I fleire tiår har Folgefonna vore treningsarena for verdas beste alpinistar. Men etter konkursen i vinter har det gått frå vondt til verre. Planar om å starte opp att i 2025 vart droppa allereie i juni.
No ligg skiheisen i ruin. Smeltevatn sluker skitrekket på Folgefonna.
Tysdag skreiv Hordaland Folkeblad at fleire master i det konkursråka skisenteret hadde knekt.
– Eg er overraska over kor fort det har gått, seier breforskar og professor Jostein Bakke ved Universitetet i Bergen til NRK.
I ti år har han visst om innsjøen som er komen til syne. Dette er berre starten, åtvarar han.
– Innsjøen kjem til å bli dobbelt så stor.
VIDEO: Casper Willumsen/Folgefonni breførarlag
– Starta som ein liten dam
Sidan sommarskisenteret har vore stengd denne sommaren, har det ikkje blitt køyrd ny snø til det utsette området nedst i trekket.
Tidlegare har skisenteret køyrt inn metervis med snø frå parkeringsplassen og dekt til med presenning for å bevara massane. Etter konkursen i vinter har dette stoppa heilt opp.
Dermed har den naturlege smeltinga fått gå sin gang.
– Allereie i mai såg me at det var hol i snøfronten. Det som no er ein innsjø starta som ein liten dam, og har gradvis vakse seg større og større, fortel Åsmund Bakke, dagleg leiar i Folgefonni Breførarlag,
Før
Etter
BEKYMRA: Breførarlaget har hatt stor aktivitet på breen i sommar, men den utrygge heisen har gjort at den første timen av breturane har gått på fjell, ikkje på bre, seier dagleg leiar Åsmund Bakke.
Foto: Folgefonni breførarlagGlad for at ingen blei skadd
Breførarlaget har i heile sommar vore nøydde til å leggja om ruta si.
– Me skal vera glade for at ingen fekk vaieren eller mastene i hovudet. Eg har sett folk stå rett under heisen i sommar, seier Bakke.
26. juli valde dei å ikkje kryssa under heisen i det heile.
– Me såg korleis det såg ut, og I år våga me ikkje ta sjansen, seier Bakke om heisen, som er forankra direkte i isbreen. Både i 2011 og 2018 rasa deler av heisen. Då blei han bygd opp att.
Det er det ingenting som tyder på no.
Anlegget er gamalt og det er knapt reservedelar å oppdriva. Ein ny heis er tidlegare estimert til 30-40 millionar kroner.
For breførarlaget er det no heilt avgjerande at noko skjer raskt.
– Det viktige vidare er å sikra og fjerna heisen. No står ein havarert konkursheis og sperrar tilkomsten til breen og nasjonalparken. Slik kan me ikkje ha det.
REDNINGSOPERASJON: Tidlegare topputøvar Bjørnar Neteland var blant initiativtakarane til å berga sommarskisenteret. No ser det mørkt ut for framtidig satsing på isbreen.
Foto: PrivatKonkursbu skriv frå seg ansvaret
Etter at Visit Fonna As blei slått konkurs hausten 2024, har fleire intiaitivtakarar jobba for å skaffa kapital og vilje for å sikra framtidig skiaktivitet på Folgefonna.
Tidlegare noregsmeister og VM-utøvar i alpin, Bjørnar Neteland, har involvert seg tungt. Eitt av hovudmåla for denne sommaren var å sikra heisanlegget. No må han konstatera at det ser bekmørkt ut for vidare drift.
Kontrakten som det ideelle selskapet Fonna Snow hadde med konkursbuet blei avslutta 13. august, opplyser han.
– Det er både trist og brutalt at det endar sånn. Det er diverre som fagfolka har åtvara mot.
Advokat Marit Gjerde i advokatfirmaet Respons opplyser at tidlegare bustyrar har «abandonert» eigedelane i buet. Det betyr at konkursbuet har skrive frå seg ansvaret.
Heisen blir då formelt ført tilbake til det konkursråka selskapet Visitfonna.
NRK har vore i kontakt med styreleiar Lars Christian Stugaard. Han har ikkje har svart på våre spørsmål om korleis styret stiller seg til kollapsen eller framtida for restane av anlegget.
Rådmann Ole-Jørgen Jondahl i Ullensvang kommune fekk melding om kollapsen tysdag. Han opplyser til NRK at ansvarsområdet ikkje er drøfta og avklart per no.
– Denne delen av anlegget er ikkje kommunen sitt eige.
Dermed er det ingen som vedkjenner seg ansvar for anlegget.
– Skammeleg
Professor Jostein Bakke ved Institutt for geovitskap på Universitetet i Bergen meiner utviklinga på Folgefonna både er dramatisk og urovekkjande.
Bakke var med å starta Folgefonni Breførarlag i 1994, der broren Åsmund i dag er dagleg leiar. Sjølv er han styreleiar.
– Eg har gått der oppe sidan eg var liten. Det er nesten skammeleg å sjå korleis det ser ut no, med svære gjerde og avfall etter 30 år med drift som ikkje er rydda opp i, seier han, og lukkar døra hardt igjen for dei som håpar på nye skitrekk på isbreen.
BREFORSKAR: Jostein Bakke kjenner Folgefonna betre enn dei fleste etter tiår med forsking og feltarbeid. Han er overraska over kor fort det har gått med innsjøen som no omringar skitrekket.
Foto: Oddgeir Øystese / NRKSkianlegget ligg i randsona av nasjonalparken, som legg føringar på kor langt opp på sjølve breen det er lov å bygga ny heistrasé. Bretunga, som den havarerte skiheisen kviler på, er i ferd med å dela seg i to. Når det skjer, stansar all tilvekst av ny is.
Dermed er det få alternativ, meiner Bakke.
– Etter det eg veit er det ikkje vanleg å ha eit skisenter over ein innsjø. Du skal vera ganske entusiastisk or å setja i gang med noko sånt.
Publisert 04.09.2025, kl. 10.46