Hundeallergikaren Anna køyrer sitt første Finnmarksløp: – Det blir dritbra

7 hours ago 3



Det er faktisk ganske sjukt å starte Finnmarksløp-karrieren med Europas lengste hundeløpsdistanse.

Køyrarane står cirka 100 timar på sleden i løpet av ei veke. Til samanlikning gjer syklistane i Tour de France det same, men fordelt på tre veker.

Difor byrjar ein vanlegvis med dei korte distansane på enten 600 kilometer eller juniorklassen på 200 kilometer.

For eksempel har 25 år gamle Hanna Lyrek både køyrt og vunne desse to, før ho prøvde seg på den lengste distansen, som er 1200 kilometer, i 2020.

Det har ikkje 33 år gamle Anna Lian gjort.

Her er det go big or go home.

– Eg har køyrt hund i halvtanna år. Eg har køyrt to kortare løp, og så har eg køyrt Gold Rush Run 2025. Det er det. Og nå får eg lov å gjere det her. Det er heilt sjukt, seier Lian.

Lian liker utfordringar og konkurranse, og når ho var så heldig å få denne sjansen, så måtte ho berre gripe han.

– Det er ein sånn sjanse ein berre får éin gong i livet. Med det teamet, dei hundane, og det vêret. Det blir dritbra.

Anna Lian kjører gjennom Alta sentrum med hundene og strekker ut hånden til publikum

Foto: Ulrik Widala Haug / NRK

Ultimate styrkeprøva

Å køyre Finnmarksløpet meiner ho er den ultimate styrkeprøva om ein driv med langdistanse hundekøyring.

– Mentale førebuingar har vi drive med sidan august. Så det blir lite søvn og lite mat, men masse fine opplevingar med hundane.

Spannet hennar beskriv ho som ei salig blanding. Nokre av hundane har sprunge 1200 kilometer med andre køyrarar før, og nokon har sitt første løp for sesongen.

– Alt i alt så er vi ein bra gjeng. Vi skal prøve å kose oss. Eg skal prøve å ta godt vare på dei, seier Lian.

Anna Lian masserer hundene sine på Varangerbotn FL1200

Under løpet høyrer Anna Lian ikkje på musikk, men på hundane sine.

Foto: Øyvind Nordahl Næss / NRK

I barndommen fekk Lian påvist hundeallergi, og må derfor ta allergimedisin kvar dag, ifølge lokalavisa Fjell-Lom.

Men det stoppar ikkje henne. Det gjer heller ikkje dårleg vêr.

– Vi driv med ein utandørsidrett, så vi må ta det vi får.

Mellom sjekkpunkta Neiden 2 og Varangerbotn blei ho og dei andre hundekøyrarane møtt med eit kraftig uvêr.

Anna Lian seier deltakarane i Finnmarkløpet hjelper kvarandre når vere blir dårleg.

Legger vekt på detaljane

For to år sidan hadde Lian fast jobb i ambulansetenesta i Rennebu og budde i heimbygda Ålen i Trøndelag.

Men ifølge Fjell-Lom så trong tremenningen hennar, hundekøyrar Annbjørg Bakken, ny handlar til hundeløp i 2023.

Då var det lett å søke permisjon frå jobben og svare ja. Finnmarksvidda freista, seier ho til avisa.

– Eg ville aldri valt eit anna liv. Mi største utfordring er å få andre til å forstå det, seier ho til avisa.

Under hennar første langdistanseløp meiner ho det er viktig å ha ein god kommunikasjon med teamet.

– Strategien er faktisk å legge vekt på detaljane. Og ha ein god kommunikasjon med teamet. Eg seier kva eg ser, og dei hjelper meg med erfaringa dei har. Og så må vi vere flinke til å ta vare på hundane og køyre etter det spannet ein har. Det trur eg er lurt, seier Lian.

– Høyrer du på noko når du står bak på sleden?

– Eg høyrer på hundane og det som skjer rundt. Eg er ikkje så glad i musikk på øyra. Det tar bort for mykje fokus, seier Lian.

Publisert 19.03.2025, kl. 18.35

Read Entire Article