eit luksushotell sørvest i Hellas, fire og ein halv time å køyre frå Athen, kan altså Eliasch bli valt som arvtakaren til Thomas Bach.

Blant kandidatane har vi Eliasch, ein prins frå Jordan, ein minister frå Zimbabwe og sonen til tidlegare IOC-president, Juan Antonio Samaranch.

Valet er torsdag 20. mars.

Publisert 19.03.2025, kl. 16.32

Read Entire Article